Dette er den nye fagdirektøren i Helse Vest

– Dette blir veldig spennande. Eg gler meg til nye utfordringar og å jobbe for ei god spesialisthelseteneste på heile Vestlandet, seier Bjørn Egil Vikse, som kjem frå jobben som klinikkoverlege og forskar innan nyremedisin ved Haugesund sjukehus i Helse Fonna.
Men frå august 2022 blir han ny fagdirektør i Helse Vest RHF. Vikse har bakgrunn som professor ved Universitetet i Bergen og er spesialist i indremedisin og i nyresjukdommar.
Vil jobbe for gode faglege rammer i sjukehusa
Han tok doktorgrad i 2003 og har som professor vore ein aktiv leiar av fleire forskingsprosjekt innan nyresjukdommar - i tillegg til å arbeide som koordinator for medisinstudentutplasseringa i Helse Fonna. Vikse starta ved Haugesund sjukehus i 2012 og har vore klinikkoverlege ved medisinsk klinikk i Helse Fonna sidan 2017. I denne stillinga har han mellom anna jobba med organisering og drift av legetenesta, opplæring av legar i spesialisering og kvalitetsarbeid.
– Eg har jobba i spesialisthelsetenesta på Vestlandet sidan eg fekk min første sommarjobb som medisinstudent med lisens på Haukeland universitetssjukehus i 2001. Eg har dei siste åra fått kjennskap òg til dei andre sjukehusa i Helse Vest - og ser fram til å jobba for at medarbeidarane på alle sjukehusa skal få gode faglege rammer for å gjere ein så god jobb som mogleg, fortset han.
Startar i august
Vikse tek over etter Baard-Christian Schem, som sjølv har ønskt å gå over i ny rolle i Helse Vest RHF etter tolv år i jobben som fagdirektør.
– Eg er veldig glad og fornøgd med at Bjørn Egil Vikse har takka ja til jobben. Fagdirektørstillinga i Helse Vest RHF har stor betydning, både i nasjonal samanheng og i samarbeidet i regionen vår. Eg ser fram til at han byrjar hos oss i august, seier administrerande direktør i Helse Vest, Inger Cathrine Bryne.
Nøkkelord
Bilder

Lenker
Om Helse Vest RHF
Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Vi har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. I heile Helse Vest er det om lag 30 000 tilsette som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane på Vestlandet. Helse Vest er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vi eig dei fem helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Helse Vest satsar på ombruk i byggeprosjekt16.6.2025 13:25:28 CEST | Pressemelding
Helse Vest og fleire offentlege aktørar går nå saman for å gjere byggebransjen meir miljøvennleg. Målet er å bruke meir av det som allereie finst – i staden for å kjøpe nytt.
Dette forska sjukehusa på i 202410.6.2025 13:50:56 CEST | Pressemelding
Fjernstyrt CT, betre demensomsorg og genetisk risiko for sjukdom – i 2024 blei det gjort mykje god og viktig forsking i norske sjukehus, og tysdag 10. juni blei den årlege rapporten om forsking og innovasjon i spesialisthelsetenesta overrekt til statsråd Jan Christian Vestre. Helse- og omsorgsministeren fekk samstundes presentert eit prosjekt frå kvar region som døme på det spennande forskings- og innovasjonsarbeidet i sjukehusa.
DBT-team vann pris4.6.2025 13:48:06 CEST | Pressemelding
Gjennom 20 vekers intens terapi med DBT-A-teamet på Haukeland, får fortvilte ungdommar ein ny kvardag. Frå 75 prosent som sjølvskadar før dei byrjar kurset, er 96 prosent skadefrie når dei går ut.
Grep mot overforbruk av radiologiske tenester15.5.2025 13:00:51 CEST | Pressemelding
Talet på radiologiske undersøkingar aukar i Noreg, og mange pasientar blir undersøkt utan at det er nødvendig. Ved å redusere berre ein type unødig undersøking, kan vi frigjere kapasiteten til 15 MR-maskinar på eitt år.
Trusselvurdering 2025: Det digitale trusselbildet mot spesialisthelsetenesta6.5.2025 09:00:00 CEST | Pressemelding
I dag blir trusselvurderinga for spesialisthelsetenesta publisert. Trusselvurderinga belyser truslar knytt til utpressing, løysepengevirus, cyberspionasje, destruktive cyberangrep og sabotasje som kan ramme sjukehusa.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom