No kan pasientar i vest sjå fleire prøvesvar på nett
14.3.2022 08:30:00 CET | Helse Vest RHF | Pressemelding

Helse Vest gir no innsyn i resultat på prøvar og undersøkingar frå mellom anna patologi og radiologi på helsenorge.no, som fyrste region i landet.
– Dette er informasjon som pasienten svært gjerne vil ha, og mange pasientar har etterspurt ei løysing for å få tilgang til eigne prøvesvar. Nokon har tatt brystdiagnostikk. Andre har tatt celleprøvar. Andre igjen har kronisk sjukdom og ønskjer å følgje opp eigen sjukdom og utvikling over tid, seier Margrete Wie.
Wie er leiar for prosjektet som har resultert i at innbyggjarane no kan få innsyn i utvalde prøvesvar. Prosjektgruppa frå Helse Vest IKT har jobba saman med legar frå heile Vestlandet.
Eit nytt og viktig tilbod
Innsyn i prøvesvara gir pasientane moglegheit til å samanlikne tidlegare og nye prøvesvar, og bruke dette til å lære meir om sitt eige sjukdomsbilete. Eit viktig spørsmål for prosjektgruppa har vore kva dette kan bidra til i dialogen mellom behandlar og pasient.
– Dialog med legen vil alltid vere viktigast, og det er legen som først skal informere pasienten om prøvesvar. Det er årsaka til at det vil vere ei forseinking før svara blir tilgjengeleg på helsenorge.no. Innsyn i eigne prøvesvar skal vere eit tilleggstilbod til pasientane, seier Wie.
Ønskjer openheit
Når fleire prøvesvar blir tilgjengeleg gjennom helsenorge.no, er det ein del av ein langsiktig prosess der målet er openheit og tilgjengeleg informasjon. Over noko tid vil vestlendingane finne alle sine prøvesvar her.
– Dette er eit stort og omfattande arbeid, og det vil ta tid før alt er på plass slik vi vil det skal vere. Når prøvesvar innan patologi og radiologi no blir tilgjengeleg, er det eit viktig steg. Her er Helse Vest fyrst ute i landet, seier Wie.
Kva prøvesvar finn pasientar på helsenorge.no?
Pasientar vil finne prøvesvar bestilt av sjukehuset i desse kategoriane:
- Patologisvar (undersøkingar av vev- og celler).
- Radiologiundersøkingar (til dømes røntgen, MR, CT og PET).
- Enkelte andre tekstlege prøvesvar.
Prøvesvar som er bestilt av fastlegen vil inntil vidare ikkje bli vist på denne måten, sjølv om dei er utført på sjukehuset. Svar på desse undersøkingane vil bli formidla på same måte som før, og er noko pasienten og fastlegen blir einige om.
Prøvesvar er viktig informasjon for helsepersonell for utgreiing og oppfølging av pasientar. Språket må vere presist for å unngå misforståingar, og inneheld av den grunn ord og uttrykk som kan vere vanskeleg å forstå.
Nøkkelord
Kontakter
Bente AaeKommunikasjonsdirektør
Tel:415 33 807bente.aae@helse-vest.noBilder


Om Helse Vest RHF
Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Vi har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. I heile Helse Vest er det om lag 30 000 tilsette som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane på Vestlandet. Helse Vest er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vi eig dei fem helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Gynekologisk kreft: Dette bestemte styret i Helse Vest RHF22.10.2026 13:20:52 CEST | Pressemelding
Styret i Helse Vest RHF vedtok fleire tiltak for å styrkje behandlinga av gynekologisk kreft i regionen på styremøtet i dag. Blant anna skal kirurgi for eggstokkreft bli samla i Helse Bergen på sikt.
Anbefalingar om å styrkje tilbodet for gynekologisk kreft12.10.2026 12:53:12 CEST | Pressemelding
Helse Vest RHF vil utvikle og styrkje behandlingstilbodet innan gynekologisk kreft gjennom eit tett regionalt samarbeid og meir robuste fagmiljø. Anbefalinga er at kirurgisk behandling av eggstokkreft på sikt blir samla ved Haukeland universitetssjukehus. Kirurgi for livmorkreft skal framleis bli utført både ved Haukeland universitetssjukehus og Stavanger universitetssjukehus.
Nye tilleggsoppdrag til sjukehusa om beredskap og kortare ventetider18.9.2026 13:10:14 CEST | Pressemelding
Sjukehusa på Vestlandet skal førebu seg på krig og kriser. Dei skal også redusere ventetidene og gi pasientane raskare og meir samanhengande behandling. Det er blant dei nye oppdraga som Helse Vest RHF ga sjukehusa i september.
Nytt nasjonalt nettverk for radiologi: Vil redusere unødvendige røntgen- og MR-undersøkingar25.8.2026 12:27:34 CEST | Pressemelding
Nordmenn blir sende til røntgen, MR og CT, sjølv om undersøkingane ikkje gir nytte. No skal eit nytt nasjonalt nettverk og seks konkrete tiltak få ned overforbruk, redusere ventetider og sikre betre pasientbehandling.
Forskning som bidrar til bedre pasientbehandling1.6.2026 15:57:47 CEST | Pressemelding
Forskning i norske sykehus gir pasienter bedre, tryggere og mer skånsom behandling. Den nasjonale rapporten om forskning og innovasjon i spesialisthelsetjenesten viser hvordan klinisk forskning og digitale løsninger bidrar til raskere diagnostikk, likebehandling og tidligere tilgang til nye behandlingsmetoder.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
