Nærings- og fiskeridepartementet

Tilskot til kystrekeflåten i 2026

Del

Nærings- og fiskeridepartementet har fastsett forskrift for mellombels tilskot til drivstoff for kystrekeflåten i 2026. Satsen for tilskotet er sett til 3,50 kroner per liter drivstoff frå årets start.

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss Foto: Sofie Dege Dimmen/NFD

– I tråd med budsjettforliket vidarefører vi tilskotet til kystrekeflåten i 2026. Dette vil bidra til å oppretthalde aktiviteten og lette dei økonomiske utfordringane i denne flåtegruppa, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Stortinget har i budsjettet for 2026 løyvt 23 200 000 kroner til tilskotet. Tilskotet blir fastsett i forskrift av Nærings- og fiskeridepartementet, og departementet vil følgje utviklinga og gjere nødvendige justeringar dersom situasjonen tilseier det. 

Ordninga gjeld for kystrekeflåten i heile landet, og blir administrert av Garantikassen for fiskarar. Søknader kan sendast frå og med februar.

Nøkkelord

Kontakter

Om oss

Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på LinkedIn og Flickr, og regjeringa på X/Twitter og Facebook 

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye