Universitetet i Bergen (UiB)

Arven etter Aasen komplett på nett

Del
Norsk Ordbok finst no i ei komplett nettbasert utgåve, frå a til å. I tillegg er nytt materiale publisert for første gong sidan Universitetet i Bergen overtok ordboka i 2016.
No kan du for første gong gjere søk i heile Norsk Ordbok på nett. Foto/ill.: Norsk Ordbok
No kan du for første gong gjere søk i heile Norsk Ordbok på nett. Foto/ill.: Norsk Ordbok

Norsk Ordbok er noko så unikt som ei dialektordbok og historisk ordbok i eitt, og no i mai finn du heile verket på nett, i første omgang som betaversjon. 

Universitetet i Bergen overtok arbeidet med Norsk Ordbok frå Universitetet i Oslo i 2016, då var papirutgåva i 12 bind ferdigstilt. Det UiO-styrte prosjektet hadde i tillegg revidert ordbokartiklane med forbokstavar frå i til å, digitalisert dei, og gjort dei søkbare på nett.

Gyri Smørdal Losnegaard leier ordbokprosjektet ved UiB, og har i samarbeid med Høgskulen i Volda digitalisert den resterande delen av ordboka.

Søkbar frå a til å

– Ordbokartiklane som vi no har digitalisert og lagt ut på nett er alfabetstrekket a til h. Den delen har til no berre vore tilgjengeleg i bokform og var første gong gitt ut på papir i 1950 – altså for over 70 år sidan, fortel ho.

– Norsk Ordbok inneheld i prinsippet all mogleg informasjon om ord som har eksistert i det nynorske skriftspråket, og viser orda slik dei er i bruk i dag, og slik dei har vore brukt tidlegare. Ho viser altså utviklinga av skriftspråket over tid. I tillegg dokumenterer ho norsk talemål – dialektane våre – seier språkforskar og ordbokredaktør, Gyri Smørdal Losnegaard.

– Om du lurar du på korleis ein uttalar ordet mjølk rundt omkring i landet, finn du at ein seier mjalk på Hægebostad, mjøkk i Seljord og milk på Finnøy.

I ordboka står også betydninga av orda, nye og gamle uttrykk, ordsamansetjingar, bruksmåte, tidsfesting og geografisk lokalisering. Boka inneheld dessutan ei stor mengde litterære sitat som viser orda i bruk i den nynorske litteraturen.

Byggjer på arbeidet til Aasen

Norsk Ordbok har meir enn 330 000 oppslagsord og er det største ordbok-verket for norsk. Ho byggjer på mange måtar på arbeidet til Ivar Aasen som reiste rundt i landet, samla inn og systematiserte dialektane våre, og på den måten la grunnlaget for det nynorske skriftspråket. Det var Aasen som stod bak den først utgåva av ordboka som kom ut i 1873, medan arbeidet med ordboka slik vi kjenner ho i dag starta på 1930-talet.

– Før sat det informantar rundt omkring i heile landet, gjerne embetsfolk, som sende inn nye ord til boka, ord dei kunne dokumentere var brukt i lokalsamfunnet eller i litterære kjelder. Dei registrerte orda på eigne setlar og sende inn, og desse har vi fleire millionar av i arkiva våre.

I dag finst det i følgje Losnegaard mange entusiastar rundt i Noreg som kartlegg dialekta si og lagar eigne ordsamlingar. Redaksjonen mottek stadig slike, og legg dei til som kjeldegrunnlag for ordboka.

– Vi trur at ordboka har ei ganske stor målgruppe, og no når heile verket er tilgjengeleg på nettet, vert ho også mykje enklare å bruke, seier Losnegaard.

Ein ny milepæl for UiB

– Universitetet i Bergen er stolt over å vere «ordbok-universitetet» i Noreg. Det er eit stort og viktig ansvar å forvalte det norske språket, og på den måten kunne legge til rette for at norsk språk og kultur kan utvikle seg. Ordbøkene er på mange måtar berebjelken i eit felles språk, seier rektor Margareth Hagen.

– Ved å gjere heile Norsk Ordbok tilgjengeleg på nett har vi nådd ein ny milepæl. Det er gledeleg at språkbrukarar i heile landet no får tilgang til denne språkskatten som Norsk Ordbok utgjer.

FAKTA OM NORSK ORDBOK

  • Norsk Ordbok (norsk-ordbok.no) er ei ordbok over det nynorske skriftspråket og dei norske dialektane.
  • Ordboka vart utgitt i trykt form av Det Norske Samlaget, finansiert av Kulturdepartementet og Universitetet i Oslo.
  • Ordboka er i tolv band og er den første vitskaplege ordboka som dokumenterer norsk språk.
  • Arbeidet med Norsk Ordbok starta i 1930. Det første heftet kom ut i 1950, og første heile band var ferdig i 1966. Siste band kom i 2016.
  • Ordboka inneheld over 300 000 ordartiklar.
  • Fram til mai 2022 har berre ord på bokstavane i til å vore digitalisert.
  • Dei eldste delane av ordboka, som dekkjer bokstavane frå a til h, er for første gong tilgjengeleg digitalt.


Meir informasjon om ordboka
Arven etter Aasen komplett på nett | Det humanistiske fakultet | UiB

Kontakter

Gyri Smørdal Losnegaard
e-post: gyri.losnegaard@uib.no
mobil: 48 00 17 16

Bilder

No kan du for første gong gjere søk i heile Norsk Ordbok på nett. Foto/ill.: Norsk Ordbok
No kan du for første gong gjere søk i heile Norsk Ordbok på nett. Foto/ill.: Norsk Ordbok
Last ned bilde
- Ordbøkene er på mange måtar berebjelken i eit felles språk, seier UiB-rektor Margareth Hagen. Foto: Eivind Senneset
- Ordbøkene er på mange måtar berebjelken i eit felles språk, seier UiB-rektor Margareth Hagen. Foto: Eivind Senneset
Last ned bilde

Om Universitetet i Bergen (UiB)

Universitetet i Bergen (UiB)
Universitetet i Bergen (UiB)
Postboks 7800
5020 Bergen

+47 55 58 00 00http://www.uib.no

Følg pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Bergen (UiB) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye