Samferdselsdepartementet

Kvinnheradpakken klar for Stortinget

Del
– Det skal setjast i gang vegarbeid rundt omkring i Noreg, også på fylkesvegane våre. Mange vegar i Kvinnherad kommune i Vestland er ikkje tilpassa dei krava til standard som gjeld i dag. Gjennom Kvinnheradpakken legg vi til rette for at fleire av desse vegane kan bli utbetra dei komande åra. No sender vi pakken til handsaming i Stortinget, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
- Politikarane i fylkeskommunen og kommunen er einige om innhaldet i pakken. Det gjeld både kva for vegar som skal bygjast ut og korleis pakken skal finansierast, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. Foto: Henrik Jonassen/SD

Proposisjonen om finansieringa av Kvinnheradpakken vert lagt fram i statsråd i dag. Det vil seia at pakken no skal handsamast i Stortinget.

Politikarane i fylkeskommunen og kommunen er einige om innhaldet i pakken. Det gjeld både kva for vegar som skal bygjast ut og korleis pakken skal finansierast. Pakken inneheld sju tiltak, der seks er utbetringar av fylkesvegar og eitt gjeld mindre trafikktryggleikstiltak i kommunen. Fv. 500 Furebergfossen bru er allereie ferdig, og den første delen av fv. 500 Folgefonntunnelen–Årsnes er i gang.

Det er lagt opp til at bompengeinnkrevjing skal gjerast på ferjesambanda Ranavik–Skjersholmane, Gjermundshamn/Varaldsøy–Årsnes og Skånevik–Utåker/Matre. Dette vil gje låge innkrevjingskostnader. Forslaget kan føra til at ferjetakstane aukar 2022. Bompengeinnkrevjinga vil etter planen vare i 15 år.

For meir informasjon, sjå:

Nøkkelord

Bilder

- Politikarane i fylkeskommunen og kommunen er einige om innhaldet i pakken. Det gjeld både kva for vegar som skal bygjast ut og korleis pakken skal finansierast, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. Foto: Henrik Jonassen/SD
- Politikarane i fylkeskommunen og kommunen er einige om innhaldet i pakken. Det gjeld både kva for vegar som skal bygjast ut og korleis pakken skal finansierast, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. Foto: Henrik Jonassen/SD
Last ned bilde

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Norge får europeisk pris for trafikksikkerhet24.6.2025 15:18:51 CEST | Pressemelding

Den europeiske trafikksikkerhetsprisen for enestående fremgang innenfor veitrafikksikkerhet går i år til Norge. Norge er landet i Europa med færrest drepte i forhold til innbyggertallet, og tildeles prisen for vedvarende engasjement og imponerende resultater i arbeidet med å redde liv i trafikken. Det er den uavhengige europeiske trafikksikkerhetsorganisasjonen European Transport Safety Council (ETSC) som står bak prisen.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye