Høgskulen i Volda

Høgskulen jaktar ny rektor

Del
– Vi håper på mange, gode kandidatar! Det seier medlemane i leitekomiteen, som er på jakt etter personar som vil stille til val som rektor ved Høgskulen i Volda (HVO).
Høgskulen i Volda skal velje nytt rekorat. Foto: HVO/Karl August Swanstrøm
Høgskulen i Volda skal velje nytt rekorat. Foto: HVO/Karl August Swanstrøm

Høgskulestyret gjorde vedtak i juni om å halde fram ordninga med vald rektor og tilsett høgskuledirektør. Det er no sett saman ein leitekomité for å finne nytt rektorat til høgskulen, då Johann Roppen har sete som rektor i to periodar og ikkje kan veljast på nytt.

Desse sit i leitekomiteen: Trond Fredrik Hagemann Hoddevik, Silje Klepp, Erling Sivertsen, Ellen Strøm Synnevåg, Bjørnar Sæterås, Wenche Torrisen og Wenche Kjerstad (ekstern representant).

Johann Roppen har skrive innlegg om kva han gjer som rektor - les blogginnlegget her

Kven som helst kan bli rektor

Fagleg tilsette, administrativt tilsette, og studentar – eller nokon som ikkje har tilknytting til HVO i det heile kan veljast som rektor.

Rektor får sitt mandat frå høgskulestyret og er styreleiar. Han er øvste leiar for høgskulen si faglege verksemd i samsvar med rammer og pålegg som høgskulestyret har vedtatt. Den som blir rektor må ha evne til å formidle faglege verdiar og visjonar og setje tydelege mål for den faglege utviklinga ved høgskulen.

Rektor har tett samarbeid med høgskuledirektøren som har øvste ansvar for alle administatrivt tilhøve, økonomiforvaltning og personalansvar. Høgskuledirektøren er sekretær for styret.

På HVO er rektoratet representert og leiar for Forskingsutvalet, Utdanningsutvalet, Tilsetjingsutvalet for faglege tilsette og ein del andre styre, råd og utval.

I sum utgjer rektoratet den fagleg styringa av høgskulen.

Her kan du lese om høgskulens strategi og planar

Valprosessen

Nominasjon - kven kan nominere?

Frå 3. oktober fram til 26. oktober går nominasjonsprosessen føre seg. Alle som har stemmerett har rett til å setje fram forslag til ein kandidat til rektorvervet. I praksis vil dette seie studentar og tilsette ved HVO, og for å vere trygg på at du har stemmerett/ nominasjonsrett kan du sjekke manntalet som ligg på Studentsørvis. Eit forslag på kandidat til rektorvervet må vere signert av minst fem personar med stemmerett for å vere gyldig. Det kan vere maksimalt sju personar som signerer på eit forslag på kandidat til rektorvalet. Ingen kan skrive under på meir enn eitt forslag. Eit forslag skal berre ha namn på ein kandidat til rektorvervet.

Kven kan nominerast?

Både tilsette ved Høgskulen i Volda og eksterne kandidatar kan veljast som rektor. Jamfør Universitets og høyskoleloven §10-2 punkt 1. Hugs at:

  • Interne kandidatar (tilsette ved HVO) må vere spurt på førehand, men treng ikkje gje sitt samtykke til nominasjon. 
  • Eksterne kandidatar (ikkje tilsette ved HVO) må vere spurt på førehand, og må gje sitt samtykke. Skriftleg samtykke frå vedkomande må leggast ved nominasjonen

Korleis nominere?

Fyll ut og signer vedlagte nominasjonssetel saman med minst fire andre personar og send den som vedlegg til valstyret@hivolda.no seinast 26. oktober. 

Tidsplan over valprosessen finn du her

Kontakter

Bilder

Høgskulen i Volda skal velje nytt rekorat. Foto: HVO/Karl August Swanstrøm
Høgskulen i Volda skal velje nytt rekorat. Foto: HVO/Karl August Swanstrøm
Last ned bilde

Om Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda
Postboks 500
6101 Volda

7007 5000https://www.hivolda.no/

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye