Nye styre i helseføretaka i Helse Vest

Agnes Landstad, styreleiar i Helse Vest RHF ser fram til samarbeidet med styra i heseføretaka: - Vi har klare styringsmål for sjukehusa på Vestlandet og kompetansen i styra skal nyttast til god styring og utvikling, for å sørge for at tenestene våre er berekraftige og framtidsretta.
Helseføretaka fekk også oppdrag og styringsdokumenta for 2022 i møtet i dag.
Styret i Helse Vest RHF har lagt vekt på ulike føringar og moment i valet av styremedlemmer i helseføretaka på Vestlandet. Mellom anna slår Helseføretakslova fast at det skal leggjast vekt på legitimitet i befolkninga. Styret skal til saman inneha den naudsynte kompetansen til å ivareta oppdraget og ansvaret styret er pålagt gjennom lovgiving og av eigar.
Styra i Helse Stavanger HF, Helse Førde HF, Helse Bergen HF og Helse Fonna HF har 11 medlemmer kvar der sju er eigaroppnemnde medan fire er valde av og blant dei tilsette. Styret i Sjukehusapoteka Vest HF har ni medlemmer, der seks er eigaroppnemnde og tre medlemmer er valde av og blant dei tilsette.
Dette er dei eigaroppnemnde styremedlemmane i styra i Helse Vest frå 23. februar:
Helse Førde HF
Styreleiar Ole Gunnar Krakhellen
Nestleiar Anne Sissel Faugstad
Aud Ingrid Espeland
Reidar Sandal
Thomas Vingen Vedeld
Marit Hermansen
Ivar Eriksen
Helse Bergen HF
Styreleiar Terje Breivik
Nestleiar Signy Midtbø Riisnes
Rolf Martin Tande
Bente Enehaug-Rebnord
Kjeld Zacho Jørgensen
Per Morten Sandset
Hilde Christiansen
Helse Fonna HF
Styreleiar Petter Steen jr.
Nestleiar Brian Bjordal
Ingvill Skogseth
Anne Sissel Faugstad
Kjersti Follesø
Helga Arianson
Per Karlsen
Helse Stavanger HF
Styreleiar Bjørn Erikstein
Nestleiar Christine Sagen Helgø
Nina Langeland
Hege Ebeltoft
Unn Therese Omdal
Knut Vassbø
Ivar Eriksen
Sjukehusapoteka Vest HF
Styreleiar Trude Marit Risnes
Nestleiar Olav Klausen
Arve Varden
Helle Schøyen
Clara Beate Gram Gjesdal
Ola Jøsendal
Nøkkelord
Kontakter
Bente AaeKommunikasjonsdirektør
Tel:415 33 807bente.aae@helse-vest.noBilder
Om Helse Vest RHF
Det regionale helseføretaket Helse Vest har det overordna ansvaret for sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget det regionale helseføretaket har er å sørgje for at kring 1,1 million innbyggjarar i regionen får dei sjukehustenestene dei har krav på. Hovudoppgåvene til sjukehusa er pasientbehandling, opplæring av pasientar og
pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking.
Nærmare 29 000 medarbeidarar gir spesialiserte helsetenester innanfor fysisk
helse, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling.
Budsjettet for spesialisthelsetjenstena på Vestlandet er på over 30 milliardar kroner.
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Vinn fram med samarbeid og gode løysingar1.12.2023 08:56:21 CET | Pressemelding
Bioingeniør – eit yrke for framtida? Heilt klart, meiner direktør Gunnar Mellgren på Laboratorieklinikken på Haukeland universitetssjukehus. No har han og resten av klinikken fått Helse Vest sin utdanningspris, for å bidra til å heve det faglege nivået på bioingeniørutdanninga.
Ung forskar-pris: Kva gjer ein når bein i munnen forsvinn?20.11.2023 09:14:29 CET | Pressemelding
Det handlar om bein, stamceller og stimuli av vekstfaktor i vev når tannlegen og postdoktoren Siddharth Vivek Shanbhag (38) forklarer forskinga si. Sist veke fekk han Helse Vest sin Ung forskar-pris, for studiane han har gjer for regenerasjon av beindefekter.
Gjeve prisar til kreft- og stamcelleforsking17.11.2023 08:37:17 CET | Pressemelding
Forskar og overlege Lars Andreas Akslen får i år Helse Vest sin forskarpris for sitt arbeid innan kreftforsking. Prisen for årets unge forskar går til Siddharth Vivek Shanbhag, for jobben han gjer innan gjenoppbygging av bein i munnen.
Auka bruk av kikholskirurgi ved tarmkreft9.11.2023 10:27:04 CET | Pressemelding
Bruken av kikholskirurgi ved tjukk- og endetarmskreft har auka mykje dei siste åra. – Dette er ei god utvikling. Metoden er meir skånsam for pasientane, seier fagdirektør i Helse Vest RHF, Bjørn Egil Vikse.
Felles løft for psykisk helsevern6.9.2023 14:48:13 CEST | Pressemelding
Ni tiltak og fire miniprosjekt skal no i gang i sjukehusa på Vestlandet, for å styrkje den faglege kapasiteten i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom