
Programmet for Førdefestivalen 2021 er klart
15.4.2021 08:26:00 CEST | Førde Internasjonale Folkemusikkfestival | Pressemelding

Redusert publikumskapasitet
-Den største utfordringa for Førdefestivalen oss er heilt klart at vi får mykje mindre publikumskapasitet enn vanleg. Til dømes planlegg vi no dei største konsertane våre for maks 200 personar, medan vi vanlegvis har sitjeplass til over 1900 i den ombygde idrettshallen! forklarer Almås. -Det høyrest jo sprøtt ut, men vi har bestemt oss for å gjere det, på same tid som vi håpar at vi no er på så rett veg at kapasiteten kan aukast, iallfall i så store lokale. Av smittevernomsyn har vi alt sett oss nøydde til å ta ut eit par tradisjonsrike arenaer frå årets program, og er det noko vi er budde på, så er det endringar, kanskje heilt fram til festivalen startar.
Hvis du vil se dette innholdet fra res.cloudinary.com, gi ditt samtykke øverst på denne siden.
Kvederkvintetten kjem med tingingsverket TAGAL av Jorun Marie Kvernberg.
Urpremierar og nye prosjekt
I Førde i juli er det første gong du kan høyre tingingsverketJorun Marie Kvernberghar komponert forKvedarkvintetten.Tittelen erTagal, og dette handlar om den ordlause folkesongtradisjonen, det såkalla trallespråket. -Dette er eit personleg og individuelt språk som kvar enkelt utøvar utviklar og er åleine om, og det er såleis unikt for Kvedarkvintetten å finne eitt felles trallespråk for fem stemmer, seier Kvernberg.
Folkemusikken og forteljinganeer eit nytt samarbeid mellom Førdefestivalen og Rom for ord. Dette er ein konsertproduksjon der vi får høyre litterære portrett av slåttekjelder, side om side med musikken vi har etter dei. Felespelaren Britt Pernille Frøholm frå Hornindal har delt sine slåttekjelder med forfattaren Marianne Clementine Håheim frå Jølster, som har portrettert dei i litterære tekstar.
Kartelletsi danseframsyningDanse staur, danse staur, var eit tingingsverk til Førdefestivalen i fjor. -Temaet er menn som dansar med menn. Tradisjonen skriv seg frå Lofotfisket og går langt, langt tilbake, men den er framleis kontroversiell, i følgje Sigurd Johan Heide, kunstnarleg leiar for Kartellet. Temaet i framsyninga er også tema for ein paneldebatt, som er støtta av Fritt Ord.
ITippe tippe tue, ein ny familiekonsert som ser dagens lys under festivalen, hentar distriktsmusikarane våre fram gamle barnerim og -regler og gjev dei nytt liv, fortel festivaldirektøren. Han er glad for at festivalen med slike produksjonar kan formidle ein viktig del av kulturarven vår til nye generasjonar.
Hvis du vil se dette innholdet fra res.cloudinary.com, gi ditt samtykke øverst på denne siden.Sarah-Jane Summers og Juhani Silvola (i midten) - samlar eit superorkester i Førde.
Summers/Silvola og stjernespekka kammerorkesterDen kritikerroste duoen Sarah-Jane Summers & Juhani Silvola samlar eit topplag av norske musikarar frå folkemusikk og klassisk til å framføre spennande stryke-arrangement av tradisjonsmusikk og nye komposisjonar. -Det er fantastisk å få arbeide med eit slikt stjernespekka kammerorkester, seier den skotsk/finske duoen. Dei har bestemt seg for å spele inn plate med superorkesteret dei samlar i Førde: Bjørn Kåre Odde, Lise Voldsdal, Olav Mjelva, Vegar Vårdal, Mari Giske, Kaja Fjellberg Pettersen, Ellen Brekken, Gregor Riddell, Kevin Henderson, Erlend Viken og Selma French Bolstad.
Irene Tillung med ny vri på Ti på Taket
Etter planen var Irene Tillung & Ti på Taket på veg til Førdefestivalen med tingingsverket dei skulle ha på Vossa Jazz. Dette let seg sjølvsagt ikkje gjere når Vossa Jazz utsette sin festival til hausten, men kva gjer vel det, når Tillung og hennar musikarar foreslår å gjere noko anna dei alltid har hatt lyst å gjere, nemleg å spele meir folkemusikk? - Resultatet blir konserten Trad med Ti på Taket, der Irene Tillung og dei andre musikarane i hennar draume-ensemble har arrangert tradisjonsmateriale for eige bruk. Ein slags dugnad, rett og slett, seier ein nøgd festivaldirektør.
På same måte som Ti på Taket er eit slags draumeprosjekt for Tillung, er Norwegian World Music Orchestra, eller NOWOR,Javid Afsari Radsin draum. I 2017 fekk han samla musikarar han har spelt med opp gjennom åra, til eitt orkester, og i juli spelar dei på Førdefestivalen for første gong.
Hvis du vil se dette innholdet fra res.cloudinary.com, gi ditt samtykke øverst på denne siden.Margit Myhr i SVIV. Foto: Thor Hauknes.
Gamle og nye yndlingar
Margit Myhrsyner den flotte danseframsyninga SVIV, der ho utforskar svivinga i den norske folkedansen. -Det skjer til levande musikk av og med Erlend Apneseth og Stephan Meidell, og med spennande bruk av video. Dette blir ei flott oppleving i den intime Teatersalen i Førdehuset, trur Almås. På programmet står ogsåFRIKARsi Skaut-framsyning, der koreograf Hallgrim Hansegård og fem medskapande dansarar fokuserer på tematikken rundt tildekking, avdekking og kontroll av kropp. Kvinnene både strammar opp og sler ut håret gjennom bunden samtidsdans og fri folkedans.
Hvis du vil se dette innholdet fra res.cloudinary.com, gi ditt samtykke øverst på denne siden.Tindra - frå den mest aktive perioden - Foto: Ingvil Skeie Ljones
UTLAmed Terje Isungset, Karl Seglem og Håkon Høgemo var tidleg ute med å kople folkemusikk, jazz og improvisasjon. I år får dei lufte seg på festivalen sin mest spektakulære arena, på Hafstadfjellet, 706 moh. -Festivalen er også svært glade for at den populære folkemusikktrioenTindratakka ja til å samlast igjen i Førde, seks år etter at dei eigentleg la opp, seier Almås. Tindra har gjeve publikum i Førde mange høgdepunkt, og no er det duka for endå fleire.
Hvis du vil se dette innholdet fra res.cloudinary.com, gi ditt samtykke øverst på denne siden.Alexander Aga Røynstrand - Foto: Knut Utler
Sterk solotradisjon
Førdefestivalen ønskjer også å få fram den sterke solotradisjonen i folkemusikken, og sjølv om det kan virke umusikalsk i desse koronatider, har dei utfordra fleire flotte musikarar til 40-minuttars ‘tett-på’-konsertar i den nye kulturskulen i Sunnfjord. -Her får publikum møte både Håkon Høgemo, Alexander Aga Røynstrand, Camilla Granlien, Steinar Ofsdal, Jovan Pavlovic, Harpreet & Sanskriti og Øyvind Brabant.
Hvis du vil se dette innholdet fra res.cloudinary.com, gi ditt samtykke øverst på denne siden.MISS TATI'S ANGOLA70 vert å høyre i Førde. Foto: Sondre Eriksen
Smaken av verda
I følgje festivaldirektøren finst det drøssevis med gode musikarar her til lands. Dei kjem frå alle kantar av verda, og spelar dei fleste stilar og sjangrar. Det gledelege er at i år vert mange av dei å høyre i Førde. -Publikum vil verkeleg få ein smak av verda desse dagane, seier han og ramsar opp: Miss Tati kjem med sitt nyaste prosjekt, ANGOLA70, og Busi Ncube og bandet hennar kjem med varmande rytmar frå Zimbabwe. Når Meelodi med Ole André Farstad, iranske Medi Farmani og syriske Nawar Alnaddaf i spissen spelar i Teatersalen, vil du tru at dei kjem frå alle andre stadar enn Bergen. Når Anders Lillebo Trio, med Kevin Henderson og Ronny Kjøsen spelar i parken, vil du tru at dei kjem rett frå ei av øyane langt, langt vest i havet, medan joiken til Kajsa Balto vil lokke deg til Finnmarksvidda. Når Mambo Compañeros dreg i gang sine cubanske og karibiske rytmar onsdag kveld på Larris Scene, vil dei fleste ha vanskar med berre å danse inni seg. -Og slik kan vi halde på. Årets festivalprogram speglar det solide musikkmangfaldet som finst her til land, og vi gler oss veldig til å presentere alle desse flotte musikarane i Førde, seier ein stolt direktør.
Kontaktpersonar i Førdefestivalen:
Per Idar Almås, direktør, mobil 91 54 56 03, epostperidar.almas@fordefestival.no
Torill Faleide, kommunikasjonssjef, mobil 90 73 85 27, epost:torill.faleide@fordefestival.no
heimeside: fordefestival.no
ARTISTAR 2021 (alfabetisk):
Alexander Røynstrand, Anders Lillebo Trio, Bellali Austria, Bergen juniorspelemannslag, Bjørnblakken,
Britt Pernille Frøholm og Marianne Clementine Håheim, Busi Ncube Band, Camilla Granlien, Erlend Viken & Erik Sollid, Finn Tokvam & Irene Kinunda Afriyie, FRIKAR – SKAUT, Gabriel Fliflet, Hamid Sakhizada, Harpreet & Sanskriti, Hevd, Håkon Høgemo, Indre Sunnfjord spelemannslag, Ingrid Schei Stuhaug, Jovan Pavlovic & Anne Fossen, Kajsa Balto, Kari Slaatsveen, Kartellet, Kevin Henderson & Olav Mjelva, Kouame Sereba, Kvedarkvintetten, Kviven duo, Malin Alander, Mambo Companeros, Margit Myhr – SVIV, Marin Stallemo Bakke, Med døra på gløtt, Meelodi, Miss Tati’s Angola70, Morgonrode, New Conception of Raga, Novgorod, NOWOR – Norwegian World Orchestra, Ole Nilssen, One Way Out, RIID, Sarah-Jane Summers/Juhani Silvola & Sølvstrøk, Småradarane, Solo & Ibou, Spring du fela, Steinar Ofsdal, Sunnfjord juniorspelemannslag, Terje Isungset, The Kuraybers, Tindra, Tom Karlsrud, Trad med Ti på Taket, Utla, Valkyrien Allstars, Østerlide, Øyvind Brabant
Related links
Nøkkelord
Kontakter
Torill G. FaleideKommunikasjonssjef
Tel:+47 90 73 85 27torill.faleide@fordefestival.noBilder














Om Førde Internasjonale Folkemusikkfestival
Angedalsvegen 5
6800 Førde
46 90 50 10https://www.fordefestivalen.no/
Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk, og mottok i 2019 heideren EFFE AWARD 2019-2021, då European Festival Association kåra den til ein av dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger.
Førdefestivalen presenterer rundt 250 artistar frå heile verda på 30 scener gjennom 80-100 ulike festivalarrangement, og har om lag 26000 besøkande kvart år.
Festivalen vert dekka av nasjonal og internasjonal presse, og har vore rangert som ein Europas beste festivalar av The Guardian og National Geographic. Første festivalen vart arrangert i 1990.
Følg pressemeldinger fra Førde Internasjonale Folkemusikkfestival
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Førde Internasjonale Folkemusikkfestival på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Førde Internasjonale Folkemusikkfestival
Førdefestivalen har sleppt heile programmet30.3.2023 15:00:36 CEST | Pressemelding
Med DRAUMAR som tema inviterer Førdefestivalen til sin 33. festival, 5.-9. juli i år. På programmet står artistar frå 25 land, og festivalen tek i bruk 30 store og små arenaer. -Eit skikkeleg møysommeleg puslespel, seier direktør Sølvi Lien om det å lage ein internasjonal festival av dette kaliberet. Ho ser fram til å få programmet ut til folket, og komme i gang med billettsalet for sin første festival som direktør. -Saman med alle andre i festivalbransjen håpar vi at publikum for alvor finn vegen tilbake til konsertane og den levande musikken.
DRAUMAR er årets tema på Førdefestivalen19.1.2023 06:30:00 CET | Pressemelding
-I år vil vi leike oss litt. Fantasere, drøyme og finne gleda i musikken, seier festivaldirektør Sølvi Lien. 5.-9. juli 2023 inviterer den nybakte direktøren til den 33. Førdefestivalen, og temaet for årets festival er Draumar. -Musikk er som skapt for draumar, seier ho, og lovar konsertar med både sirkus, akrobatikk, magi, mystikk, surrealisme og overtru. Festivalen skal feire gleda og mangfaldet i musikken, men vil som vanleg ha med alvoret, for kva skjer den dagen hendingar som krig og ekstremisme set ein stoppar for draumane?
Anne Oline Gullaksen går til Førdefestivalen8.3.2022 14:41:00 CET | Pressemelding
Anne Oline Gullaksen frå Førde er tilsett som ny økonomi- og sponsorsjef i Førdefestivalen. Ho byrjar i jobben 14. mars. - Anne Oline Gullaksen kjem med lang erfaring frå reiseliv og arrangement. Ho har eit stort nettverk, og ikkje minst eit stort engasjement for utviklinga av Førde og Sunnfjord, seier direktør Per Idar Almås. -Eg kjenner meg trygg på at vi har tilsett rett person i denne stillinga.
Direktøren i Førdefestivalen går av22.2.2022 11:56:00 CET | Pressemelding
Direktør og kunstnarleg leiar for Førdefestivalen, Per Idar Almås, går av etter snart fire år i stillinga. Det skjer etter eige ønske.
'Musikk i kriser' tema på Førdefestivalen 6.-10. juli 202228.1.2022 07:30:00 CET | Pressemelding
Temaet for Førdefestivalen 2022 er ‘Musikk i kriser’. -Vi er midt i ein pandemi, ei global krise vi enno ikkje heilt ser enden på, så temaet vårt er nok meir aktuelt enn nokon gong, seier direktør Per Idar Almås, men understrekar at festivalen ikkje skal handle om pandemien. - Med temaet fokuserer Førdefestivalen på musikken si kraft i vanskelege tider. Musikk knyter saman folk, også på tvers av geografiske og kulturelle skilje. Musikk skapar fellesskap og identitet, og det finst mange døme på at musikk spelar ei viktig rolle i viktige motstandsrørsler, seier Almås. I denne omgang slepper festivalen seks artistar. Førdefestivalen vert arrangert 6.-10. juli, og komplett program vert lansert 31. mars. Då startar også billettsalet til festivalen. Musikk i kriser Til Førde kjem artistar frå land vi tenkjer på i samband med krig og naud, og publikum vil møte musikarar som av politiske eller religiøse årsaker har flykta frå heimlanda sine. Andre temaartistar løftar fram ein musikktradisjon e