Skarbø Gard får Bedriftsutviklingsprisen i landbruket Møre og Romsdal
3.11.2022 17:52:52 CET | Innovasjon Norge | Pressemelding
Bakgrunn
Kristine Skarbø overtok garden i Stranda i desember 2013. Ho driv garden saman med mannen Carlos. Dei driv med mjølkeproduksjon på storfe. I 2017 selde dei den første eigenproduserte osten. I 2018 selde dei første parti med eplesider.
Skarbø er eit vanleg vestlandsbruk med utfordringar både på storleik, arrondering og bratt terreng. Kristine og Carlos har klart å skape eit livskraftig bruk ved å få fleire «føter å stå på». Naturen rundt bruket er ein viktig del av heile konseptet, både for presentasjon av produkta og for smak på ost og sider. Etter kvart er gardssalget blitt viktig, og dei ønskjer også å ta imot fleire grupper heime på bruket og såleis gå inn litt på reiselivssegmentet. Alt er basert på lokale ressursar og eit lågast mogeleg klima-avtrykk.
Bedriftsutviklingsprisen i landbruket blir delt ut av Innovasjon Noreg kvart år og skal gå til ei vellukka bedrift eller næring som tek utgangspunkt i bygdene og landbruket sine ressurser. Dei fylkesvise vinnarane mottar 50 000 kroner kvar, og kjemper om den nasjonale prisen og prispengene på 250 000 kroner
Grunngjeving
Prisvinnarane har gjennom mange år arbeidd hardt og målbevisst for å kome dit dei er i dag. I dag er produkta frå Skarbø Gard kjende over det meste av landet. Og med Kristine og Carlos sine internasjonale bakgrunnar er ikkje landegrensene noko hinder. Turistane finn no fram til Skarbø Gard for å smake på produkta og for å kjøpe med seg ost og sider.
-Kristine og Carlos har med sitt målbevisste arbeid, sin fagkunnskap og si opne og inkluderande framferd gjort Skarbø Gard til ein merkevare som blir lagt merke til. Og vi trur at vi berre har sett starten av eventyret, seier Bjarne Øygard i Innovasjon Norge.
Fakta om bedriftsutviklingsprisen i landbruket:
- Innovasjon Noreg deler kvart år ut bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet.
- Det er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdene og landbruket sine ressurser.
- Det blir kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner.
- Dei fylkesvise vinnarane deltek så i den nasjonale konkurransen om 250 000 kroner.
- Den nasjonale prisen vil bli delt ut under InternationaleGrüne Woche i Berlin i januar 2023.
Kontakter
Anders VinnoggKommunikasjonsrådgiverInnovasjon Norge
Tel:93 669 204anders.vinnogg@innovasjonnorge.noBilder
Lenker
Om Innovasjon Norge
Vi bidrar til nyskaping i næringslivet, bærekraftig vekst og eksport for konkurransedyktige norske bedrifter, og utvikling i distriktene. Vi profilerer norsk næringsliv og Norge som reisemål.
Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Innovasjon Noreg får to nye styremedlemmar19.5.2026 12:54:42 CEST | Pressemelding
Tidlegare næringsminister Monica Mæland og konsernsjef i Sparebanken Norge, Jan Erik Kjerpeseth, er valde inn i styret i Innovasjon Noreg.
Innovasjonstalen 2026: Innovasjon er beredskap12.5.2026 13:45:00 CEST | Pressemelding
Næringslivets rolle og betydningen av innovasjon for beredskap var temaet da Innovasjonstalen gikk av stabelen i Bodø tirsdag 12. mai.
Ny ordning for å få flere kongresser til Norge4.5.2026 13:30:00 CEST | Pressemelding
Innovasjon Norge lanserer nå en ny tilskuddsordning for å hjelpe norske fagmiljøer i konkurransen om å arrangere internasjonale kongresser i Norge.
På lag med næringslivet i 202517.4.2026 14:00:00 CEST | Pressemelding
Innovasjon Norge med nesten ti milliarder i finansieringer i 2025.
Norge selges til verden i Lofoten – Bergen blir neste15.4.2026 18:06:51 CEST | Pressemelding
Mens over 800 deltakere fra 32 land møtes i Lofoten for å selge Norge som reisemål under Norwegian Travel Workshop (NTW), er det nå klart at Bergen blir vertskap for arrangementet neste år.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
