Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Førdefestivalen slepper tema og dei fem første artistane

Del
Førdefestivalen, den største folkemusikkfestivalen i Skandinavia, er berre ein av mange festivalar som kjenner på utfordringane med å planlegge store arrangement for sommaren vi har framfor oss. -Å få arrangere festivalar og konsertar igjen er utruleg viktig for kulturlivet, musikarar, bransjen, reiselivet, folk. For oss er det ei drivkraft å få hjula i gang igjen, og festivalen til sommaren vil vere eit første steg i retning av å komme tilbake til normalen, seier Per Idar Almås, direktør i Førdefestivalen. Han ser fram til å lage ein trygg festival med gode musikkopplevingar for små og store.
Samiske Kajsa Balto sleppte plata 'Buot eallá' til strålande kritikkar i 2020. Til sommaren spelar ho på Førdefestivalen. Foto: Ørjan Marakatt Bertelsen
Samiske Kajsa Balto sleppte plata 'Buot eallá' til strålande kritikkar i 2020. Til sommaren spelar ho på Førdefestivalen. Foto: Ørjan Marakatt Bertelsen

Ved avlysinga av festivalen i 2020, var planen å utsetje heile programmet til 2021, men alt før jul innsåg festivalleiinga at planen om utsetjing ikkje let seg gjennomføre. Det var ikkje realistisk å tru at festivalen kunne invitere artistar frå alle verdshjørne til Førde til sommaren. I år har derfor festivalen invitert dei beste musikarane på heimebane. -I meir enn tretti år har Førdefestivalen presentert musikarar frå heile verda, men då vi såg at verda også i juli truleg vil vere prega av reiserestriksjonar, bestemte vi oss for å lage eit program med musikarar som er busette i Norge. Publikum vil likevel få oppleve mellom anna indisk raga, klezmer, flamenco, arabiske tonar, balkanrytmar, persisk og irsk musikk, ved sidan av den norske folkemusikken. Verda kjem altså til Førde i år også, men blir ikkje så langreist, seier direktør Per Idar Almås, som i år har valt HEIME som tema for den 32. Førdefestivalen.

Med temaet HEIME vil festivalen peike i fleire retningar. -Det handlar om at alle artistane på programmet i år er busette i Norge. Mange av dei har to heimland, så for dei har kanskje HEIME ein heilt spesiell klang, tenkjer Almås. Vidare er heime der vi alle har vore aller mest det siste året, og heimekjensla er både noko universelt og noko individuelt, og for mange musikarar og kunstnarar er det noko heilt essensielt.


Hvis du vil se dette innholdet fra res.cloudinary.com, gi ditt samtykke øverst på denne siden.Irene Tillung kjem til Førdefestivalen med draumeprosjektet sitt, Ti på taket. 

Norsk ti-manns-ensemble

Ein av dei norske artistane på programmet, erIrene Tillungog hennar Ti på taket-prosjekt, som stod på Førdeplakaten i 2020. Som musikar har Tillung klare referansar til årets festivaltema. Heime er ikkje ein plass, men ei kjensle, heiter det, og den kjensla fann Irene Tillung aldri i Oslo. -Først då eg flytta tilbake til Voss etter 19 år i hovudstaden, fann eg ro og energi til å utvikle prosjektet eg drøymde om. Eg ville så gjerne smelte saman alt eg hadde i min musikalske bagasje gjennom heile livet; barneår, studieår og alle åra som utøvande musikar. Det resulterte i ti-manns-ensemblet ‘Ti på taket’ med musikarar frå folkemusikk, klassisk musikk og jazz/populærmusikk.Dei gav ut plata Hildersyn i 2017, og no har Tillung skrive ny musikk til ensemblet som også skal bli plate. Musikken vart skriven til Vossa Jazz i 2020.

Kajsa Balto - Buot eallá (official music video)

Samisk juvel

Samiske Kajsa Baltoer oppvaksen i Oslo og har markert seg sterkt dei siste åra med si moderne tolking av eigen samisk tradisjon. Balto kom med si andre plateBuot eallá (alt lever)i 2020, og stod også på plakaten i Førde i fjor.Buot ealláfekk pressa til å juble. Arne Berg i Jungeltelegrafen i P2 kalla plata ein maktdemonstrasjon, og hadde ho med på si internasjonale topp-20 liste då han oppsummerte plateåret 2020. - Heime for meg er det du ber med deg i hjartet. Folka, staden eller naturen. Heimen er kjensla av det trygge, det å høyre til. Når eg lagar musikk finn eg inspirasjon og glede i å søke heimover. Utgangspunktet er ofte eigen familiebakgrunn eller -historie, seier Kajsa Balto, som får to eigne konsertar med bandet sitt under festivalen; ein i Florø og ein i Førde.

 

Hvis du vil se dette innholdet fra res.cloudinary.com, gi ditt samtykke øverst på denne siden.Oddrun Lilja Jonsdotter er ein av musikarane i New Conception of Raga

Raga for framtida

I prosjektetNew Conception of Ragamøter vi Sanskriti Shrestha, Rohini Sahajpal, Tejaswinee Kelka og Oddrun Lilja Jonsdottir. Sistnemnde reiste i mange år rundt i verda og spelte med tradisjonsmusikarar i fleire land. Reisene resulterte i plataLILJA - Marble(2020), som lenge hadde arbeidstittelen ‘heim til verda’. Kva er heim? Når er vi heime? Jonsdottir har mange gonger spurt seg sjølv slike spørsmål. -I flyktningleiren Rashedie i Libanon møtte eg vaksne som hadde budd heile livet i leiren, men likevel gjekk og venta på å kome heim - til Palestina, fortel ho. -Det er til å undre seg over korleis vi alle er på veg. Kanskje det er vegen som er den eigentlege heimen vår?

New Conception of Raga er ei slags vidareføring av Bugge Wesseltoft sitt velkjende New Concept of Jazz-prosjekt, og vart første gong presentert gjennom eit samarbeid mellom hans plateselskap, OK World, og Melafestivalen i 2020. Førdefestivalen ser fram til å presentere denne framtidsversjonen av indisk ragatradisjon til sommaren.

Balkansk flamenco

Daniel Lazar, Almir Meskovic, Bellali Austria og Ingrid Jasmin Vogt iRIIDgår nye vegar når dei blandar rytmar frå Balkan med inderlege nordiske tonar og temperamentet i flamenco. Med utspring i tradisjonar frå Mexico, Spania, Norge, Bosnia og Serbia/Romania har dei skapt ‘balkansk flamenco’ og eit musikkuttrykk som svingar frå det sitrande stille til eit mektig fyrverkeri av musikk og dans.

 

Hvis du vil se dette innholdet fra res.cloudinary.com, gi ditt samtykke øverst på denne siden.Ole Nilssen og Ingrid Stuhaug er to av distriktsmusikarane i barnekulturprosjektet som får urpremiere på Førdefestivalen i juli.

Urpremiere på barnekultursatsing

Tidlegare Sogn og Fjordane fylkeskommune og ei rad kommunar i fylket har dei siste åra gjort ei svært gledeleg satsing på folkemusikken ved å opprette 5 nye distriktsmusikarstillingar og tilsetje høgt profilerte og dyktige folkemusikarar. Førdefestivalen ønskjer å markere denne satsinga ved å nytte desse musikarane i ein profesjonell barneproduksjon. Framsyninga har fått tittelenTippe tippe tue, og vil ta utgangspunkt i den rike tradisjonen av barnesongar, rim og regler som finst på Vestlandet.

-Musikarane Ole Nilssen, Malin Victoria Alander, Tom Karlsrud, Ingrid Stuhaug og Martin Stallemo Bakke er utfordra til å skape ny musikk og nye arrangement med utgangspunkt i stoff frå musikkarkiva, skriftleg dokumentasjon og frå levande kjelder, forklarer Per Idar Almås. -Ved å gje nytt liv til desse gamle skattane, vil vi skape ny musikk- og songglede blant born og unge. Tippe tippe tue-framsyninga vert produsert i samarbeid med Den Kulturelle Skulesekken Vestland. Dei vil sende den på turné til hausten, men urpremieren vert fredag 9. juli på Førdefestivalen.

Desse artistane er klare for Førdefestivalen pr 10. februar:Kajsa Balto|Irene Tilllung & Ti på taket | New Conception of Raga - Sanskriti Shrestha, Rohini Sahajpal, Tejaswinee Kelka, Oddrun Lilja Jonsdottir | Tippe tippe tue - Ole Nilssen, Malin Victoria Alander, Tom Karlsrud, Ingrid Stuhaug, Marin Stallemo Bakke | RIID - Almir Meskovic, Daniel Lazar, Ingrid Jasmin Vogt, Bellali Austria

Resten av artistane vert offentleggjort torsdag 25. mars. Då opnar også billettsalet for årets festival

 

Kontaktpersonar:Per Idar Almås, direktør, mobil 91 54 56 03, epostperidar.almas@fordefestival.no
Torill Faleide, kommunikasjonssjef, mobil 90 73 85 27, epost:torill.faleide@fordefestival.no

Related links

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Samiske Kajsa Balto sleppte plata 'Buot eallá' til strålande kritikkar i 2020. Til sommaren spelar ho på Førdefestivalen. Foto: Ørjan Marakatt Bertelsen
Samiske Kajsa Balto sleppte plata 'Buot eallá' til strålande kritikkar i 2020. Til sommaren spelar ho på Førdefestivalen. Foto: Ørjan Marakatt Bertelsen
Last ned bilde
Oddrun Lilja Jonsdotter er ein av musikarane i New Conception of Raga
Oddrun Lilja Jonsdotter er ein av musikarane i New Conception of Raga
Last ned bilde
Ole Nilssen og Ingrid Stuhaug er to av distriktsmusikarane i barnekulturprosjektet som får urpremiere på Førdefestivalen i juli.
Ole Nilssen og Ingrid Stuhaug er to av distriktsmusikarane i barnekulturprosjektet som får urpremiere på Førdefestivalen i juli.
Last ned bilde
New Conception of Raga - Rohini Sahajpal, Oddrun Lilja Jonsdottir, Tejaswinee Kelka og Sanskriti Shrestha.
New Conception of Raga - Rohini Sahajpal, Oddrun Lilja Jonsdottir, Tejaswinee Kelka og Sanskriti Shrestha.
Last ned bilde
Kajsa Balto med band - Kajsa Balto, vokal - Ragnhild Tronsmo Haugland, cello - Aleksander Sjølie, gitar - Karoline Bjørhei, trommer og perkusjon. Foto:  Ørjan Marakatt Bertelsen
Kajsa Balto med band - Kajsa Balto, vokal - Ragnhild Tronsmo Haugland, cello - Aleksander Sjølie, gitar - Karoline Bjørhei, trommer og perkusjon. Foto: Ørjan Marakatt Bertelsen
Last ned bilde
Førdefestivalen 2021 - plakat - Design: Piotr Pucylo
Førdefestivalen 2021 - plakat - Design: Piotr Pucylo
Last ned bilde
RIID - akkordeonist Almir Meskovic, fiolinist Daniel Lazar, vokalist Ingrid Jasmin Vogt og flamencodanser Bellali Austria. Foto: elisa Bates
RIID - akkordeonist Almir Meskovic, fiolinist Daniel Lazar, vokalist Ingrid Jasmin Vogt og flamencodanser Bellali Austria. Foto: elisa Bates
Last ned bilde
Per Idar Almås, direktør Førdefestivalen. Foto: Andreas Eikeseth Nygjerd
Per Idar Almås, direktør Førdefestivalen. Foto: Andreas Eikeseth Nygjerd
Last ned bilde

Dokumenter

Om Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival
Angedalsvegen 5
6800 Førde

46 90 50 10https://www.fordefestivalen.no/

Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk, og mottok i 2019 heideren EFFE AWARD 2019-2021, då European Festival Association kåra den til ein av dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger.

Førdefestivalen presenterer rundt 250 artistar frå heile verda på 30 scener gjennom 80-100 ulike festivalarrangement, og har om lag 26000 besøkande kvart år. 

Festivalen vert dekka av nasjonal og internasjonal presse, og har vore rangert som ein Europas beste festivalar av The Guardian og National Geographic. Første festivalen vart arrangert i 1990.

Følg pressemeldinger fra Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Førde Internasjonale Folkemusikkfestival på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Førdefestivalen har sleppt heile programmet30.3.2023 15:00:36 CEST | Pressemelding

Med DRAUMAR som tema inviterer Førdefestivalen til sin 33. festival, 5.-9. juli i år. På programmet står artistar frå 25 land, og festivalen tek i bruk 30 store og små arenaer. -Eit skikkeleg møysommeleg puslespel, seier direktør Sølvi Lien om det å lage ein internasjonal festival av dette kaliberet. Ho ser fram til å få programmet ut til folket, og komme i gang med billettsalet for sin første festival som direktør. -Saman med alle andre i festivalbransjen håpar vi at publikum for alvor finn vegen tilbake til konsertane og den levande musikken.

DRAUMAR er årets tema på Førdefestivalen19.1.2023 06:30:00 CET | Pressemelding

-I år vil vi leike oss litt. Fantasere, drøyme og finne gleda i musikken, seier festivaldirektør Sølvi Lien. 5.-9. juli 2023 inviterer den nybakte direktøren til den 33. Førdefestivalen, og temaet for årets festival er Draumar. -Musikk er som skapt for draumar, seier ho, og lovar konsertar med både sirkus, akrobatikk, magi, mystikk, surrealisme og overtru. Festivalen skal feire gleda og mangfaldet i musikken, men vil som vanleg ha med alvoret, for kva skjer den dagen hendingar som krig og ekstremisme set ein stoppar for draumane?

'Musikk i kriser' tema på Førdefestivalen 6.-10. juli 202228.1.2022 07:30:00 CET | Pressemelding

Temaet for Førdefestivalen 2022 er ‘Musikk i kriser’. -Vi er midt i ein pandemi, ei global krise vi enno ikkje heilt ser enden på, så temaet vårt er nok meir aktuelt enn nokon gong, seier direktør Per Idar Almås, men understrekar at festivalen ikkje skal handle om pandemien. - Med temaet fokuserer Førdefestivalen på musikken si kraft i vanskelege tider. Musikk knyter saman folk, også på tvers av geografiske og kulturelle skilje. Musikk skapar fellesskap og identitet, og det finst mange døme på at musikk spelar ei viktig rolle i viktige motstandsrørsler, seier Almås. I denne omgang slepper festivalen seks artistar. Førdefestivalen vert arrangert 6.-10. juli, og komplett program vert lansert 31. mars. Då startar også billettsalet til festivalen. Musikk i kriser Til Førde kjem artistar frå land vi tenkjer på i samband med krig og naud, og publikum vil møte musikarar som av politiske eller religiøse årsaker har flykta frå heimlanda sine. Andre temaartistar løftar fram ein musikktradisjon e

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye