Lanserer ny og betre nettside for nynorske bøker

Nynorskbok.no er eit tilbod frå Nynorsksenteret. Mange lærarar og barnehagelærarar spør om tips til gode, nye nynorskbøker dei kan bruke og tilrå. Vaksne kan hjelpe barn og unge med å finne gode bøker gjennom nye Nynorskbok, der det finst omtalar av rundt 1000 bøker.
– Målet med oppgraderinga er å gjere vegen kortare til å sjå det utvalet som finst, seier Arild Torvund Olsen ved Nynorsksenteret.
Oversikt over nye bøker
På framsida til nynorskbok.no skal du raskt få oversikt over kva nye bøker som har kome ut for ulike aldersgrupper. Bøkene er delte inn i fire hovudkategoriar: Barnehage (0–6 år), barneskule (6–12 år), ungdomsskule (12–16 år) og unge vaksne (16 år og oppover). Det finst bøker i ulike kategoriar – alt ifrå krim til biletbøker.
Når du har valt ein kategori, skal du få opp fleire tips til bøker som passar for aldersgruppa du har valt. Målet med nynorskbok.no er å gjere det lettare for alle å finne fram til gode nynorskbøker. Dette er spesielt viktig for dei som arbeider i barnehagar, skular og bibliotek. På nettsida finn du også boklister, podkastar med forfattarintervju og bøker med undervisningsopplegg.
Kvifor nynorske bøker?
For å verte ein god nynorskskrivar må ein lese mykje på nynorsk. Det gjeld både elevar med nynorsk som hovudmål og elevar med nynorsk som sidemål.
– Vi meiner det er viktig at barn og unge les nynorske bøker, både fordi bøkene er svært gode, og fordi lesarane treng nynorsk mengdetrening, seier Arild Torvund Olsen.
Lærarar kan arbeide så mykje dei vil med grammatikk i klasserommet, men om ikkje elevane får nok mengdetrening, får dei aldri språket under huda. Gode bøker på nynorsk er rett og slett ein god måte å gje elevane den mengdetreninga dei treng og fortener.
– Å lese nynorske bøker gjev ein ekstra gevinst til lesarane, ved at dei – i tillegg til livsmeistring og underhaldning – får både kvalitet og språkmeistring med på kjøpet, seier han.
Bilder
Om Høgskulen i Volda
Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.
Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
Seminar om kunstig intelligens7.11.2023 09:41:31 CET | Presseinvitasjon
Høgskulen i Volda tek initiativ til eit dykk inn i temaet kunstig intelligens (KI), og har invitert folk frå fylkeskommunen, kommunane, privat næringsliv, frivillige organisasjonar, studentar og andre som er interesserte i KI til eit gratis KI-seminar torsdag 9. november.
Doktordisputas: Elisabeth Busengdal30.10.2023 12:59:49 CET | Presseinvitasjon
Fredag 24. november skal Elisabeth Busengdal forsvare avhandlinga si for doktorgraden i helse- og sosialfag på Høgskulen i Volda.
Nasjonalbiblioteket under lupa i ny bok28.9.2023 06:03:00 CEST | Pressemelding
Kva driv eigentleg Nasjonalbiblioteket med når dei får digitalisere heile kulturarven vår? Dette og meir granskar professor Henrik G. Bastiansen i ei ny bok etter fem års forsking.
Doktordisputas: Eli-Karin Sjåstad Åsebø27.9.2023 11:15:34 CEST | Presseinvitasjon
Fredag 6. oktober skal Eli-Karin Sjåstad Åsebø forsvare doktorgradsavhandlinga si i helse- og sosialfag på Høgskulen i Volda.
Japanske forskarar til Volda for å lære6.9.2023 14:16:13 CEST | Pressemelding
Mange forbind nok Japan med eit høgteknologisk samfunn. Men då ei gruppe japanske forskarar ville lære meir om skriveopplæring med nettbrett, la dei turen til Høgskulen i Volda.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom