Norsk Tipping varslar redusert reklametrykk
19.8.2022 07:00:00 CEST | Medietilsynet | Aktuelt

Marknaden for pengespelreklame på norske tv-skjermar held fram med å falle, og sank med fire prosent første halvår i år frå same periode i 2021. Tala, som er utarbeidd av Nielsen Media Research for Medietilsynet, vart framlagte under Arendalsuka. Der arrangerte Medietilsynet og Lotteritilsynet eit seminar om tv-reklame for pengespel.
Gjennomført tilsyn med Discovery
Måndag tok også Discovery Medietilsynets pålegg til distributørane om å fjerne reklame for utanlandske pengespel, til følgje. Stansen er ifølge Discovery midlertidig, inntil dei nye reglane i kringkastingslova er rettsleg prøva.
Dei aktuelle Discovery-kanalane FEM, MAX, VOX og Eurosport Norge bleikontrollerte av Medietilsynet denne veka.
– Vi fant ingen brot, og den utanlandske reklamen ser ut til å vere fjerna. No ligg mykje til rette for at også dei lovlege aktørane bør kunne dempe marknadsføringa, sa Medietilsynets direktør, Mari Velsand, på arrangementet i Arendal.
Norsk Tipping lovar endring
Norsk Tipping er den største av dei lovlege aktørane. Dei lovar endring i deira marknadsføring på tv.
– No må vi sjå kva som er tilstrekkeleg for oss. Norsk Tipping kjem til å jobbe med tiltak som reduserer kor synlege dei meir aggressive spela er, der dei som slit med pengespel gjerne spelar, sa Tonje Sagstuen, kommunikasjonsdirektør i Norsk Tipping, på arrangementet i Arendal.
Les om dei siste tala utviklinga i pengespelmarknaden her.
Fakta om pengespelreklame som er forboden etter norsk lov
- Etter pengespellovgivinga, som Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar, er det forbode å marknadsførepengespel som ikkje har løyve i Noreg.
- Frå 1. januar 2021 kom det ein ny regel i kringkastingslova som gjer det mogleg for Medietilsynet å pålegge norske distributørar å hindre eller vanskeleggjere tilgangen til å marknadsføre pengespel som er i strid med norsk rett på tv og i audiovisuelle bestillingstenester.
- Medietilsynet kan berre gi pålegg om å hindre pengespelreklame dersom det er mogleg – avtalemessig eller teknisk – å hindre eller vanskeleggjere tilgangen til marknadsføringa, og dersom eit pålegg er tenleg.
- Medietilsynet påla tidlegare i vår tv-distributørane Telenor, Telia, Altibox, RiksTV og Allente å stoppe marknadsføringa av pengespela Unibet, Betsson, Nordicbet og Betsafe på Discoverys tv-kanalar FEM, MAX, VOX og Eurosport Norge.
- Discovery har mellombels stoppa sendingane sine av reklame og sponsoridentifikasjonar frå utanlandske pengespel frå 15. august etter vedtak i Medietilsynet. Discovery meiner Medietilsynets vedtak mot dei fem norske tv-distributørane strir mot EØS-retten, og har gått til sak mot staten ved Kultur- og likestillingsdepartementet. Reklamane og sponsoridentifikasjonane er stansa mellombels i påvente av utfallet av den komande rettssaka.
Nøkkelord
Kontakter
Pernille Husebydirektør avdeling for kommunikasjon og rådgivningMedietilsynet
Tel:+47 90 12 46 73pernille.huseby@medietilsynet.noBilder

Om Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Ny handlingsplan mot spilleproblemer: Medietilsynet styrker innsatsen mot problematisk dataspilling27.3.2026 17:43:20 CET | Pressemelding
Råd til foreldre og yrkesgrupper som jobber med barn og unge om hvordan problematisk dataspilling kan forebygges, er blant Medietilsynets tiltak i regjeringens nye handlingsplan mot spilleproblemer.
Færre sanksjonar frå Medietilsynet i 2025 enn i 202427.3.2026 07:50:00 CET | Pressemelding
Medietilsynet gav to åtvaringar og eitt gebyr i 2025. Dermed blei det gitt færre sanksjonar enn dei tre siste åra, og langt færre enn året før, da det blei gitt seks åtvaringar og tre gebyr for brott på lovverket.
Nær 46 millionar i mediestøtte til samisk språk og kultur19.3.2026 10:23:51 CET | Pressemelding
Medietilsynet opnar nå for søknader om mediestøtte frå samiske nyheits- og aktualitetsmedium. I år skal det fordelast nesten 46 millionar kroner etter ny forskrift for støtteordninga.
Lagabui 46 miljovnna mediadoarjagis sámi gillii ja kultuvrii19.3.2026 10:23:08 CET | Pressemelding
Norgga Mediabearráigeahčču rahpá dál mediadoarjaga ohcamušaid sámi ođas- ja áigeguovdilis mediain. Dán jagi juogaduvvo measta 46 miljovnna ruvnno ođđa njuolggadusaid mielde doarjagiid birra sámi ođas- ja áigeguovdilis mediaide.
Medietilsynet: Design i sosiale medier legger til rette for overdreven bruk blant unge26.2.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Funksjoner og design i sosiale medier og andre digitale tjenester bidrar til hyppig og kontinuerlig bruk, en opplevelse av avhengighet og søvnmangel blant de unge, viser en ny rapport fra Medietilsynet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
