Fekk EU-millionar for fjerde gong
– Dette visar at med den rette ideen og dei rette folka, kan ein gjere høgteknologiske gjennombrot over alt, òg langt mot nord, seier Balpreet Singh Ahluwalia.
Alvorleg mykje pengar
Chipen han starta å utvikle for snart eit tiår sidan har no vorte til bedrifta Chip NanoImaging. Bedrifta er ei såkalla spin-off frå UiT, og det er formelt sett den som har fått 25 millionar kroner frå EU, i den aller første tildelinga frå EIC Transition-programmet. Tidlegare har Ahluwalia fått ERC Starting Grant i 2013, og ERC Proof-of-Concept i 2017 og 2019. Dei ferske midlane skal brukast på å vidareutvikle og kommersialisere ideen: ein chip som gjer det mogleg å kjapt og billig sjå inn i celler og virus.
– Me er utroleg glade, dette er «serious money», seier Ahluwalia.
No kan dei jobbe vidare med å utvikle og teste ein meir robust prototype, finne fleire tilsette og starte marknadsundersøkingar for å finne dei beste bruksområdane for chipen.
Styrkar bedrift og samarbeid
Dagleg leiar (CEO) i Chip NanoImaging, Jon Kristian Hagene, seier prosjektet vil styrke bedrifta på både vidareutvikling av produkt og ikkje minst på marknadsarbeid der tilbakemeldingar frå brukarar er svært viktige element.
Med seg på laget har dei Karolinska Institutet, som skal teste korleis chippen kan nyttast innan patologi, og EMBL, eit av Europas leiande laboratorium, som skal gjere eit større testprogram for avanserte mikroskopbrukarar innan livsvitskap.
UiT har lenge hatt eit sterkt elektro-optikkmiljø og i dette prosjektet vil i tillegg institutt for informatikk bidra med utvikling innan kunstig intelligens for å prosessere bildedata slik at systema blir endå meir brukarvennlege.
– Tildelinga er ein sterk indikasjon på at EIC deler vårt syn om at det er eit stort marknadspotensial for brikkebasert nanoskopi og at me har et særs godt prosjektteam, seier Hagene.
Hvis du vil se dette innholdet fra uit.no, gi ditt samtykke øverst på denne siden.TEAMET: Frå venstre Merete Storflor (applikasjonsforskar), Jon-Kristian Hagene (CEO), Øystein Ivar Helle (CTO) og Balpreet Singh Ahluwalia.FOTO: JON-KRISTIAN HAGENE.
Inspirasjon for andre på UiT
Prorektor for forsking og innovasjon, Camilla Brekke, er storfornøgd med at eit oppstartsfirma som nyleg har spunne ut frå UiT evner å hente inn heile 25 millionar til eit innovasjonsprosjekt. Ho trur ikkje det er tilfeldig at det er akkurat forskingsgruppa innan optikk og nanoskopi som har lykkast.
– Forskingsmiljøet der er samla sett svært dyktige på å hente inn eksternfinansiering, særleg frå EU. Her har fleire forskingsmiljø ved UiT òg ei moglegheit til å hente inspirasjon, når vi no skal styrke innsatsen vår og kompetanse på innovasjonsfeltet, seier ho.
Kan sjå inn i virus
Sjølve ideen til Ahluwalia bygger på såkalla nanoskopi, kor ein med spesielt utstyr kan sjå objekt som er mindre en det som er fysisk mogleg med tradisjonelle optiske mikroskop. Den oppfinninga fekk Nobelprisen i 2014, og gjer det mogleg å sjå inn i celler og sjå individuelle molekyl. Til dømes er eit Covid-19-virus 150 nm stort, og ikkje mogleg å sjå med tradisjonelle mikroskop som berre kan sjå ned til 200-250 nm. Med nanoskopi kan ein sjå objekt heilt ned til 20 nm, ein enorm forbetring. Chipen til Ahluwalia gjer denne teknologien mindre, enklare å bruke og rimelegare.
– Det har teke nesten eit tiår, og enda er det nokre år igjen før me har eit ferdig produkt. Dette er framleis dei første skritta, seier Ahluwalia.
Hvis du vil se dette innholdet fra uit.no, gi ditt samtykke øverst på denne siden.FORSKJELLEN: vanleg mikroskopbilete av ei levercelle til venstre, nanoskopi til høgre.FOTO: CHIP NANOIMAGING
Ikkje frykt kommersialisering
UiT-professoren er oppteken av at i nokre felt må forsking og kommersialisering gå hand i hand.
– God forsking kan verte god forretning. Gjennom kommersialisering ser ein korleis produkta kan verte brukarvennleg og fungere i ein marknad. Ein skal ikkje vere redd for kommersialisere, seier Ahluwalia.
Ahluwalia vil òg framheve utmerka støtte frå Forskingsrådet, Innovasjon Noreg, Norinnova AS og Norsk Elektro Optikk AS under arbeidet med prosjektsøknaden. Han legg vidare til at panela som evaluerer prosjekt i EU anerkjenner både teknologi og team og dessutan marknadsmoglegheitene for on-chip nanoskopi.
Og fire tildelingar frå EU er ikkje nok. EIC-programmet er tredelt – Pathfinder, Transition og Accelerator – kor Transition handlar om overgangen frå forsking til kommersielt produkt og Accelerator om å vidareføre det kommersielle produktet.
– Me håper å få EIC Accelerator om nokre år, seier han sjølvsikkert.
Ikkje vert forbausa om han lykkast.
Nøkkelord
Kontakter
Kjetil RydlandKommunikasjonsrådgiverUiT Norges arktiske universitet
Tel:95176509kjetil.rydland@uit.noBilder



Om UiT Norges arktiske universitet
Følg pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiT Norges arktiske universitet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
Pressemøte om bord på Statsraad Lehmkuhl i Tromsø11.4.2025 12:36:59 CEST | Presseinvitasjon
Sammen med Stiftelen Statsraad Lehmkuhl og European Space Agency inviterer UiT Norges arktiske universitet til pressemøte om One Ocean Expedition og den kommende seilasen gjennom Nordvestpassasjen, 22. april klokka 10.
Snart Årsfest ved UiT28.3.2025 10:50:27 CET | Pressemelding
Det nærmer seg UiT Norges arktiske universitets bursdagsfeiring, med prisutdelinger og markering av akademiske bragder. Dette og mer kan oppleves ved UiTs fire største studiesteder i uke 14.
Helseundersøkelsene med trippelfrieri: - Bli med og gjør en forskjell!21.3.2025 12:46:39 CET | Pressemelding
Aldri før har det blitt gjennomført en så omfattende kartlegging av helsa til tromsværingen. Hele tre helseundersøkelser i Troms bidrar til en bedre forståelse av folkehelsa i regionen.
UiT-rektorens hilsen på kvenfolkets dag16.3.2025 12:00:00 CET | Pressemelding
Rektor Dag Rune Olsen holder følgende hilsen på kvenfolkets dag 16. mars 2025. Media kan publisere den etter eget ønske etter klokka 12.00 søndag.
1189 ungdommar kjem til UiT for Åpen dag10.3.2025 15:38:45 CET | Pressemelding
Stjernekraft, myteknusing og labeksperiment – slik skal unge frå heile landsdelen få sjå kva høgare utdanning kan by på.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom