
Førdefestivalen med full fysisk festival i juli

Fleire av artistane er leiande i sin sjanger, og fleire av konsertane og framsyningane er urpremierar verda aldri før har sett. I år, som alltid, opnar Førdefestivalen døra til ein flik av verda du aldri har før høyrt. Verda kjem til Førde i år også, men på ein litt annen måte.
-Eit av varemerka for Førdefestivalen er at vi har mange ulike arenaer, og på dei aller fleste av dei kan vi ha sitjande sal. Det er eit gunstig konsept med tanke på smittevernreglane vi må rette oss etter i år, seier direktør Per Idar Almås. Han er utruleg stolt over å presentere det store musikkmangfaldet Norge har å by på, og invitere til ekte festivalstemning og levande musikk frå 24 land.
I Førde kan du mellom anna oppleve Valkyrien Allstars, Kajsa Balto, Miss Tati's Angola70, FRIKAR, Anders Lillebo Trio, New Conception of Raga og Utla.
Sjå fullt program på www.fordefestival.no
Related links
Nøkkelord
Kontakter
Torill G. FaleideKommunikasjonssjef
Tel:+47 90 73 85 27torill.faleide@fordefestival.noBilder


Om Førde Internasjonale Folkemusikkfestival
Angedalsvegen 5
6800 Førde
46 90 50 10https://www.fordefestivalen.no/
Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk, og mottok i 2019 heideren EFFE AWARD 2019-2021, då European Festival Association kåra den til ein av dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger.
Førdefestivalen presenterer rundt 250 artistar frå heile verda på 30 scener gjennom 80-100 ulike festivalarrangement, og har om lag 26000 besøkande kvart år.
Festivalen vert dekka av nasjonal og internasjonal presse, og har vore rangert som ein Europas beste festivalar av The Guardian og National Geographic. Første festivalen vart arrangert i 1990.
Følg pressemeldinger fra Førde Internasjonale Folkemusikkfestival
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Førde Internasjonale Folkemusikkfestival på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Førde Internasjonale Folkemusikkfestival
Førdefestivalen har sleppt heile programmet30.3.2023 15:00:36 CEST | Pressemelding
Med DRAUMAR som tema inviterer Førdefestivalen til sin 33. festival, 5.-9. juli i år. På programmet står artistar frå 25 land, og festivalen tek i bruk 30 store og små arenaer. -Eit skikkeleg møysommeleg puslespel, seier direktør Sølvi Lien om det å lage ein internasjonal festival av dette kaliberet. Ho ser fram til å få programmet ut til folket, og komme i gang med billettsalet for sin første festival som direktør. -Saman med alle andre i festivalbransjen håpar vi at publikum for alvor finn vegen tilbake til konsertane og den levande musikken.
DRAUMAR er årets tema på Førdefestivalen19.1.2023 06:30:00 CET | Pressemelding
-I år vil vi leike oss litt. Fantasere, drøyme og finne gleda i musikken, seier festivaldirektør Sølvi Lien. 5.-9. juli 2023 inviterer den nybakte direktøren til den 33. Førdefestivalen, og temaet for årets festival er Draumar. -Musikk er som skapt for draumar, seier ho, og lovar konsertar med både sirkus, akrobatikk, magi, mystikk, surrealisme og overtru. Festivalen skal feire gleda og mangfaldet i musikken, men vil som vanleg ha med alvoret, for kva skjer den dagen hendingar som krig og ekstremisme set ein stoppar for draumane?
Anne Oline Gullaksen går til Førdefestivalen8.3.2022 14:41:00 CET | Pressemelding
Anne Oline Gullaksen frå Førde er tilsett som ny økonomi- og sponsorsjef i Førdefestivalen. Ho byrjar i jobben 14. mars. - Anne Oline Gullaksen kjem med lang erfaring frå reiseliv og arrangement. Ho har eit stort nettverk, og ikkje minst eit stort engasjement for utviklinga av Førde og Sunnfjord, seier direktør Per Idar Almås. -Eg kjenner meg trygg på at vi har tilsett rett person i denne stillinga.
Direktøren i Førdefestivalen går av22.2.2022 11:56:00 CET | Pressemelding
Direktør og kunstnarleg leiar for Førdefestivalen, Per Idar Almås, går av etter snart fire år i stillinga. Det skjer etter eige ønske.
'Musikk i kriser' tema på Førdefestivalen 6.-10. juli 202228.1.2022 07:30:00 CET | Pressemelding
Temaet for Førdefestivalen 2022 er ‘Musikk i kriser’. -Vi er midt i ein pandemi, ei global krise vi enno ikkje heilt ser enden på, så temaet vårt er nok meir aktuelt enn nokon gong, seier direktør Per Idar Almås, men understrekar at festivalen ikkje skal handle om pandemien. - Med temaet fokuserer Førdefestivalen på musikken si kraft i vanskelege tider. Musikk knyter saman folk, også på tvers av geografiske og kulturelle skilje. Musikk skapar fellesskap og identitet, og det finst mange døme på at musikk spelar ei viktig rolle i viktige motstandsrørsler, seier Almås. I denne omgang slepper festivalen seks artistar. Førdefestivalen vert arrangert 6.-10. juli, og komplett program vert lansert 31. mars. Då startar også billettsalet til festivalen. Musikk i kriser Til Førde kjem artistar frå land vi tenkjer på i samband med krig og naud, og publikum vil møte musikarar som av politiske eller religiøse årsaker har flykta frå heimlanda sine. Andre temaartistar løftar fram ein musikktradisjon e