Ny ferjekontrakt for E39 Lavik–Oppedal legg til rette for autonome ferjer
7.6.2022 14:25:31 CEST | Samferdselsdepartementet | Pressemelding

I den nye kontrakten vil det òg vere krav om at alle ferjene skal vere heilelektriske. I tillegg til at det blir fire ferjer på sambandet, mot tre i dag.
– Vi skal kutte norske utslepp med 55 prosent innan 2030. Da er vi avhengig å få med heile laget – og heile landet. Vi har hatt suksess med elbilpolitikken, men eg meiner vi ikkje er i hamn så lenge fjordane har dieselferjer fulle av elbilar. Staten skal stille opp, men vi skal òg stille krav der vi kan kutte utslepp, seier statsminister Jonas Gahr Støre.
Etter at verdas første elektriske ferje, MF Ampere, ble satt i drift i 2015, er det i dag 80 elektriske ferjer i Noreg.
Noreg utviklar maritim sektor
Det er Statens vegvesen som har ansvaret for driftinga av ferjene på riksvegane i Noreg. Dei siste åra har etaten henta inn meir kunnskap om moglegheiter og utfordringar knytt til digitalisering og automatisering av ferjene generelt, og sambandet E39 Lavik–Oppedal spesielt.
– Å gå foran i utvikling betyr endring. Det har vi gjort i Noreg mange ganger, spesielt innanfor maritim teknologi. Eg forstår at folk er uroa for arbeidsplassen sin, men dersom vi kan utvikle teknologien sjølv, kan det skape nye arbeidsplassar. Som eit ferjeland, er det naturleg at vi ser dit først, seier Nygård.
Norske verft har vore sentrale i utbygginga av null- og lågutsleppsferjer. Sidan 2010 har delen av slike ferjer som er bygd ved norske verft vore høgare enn verdsflåta sett under eitt.
– Norske verft held ein sterk internasjonal posisjon innan bygging av offshorefartøy, ferjer og snøggbåtar. Skipsfart og maritim sektor har vore viktig for Noreg og norsk økonomi. Derfor kjem næringa til å spele ein viktig rolle når Noreg skal ta i bruk enda fleire lågutsleppsferjer. Det gjer at vi har eit stort potensiale for verdiskaping og nye arbeidsplassar i norsk maritim sektor, seier Støre.
Statens vegvesen vil følgje opp utlysinga som skal gjelde etter at dagens kontrakt går ut i 2024.
Nøkkelord
Bilder

Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Nye kontraktar sikrar at alle kan få lokalavisa i postkassa16.10.2026 13:00:19 CEST | Pressemelding
Samferdselsdepartementet har sendt ut ein konkurranse om statleg kjøp av avisdistribusjon til postkasser på tysdagar, torsdagar og fredagar til område utan kommersielle avisbodnett.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Finnmark mandag 12. oktober9.10.2026 16:45:15 CEST | Presseinvitasjon
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam skal på fylkestur til Finnmark (Kirkenes) mandag 12. oktober.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Trøndelag fredag 9. oktober8.10.2026 11:33:02 CEST | Pressemelding
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam skal på fylkestur til Trøndelag fredag 9. oktober. Veg, jernbane og mobilitetsløysingar i storbyområde er tema for dagen.
Statsbudsjettet 2027: Framleis høge ambisjonar for samferdsel7.10.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
Regjeringa foreslår å løyve i alt 105 milliardar kroner til samferdsel i 2027. Mellom anna foreslår regjeringa å løyve 51,7 milliardar kroner til vegformål, 32,4 milliardar kroner til jernbana, 7,1 milliardar kroner til byområda og 3,4 milliardar kroner til luftfarten.
Regjeringen foreslår å heve aldersgrensen for bruk av elsparkesykler til 16 år5.10.2026 18:24:39 CEST | Pressemelding
Det har vært en kraftig økning i antall barn og unge som skader seg på elsparkesykkel. Nå ber vi Statens vegvesen sende på høring et forslag om å heve aldersgrensen fra 12 til 16 år.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
