Nærings- og fiskeridepartementet

Statsbudsjettet 2023: Foreslår å avslutte samlokaliseringa av Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet

Del
Regjeringa foreslår at prosjektet for samlokalisering av Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet i Bergen avsluttast. Det skal vurderast nærare korleis ein kan ivareta dei bygningsmessige behova til Havforskingsinstituttet. Behovet for nye lokalitetar i Bergen vil inngå i vurderinga.

Budsjettet for 2023 satsar på tryggleik og rettferdig fordeling og det betyr tøffe prioriteringar. Regjeringa foreslår at det blir sett av 20 millionar kroner til å utgreie korleis dei bygningsmessige behova til Havforskingsinstituttet skal ivaretakast.

– Handlingsrommet i budsjetta blir mindre, og det viktigaste no er å sørgje for trygg økonomisk styring. Vi må derfor prioritere strengt kva for investeringar som skal gjerast. Vi skal no vurdere nærare korleis vi kan ivareta Havforskingsinstituttet sine behov i Bergen, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Regjeringa varsla i samband med revidert nasjonalbudsjett 2022 ein gjennomgang av planane for byggjeprosjekt i statleg sivil sektor. Målet var å redusere kostnadene til slike prosjekt, få betre kostnadskontroll og unngå ytterlegare press i norsk økonomi. På bakgrunn av dette foreslår regjeringa i statsbudsjettet for 2023 å avslutte samlokaliseringa av Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet.

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye