OJKOS & Andreas Rotevatn slepp singelen "Ridderrast"
4.2.2022 10:19:51 CET | Sounds Like Gold | Pressemelding

OJKOS & Andreas Rotevatn - "Ridderrast" - singel ute 04. februar
Dette er andre gong vestlendingen, Andreas Rotevatn, gjev ut ei plate med sin musikk for OJKOS. Den førre, alea iacta est, gav han ein nominasjon til Spellemannsprisen i kategorien Tonos komponistpris. Rotevatn har óg produsert plata, denne gongen i samråd med ei av hans inspirasjonskjelder: Lars Horntveth, mest kjend frå Jaga jazzist.
I tillegg til OJKOS sine faste 14 frilanserar, har bandet med Eivind Helgerød som gjest. Han er både ein framifrå trommeslagar, og ein suksessfull produsent. Mellom anna har han produsert dei to første platene til Emilie Nicolas, og Cezinando sitt seinaste album.
Musikken på plata hentar inspirasjon frå mang ei kjelde, men alltid med ein groovy beat som følgesven. No kan du ta ein dans i møte med "Ridderrast", kor skeive taktartar viser seg å være dansbare dei óg. Komponist og produsent på plata, Andreas Rotevatn, har choppa opp tromminga til Eivind Helgerød, og hintar med det til både hip hop og elektronisk musikk. Men samtidig er det fortsatt med ein fot i jazzen, med rom for ein salig gitarsolo ved Arne Martin Nybo, og Gil Evans-inspirerte messingakkordar.
I tillegg har kunstnar Bjørnar Sira laga ein musikkvideo til låta - eit noko uvanleg fenomen i jazzverda. Her møter ein kontrasta mellom det elektriske og akustiske, det tidlause og det øyeblikkelege, og den hasten ein møter i bylivet i forhold til den rasten ein finn i naturen.
Musikarar:
Henriette H. Eilertsen - Fløyte
Camilla Hole - Sopransax
Tina Lægreid Olsen - Barytonsax, bassklarinett
Richard Köster - Trompet
Tancred Heyerdahl Husø - Trompet
Lyder Øvreås Røed - Trompet
Magnus Murphy Joelson - Trombone
Johannes Fosse Solvang - Trombone
Andreas Rotevatn - Trombone, FX
Arne Martin Nybo - Guitar
Mike McCormick - Guitar, laptop
Kristoffer Håvik - Rhodes, synthesizer
Alexander Hoholm - El-bass
Knut Kvifte Nesheim - Vibrafon, marimba
Eivind Helgerød - Trommer
Nøkkelord
Kontakter
Frøydis Bergheim RuudLabel Manager: Heilo / Odin / Hubro
Tel:924 62 924froydis@grappa.noBilder



Lenker
Om Sounds Like Gold
Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Andreas Rotevatn, Lindstrøm og Tuva Syvertsen tek lyttaren på ei energisk musikalsk reise på «Flod og fjære»1.5.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Ny singel frå Andreas Rotevatn! "Flod og fjære" tek lyttaren på ei energisk musikalsk reise, der stjernebandet* til Rotevatn groovar noko grasalt saman med Lindstrøm sine særmerkte synthar og Tuva Syvertsen si raspete, dog nydelege, røyst. "Flod og fjære" er ute i dag. Lytt her.
Leif Ove Andsnes gir nytt liv til Geirr Tveitts tapte pianounivers24.4.2026 08:45:00 CEST | Pressemelding
Da Leif Ove Andsnes spilte inn Geirr Tveitts Pianosonate nr. 29, «Sonata etere» (op. 129) i Londons St. Jude-on-the-Hill sommeren 2025, markerte det kulminasjonen på et intenst, to år langt kunstnerisk samliv med et av de mest særegne og ambisiøse verkene i norsk musikkhistorie.
Leif Ove Andsnes Brings New Life to Tveitt’s Only Surviving Piano Sonata on New Album24.4.2026 08:45:00 CEST | Press release
Leif Ove Andsnes presents music of Norwegian composer Geirr Tveitt (1908-1981) on this Simax Classics recording of Tveitt’s Sonata No. 29 ‘Sonata etere’ and Folk Tunes. Also recorded here is a selection of Tveitt’s Songs together with Leif Ove Andsnes’ sister, singer Solveig Andsnes.
Espen Berg Trio slipper første singel «Rue Saint-Michel» fra sitt nye album17.4.2026 08:55:00 CEST | Pressemelding
Den prisvinnende og kritikerroste Espen Berg Trio er tilbake med ny vakker musikk, og slipper nå første singel “Rue Saint-Michel” fra det kommende albumet Entropies, som utgis 5. juni 2026 på Svale Records.
Espen Berg Trio release first single from Entropies: “Rue Saint-Michel”17.4.2026 08:55:00 CEST | Press release
The award-winning and critically acclaimed Espen Berg Trio return with new music, releasing their first single “Rue Saint-Michel” from the upcoming album Entropies, out June 5, 2026 on Svale Records.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
