Dette arbeidet skal gjerast på Stordabrua og Bømlabrua
1.9.2022 08:15:02 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding

Hengebruer i kystnære strøk er særleg utsette for skadar grunna fukt og sjøvatn. Bruene skal difor ha eit avfuktingsanlegg for berekablar.
Kva skal gjerast - og når?
Dette har mangla på begge bruene, og må koma på plass for at det ikkje over tid skal kunna oppstå skadar som kan gå ut over bruenes bereevne.
Heilt konkret skal Statens vegvesen avfukta berekablane, samt gjera noko overflatebehandling av berekablar og hengestenger på Stordabrua. Vestland fylkeskommune gjer det same på Bømlabrua.
Statens vegvesen gjer naudsynte førebuingar i løpet av hausten, startar på arbeidet våren 2023 og er ferdige hausten same år. Vestland fylkeskommune startar på Bømlabrua våren 2024, og er ferdige i september same år.
To har levert tilbod
To firma har levert tilbod på arbeidet:
| Tilbydar | Tilbodssum ekskl. mva: |
| Ommen AS | 227.803.348,00 |
| Consvolvo AS | 239.757.301,00 |
– Fellesprosjekt er meir effektivt
– Vi har lyst ut arbeidet som eit fellesprosjekt fordi vi då kan løysa arbeidsoppgåvene meir effektivt. Bruene ligg nære kvarandre, noko som gjer det mogleg å bruka same spesialutstyr på begge bruene, seier prosjektleiarane Trond Ingve Mølstre (Statens vegvesen) og Kristoffer Hove (Vestland fylkeskommune).
Statens vegvesen har ansvar for og tek kostnaden for Stordabrua, og Vestland fylkeskommune for Bømlabrua.
Begge bruene er bygde i år 2000. Stordabrua 1078,5 meter lang, og Bømlabrua 999. Det gjer at det fell ein større andel på Statens vegvesen av totalkostnadane.
No skal vi gå gjennom tilboda for å kontrollera kvalifikasjonskrav og kontrollrekna, før vi tek sikte på å signera kontrakten så snart som mogleg, legg Mølstre og Hove til.
Brua kan bli stengd kort tid om nettene
– Arbeidet vil ikkje få store konsekvensar for trafikken, men det kan vera naudsynt at brua blir stengd i eit kort tidsrom mellom klokka 22.00 og 05.30 når arbeidsplattforma og utstyr skal flyttast. Dette vil bli ytterlegare varsla når det er aktuelt, presiserer dei to prosjektleiarane.
I områdar der arbeidsplattforma kjem i konflikt med trafikkavviklinga blir eitt køyrefelt snevra inn. Trafikken blir avvikla med både med lysregulering og manuell dirigering.
Kvifor er bruvedlikehald viktig?
Bruer og brukonstruksjonar blir tærte av tidas tann. Ver og vind, salt sjøsprøyt og temperaturforandringar kan gi rust- og forskjellige type slitasjeskadar både på fundament, rekkverk, bruplate, brutårn og stag.
– Vedlikehald av bruer handlar om å ta vare på det vi har, til beste for både trafikantane og miljøet. Drift er å halda vegen open i dag, vedlikehald er å syta for at vi klarer det i morgon, slik at vi kan utføra vårt samfunnsoppdrag med å gje trafikantane eit trygt og føreseieleg framkomeleg transportsystem også i framtida, avsluttar prosjektleiarane Trond Ingve Mølstre i Statens vegvesen og Kristoffer Hove i Vestland fylkeskommune.
Nøkkelord
Kontakter
Trond Ingve MølstreProsjektleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:41501380trond-ingve.molstre@vegvesen.noKristoffer HoveProsjektleiarVestland fylkeskommune
Tel:911 16 125Kristoffer.Hove@vlfk.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder





Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Rv. 9 nord for Vennesla åpner i morgen19.3.2026 14:55:48 CET | Pressemelding
I morgen, fredag 20. mars kl. 14 er det slutt på omkjøring via Vennesla sentrum for reisende langs rv. 9. Forbi anleggsstedet ved Hornskilen blir det enveiskjøring og lysregulering.
E6 i Rosten er åpen igjen etter et steinskred i går kveld19.3.2026 12:43:42 CET | Pressemelding
E6 i Rosten sør for Dombås er åpen for trafikk igjen etter at et nytt steinskred traff vegen seint onsdag kveld. Statens vegvesen har sprengt bort steinen og ryddet E6.
Økt trafikksikkerhet på E18 ved Songe – starter strekningsmåling19.3.2026 07:27:03 CET | Pressemelding
Fredag 20. mars kl.11 åpnes automatisk gjennomsnittsfartsmåling av fart på E18 gjennom Songe. Målet er færre ulykker og økt trygghet for alle som ferdes på strekningen.
Mandag 23. mars: Militære kolonner fra Åndalsnes til Rena18.3.2026 16:53:25 CET | Pressemelding
Øvelsen Cold Response 2026 er nå avsluttet. Søndag 23. mars fra kl. 08.00 og gjennom dagen blir det militære kolonner på E39 og E6 mellom Åndalsnes og Rena.
Søndag 22. mars: Militære kolonner fra Orkanger til Værnes18.3.2026 16:42:09 CET | Pressemelding
NATO-øvelsen Cold Response 2026 er nå avsluttet. Lørdag 22. mars fra kl. 08.00 og gjennom dagen blir det militære kolonner på E39 og E6 mellom Orkanger og Værnes.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
