Sounds Like Gold

Andreas Rotevatn, Lindstrøm og Tuva Syvertsen tek lyttaren på ei energisk musikalsk reise på «Flod og fjære»

1.5.2026 09:00:00 CEST | Sounds Like Gold | Pressemelding

Del

Ny singel frå Andreas Rotevatn! "Flod og fjære" tek lyttaren på ei energisk musikalsk reise, der stjernebandet* til Rotevatn groovar noko grasalt saman med Lindstrøm sine særmerkte synthar og Tuva Syvertsen si raspete, dog nydelege, røyst.

"Flod og fjære" er ute i dag. Lytt her.

Foto: Marte Gundersen
Foto: Marte Gundersen

Ein journalist har skildra musikken til Rotevatn sảnn: "Tenk at musikk kan være såleken og innfallsk, så energisk, drivende og kødden, så smart og så dum! Musikken er pop, men ikke popete. Det er jazzete, men ikke jazz. Men hvem bryr seg egentlig om slike kategorier? Rotevatn er rett og slett grisebra musikk. Terningkast 6." - Joakim R. Bertelsen, konsertanmeldelse i Bergens Tidende.

Audun Vinger, som såg Andreas Rotevatn spele foran ein stappfull sal med 500 mennesker på
Vossajazz 2026, skreiv forundra: "Det er egentlig ingen grunn til at dette her fra en ganske ukjent trombonist skal få noe publikum. Men det var rett og slett fullt i Gamlekinoen denne kvelden. Hva er det som skjer?"

"Då vi spelte inn låta i studio, meinte teknikar Marcus Forsgren at musikken var ein slags indie-versjon av låtane til Michael Jackson. Eg er jo kjempestor Rod Temperton-fan, so det var kjekt å høyre!" seier Rotevatn. Han held fram: "Eg har ein kjærleik for dansemusikk, det vere seg norsk spacedisco fra 2000-talet, fransk 90-talshouse, disco frå tidleg 80-tal eller gospelmusikken frå 70- talet". Og låta Flod og fjære er på eit vis ei symbiose av alle desse referansane - elektroniske lydar lev side om side med akustiske trommer.

Sjølv om mykje dansemusikk, i alle fall dei seinare tiåra, er spelt inn lagvis av nokre få personar, insisterte Rotevatn på at bandet skulle vere i same rom og spele inn musikken samstundes. "Det er ein eigen energi i det å måtte prestere saman som eit band i sanntid, utan at enkeltpersonar kan endre og flytte og ta nye takes i det uendelege. Ein må vere på! Og deri ligg ein heilt eigen energi, ei kjensle av å hoppe utan reservefallskjerm. Eg trur det er slik ein verkeleg kan få det til à groove!"

Foto: Dionisia Fjelldalen
Foto: Marcus Forsgren

Legenda Hans-Peter Lindstrøm er med på låta, noko han óg var på to låtar på den førre soloplata til Rotevatn. "Då eg sendte låta til mastering, utan informasjon til George Tanderø om kven som spelar synth på låta, høyrde han med ein gong kven det var! For Lindstrøm har den her heilt særeigne stilen i soundet sitt. Og so er han ein ekspert på å finne ut kva som skal til for at det skal svinge akkurat endå litt til av ei låt." Lindstrøm fortel: “Da Andreas sendte meg opptakene frå studio, var det første jeg tenkte: for et herlig gospel-driv på slutten! Jeg leita fram Roland Tb303-en min, en Juno 6 og Moog Matriarchen min, og improviserte frem noen arpeggioer jeg syns bandt låten fint sammen."

For å finne ein vokalist til å kunne bære teksten i låta, spurde Rotevatn Tuva Syvertsen. "Med si eiga evne til å vere intim og rå på same tid, kler ho musikken perfekt," seier Andreas. "Og so er ho god på å vere austlending som syng på nynorsk, utan at det vert corny, hehe."

Tekstleg hentar låta inspirasjon frå Den guddommelege komedia, diktet "Når du mest må strida" av Ivar Aasen og songteksten "Alders møte" av Hartvig Kiran. "Eg ynskte å sei noko i tråd med det Ivar Aasen påpeiker i sitt dikt - det er når du i livet har kome deg til ein topp, at du stend i fare for å gå i nedoverbakke. Altso, pass deg når livet går bra! Men samstundes kan ein glede seg over det motsette, at ein skal gjere seg sine største ønsker for ei god framtid, når livet gjeng ein imot. Det ligg noko trøystande i det, tykkjer eg." 

Andreas Rotevatn spelar fleire festivalar i år, mellom anna Vossajazz, Vinjerock og Ranglerock.

*Andreas Rotevatn - trombone, tangentar & vokal 
Sander Nordahl - gitar
Nikolai Hængsle - bass
Elias Tafjord - trommer

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Foto: Marcus Forsgren
Foto: Marcus Forsgren
Last ned bilde
Foto: Dionisia Fjelldalen
Foto: Dionisia Fjelldalen
Last ned bilde
Foto: Marte Gundersen
Foto: Marte Gundersen
Last ned bilde
Foto: Marte Gundersen
Foto: Marte Gundersen
Last ned bilde
Foto: Marte Gundersen
Foto: Marte Gundersen
Last ned bilde
Foto: Marte Gundersen
Foto: Marte Gundersen
Last ned bilde

Lenker

Om Grappa Musikkforlag

Grappa Musikkforlag A/S ble etablert i 1983 og er et av Norges største uavhengige plateselskap. I år 2023 har Grappa 40 års jubileum. 

Grappa Musikkforlag har gitt ut over fire tusen album spredt på ulike labler. Foruten Grappa som favner viser og pop, så utgis klassisk musikk på Simax Classics, folkemusikk og verdensmusikk på Heilo, blues og country på Blue Mood og jazz på Hubro.

Grappa samarbeider med Egmont Kids Media Nordic AS om utgivelse av barnemusikk gjennom Barneselskapet. Grappa samarbeider med Norsk Jazzforum om innspilling og utgivelse av norsk jazz på Odin. Grappa har også et tett samarbeide med Rune Grammofon og Drabant Music.

Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye