Desse studentane vart valde inn i høgskulestyret

Dette vert klart etter at valstyret godkjente valresultatet 10. oktober.
Dermed helder dei to representantane fram plassane sine i høgskulestyret frå fjoråret.
Irmelin Losvik (24) frå Bjerkvik utanfor Narvik, går femte året på Master i grunnskulelærarutdanning 1.-7. klasse og sa følgande før valet om kvifor studentane skulle stemme på ho:
– Om eg blir vald til høgskulestyret vil eg jobbe for å vere studentanes røyst inn i sakane. Eg har sete i høgskulestyret i ein periode, og har god erfaring frå anna Studentparlamentet og Studentsamskipnaden i Volda, så eg kjennar språket og er ikkje redd for å stå opp for studentanes beste! Eg skal jobbe for at alle får eit bra studieliv, både kvaliteten på studia og dei sosiale møteplassane!
Eg er motivert og kompetent til å framstille studentmassen på ein god måte. Eg gleder meg til å vere deira talerøyr.
For Irmelin var Volda eit naturleg val for ei bygdejente frå nord. Ho seier ho alltid har vart engasjert i eit fellesskap for alle og har jobba med elev- og studentdemokrati sida barneskulen.
– Velferd og psykisk helse er noko eg sette høgt! Så eg gleder meg veldig til å halde fram med å kjempe for studentanes trivsel og ein heilskapleg god studietid i Volda, seier ho.
Mats Ekeberg (36) frå Fusa i Vestland. Bur og drivar småbruk på Larsnes, går femte året på Master i grunnskulelærarutdanning 5.-10. klasse og sa følgande før valet om kvifor studentane skulle stemme på han:
– Om eg blir vald til høgskulestyret vil eg helde fram å jobbe imot undervisingsmetoden med lengre forelesingar og sikre meir studentaktiv undervising. Eg vil i tillegg ha eit sterkt fokus på studentvelferd.
– Å gjere ein god jobb i eit høgskulestyre krev erfaring. Eg satt i høgskulestyret dette året, og var vara året før. Desse åra har eg lært mykje. Samstundes er eg med i utval og arbeidsgrupper for utvikling av høgskulen, har erfaring som student frå fleire utdanningsinstitusjonar og har seks års erfaring med bedriftsleiing. Stem meg inn igjen så eg kan fortsette arbeidet for studentars rettar og best mogleg studentmiljø.
Mats har bakgrunn som restaurantdrivar i Bergen der dei serverte peruansk mat. Han har tidlegare studert sosialantropologi. I ein alder av 32 år bestemde han seg å kjøpe eit småbruk på Larsenes saman med kona, og dei studerar no begge til å bli lærar.
– Vi trivst godt her på Sunnmøre. Vi har fleire dyr på garden og i dag skal eg hente ein ver! Han seier at det er ein god erfaring å sitje i høgskulestyret og ser spesielt fram til det ekstraordinære styremøtet med saka om NOKUT-søknaden for ny PhD-utdanning for lærarar.
Kontakter
Kommunikasjonskontoret
Tel:+47 70 07 50 00kommunikasjon@hivolda.noBilder
Om Høgskulen i Volda
Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.
Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
Heidrar brørne Amdam med festskrift15.5.2025 09:00:15 CEST | Pressemelding
HVO-professorane Roar Amdam og Jørgen Amdam står som bautaer i norsk planleggingspraksis dei siste femti åra. No vil fagmiljøet gjere stas på pionerane i Volda med eit stort heidersskrift.
Doktordisputas: Erlend Walseth14.2.2025 12:08:45 CET | Pressemelding
28. februar skal Erlend Walseth forsvare avhandlinga si for doktorgraden i helse- og sosialfag på Høgskulen i Volda.
Forskar for mindre synsing om digitale verktøy i skulen1.11.2024 09:55:42 CET | Pressemelding
Korleis påverkar skriving på tastatur når seksåringar skal skrive sine første tekstar? Ein ny studie frå Volda-forskarar blir lesen med stor interesse over heile verda.
Doktordisputas: Kirsti Kverndokk Bjerkan11.9.2024 12:50:35 CEST | Pressemelding
Måndag 23. september skal Kirsti Kverndokk Bjerkan forsvare avhandlinga si for doktorgraden i helse- og sosialfag på Høgskulen i Volda.
Tanken bak ei nyheitssak15.8.2024 08:37:04 CEST | Pressemelding
Kva er ei god sak for ein nyheitsredaksjon? Ei fersk bok frå journalistikkmiljøet ved Høgskulen i Volda zoomar inn på kvardagen i store norske mediehus.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom