For fleire opplysningar – sjå:
- Brev av 8. april 2022 frå Statens vegvesen til Samferdselsdepartementet: Ny normal for kollektivtransporten
Då koronapandemien kom til Noreg i byrjinga av 2020 endra kvardagen seg for vanlege folk. Norske arbeidstakarar var pålagt heimekontor der det var mogleg, og fleire gjekk heime som permitterte. Dette førte til at bruken av kollektivtransport gjekk markant ned i 2020 og 2021, samanlikna med 2019.
Biltrafikken er tilbake til normalen, men ikkje kollektivtransporten
Etter to år med koronarestriksjonar er biltrafikken stort sett tilbake til normalen, med 95,6 prosent av trafikkmengda samanlikna med trafikkbilete i 2019. I kollektivtrafikken ser ein 67,1 prosent av trafikkmengda i forhold til i 2019. Dei siste tala frå Ruter, som står for rundt halvparten av kollektivreisene i Noreg, viser at ein av fem førebels ikkje har kome tilbake til kollektivtransporten.
- Kollektivtransport skal bidra til det grøne skiftet, og for at fleire reisande tek tog eller buss for å unngå kø i trafikkbilete, ser vi at det er naudsynt med ei omstilling og utvikling av kollektivtilbodet, seier Nygård.
Tiltak på kort og lang sikt
Ei arbeidsgruppe koordinert av Statens vegvesen har på oppdrag frå Samferdselsdepartementet forslått tiltak for å få fleire til å reise kollektivt.
På kort sikt føreslår arbeidsgruppa mellom anna å innføre nye billettkonsept. Dette arbeidet er allereie igangsett enkelte stadar. Arbeidsgruppa tilrår også å sjå på moglegheitene for haldningskampanjar, rimelegare kollektivbillettar, og å gjere det dyrare og mindre fordelaktig med bruk av bil og elbil – særleg i samanheng med reiser til og frå jobb.
– Staten har allereie bidratt med store ekstraløyvingar for å halde hjula i gong i kollektivtransporten. No må vi sørge for at selskapa står på eigne bein, seier samferdselsministeren.
På lengre sikt meiner arbeidsgruppa at ein må sjå på kollektivtransporten som i ein heilskap, og gjere det enklare å velje kollektiv framfor bil. Dette vil også gjere det mindre attraktivt å eige bil. Eit anna forslag er å innføre ulike prisar basert på når på døgnet ein reiser med kollektiv, noko som vil kunne redusere trykket i morgon- og ettermiddagstrafikken.
– Dersom fleire lar bilen stå, og for eksempel vel bussen, vil ein få mindre kø og difor meir flyt i trafikken. Det vil også bidra til å redusere klima- og miljøverknaden frå vegtransporten i byane. Når fleire vel kollektivt, er det ein god grunn til å gjere kollektivtilbodet enda betre. Alt i alt vert det ein god sirkel, seier Nygård.
For fleire opplysningar – sjå:
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
– Turister som er på opplevelsesturer i Norge snakker sjeldent norsk, og da trenger vi heller ikke kreve at sjåførene skal ta drosjeførerprøven på norsk. Likevel ønsker vi at alle som jobber med å transportere passasjerer i Norge, skal være trygge sjåfører med beviselig kompetanse. Derfor har vi drosjesjåførprøver, sier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
- Riksveg 13 Skare–Sogndal er prega av fleire samansette utfordringar, mellom anna høg fare for skred, stadvis smal veg og høg risiko for ulykker. Derfor inngår vi no ein avtale med Nye Veier for å redusere rasfare og få betre vegstandard, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
– Jeg er glad for at vi nå har innstilt på tildeling av kontraktene på de resterende FOT-rutene. Nå sikrer vi de reisende i distriktene et styrket og rimeligere flyrutetilbud, sier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
– 2022 var et mørkt år for trafikksikkerheten, og ulykkesutviklingen i 2023 er svært bekymringsfull. Trafikksikkerhet krever langsiktig og kontinuerlig arbeid, og fremover er vi nødt til å styrke innsatsen, sier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
- Vi ønsker en enda tryggere helikopterbransje. Offentlige innkjøp kan bidra til å fremme sikkerheten gjennom å velge gode leverandører, og stille de rette kravene i kontraktene. Denne veilederen vil bidra til økt kunnskap hos de som kjøper helikoptertjenester i det offentlige, sier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom