Skal få samiske rettar inn i helse- og sosialutdanningane
«Læringsaktivitetar om samiske rettar i helse- og sosialtenestene» er namnet den nye ressursen UiT har utvikla for utdanningar i heile Noreg. Den skal gje studentar i helse- og sosialfag betre kjennskap til samiske samfunn, kultur, historie og ikkje minst, samars rettar i møte med helsevesenet.
UiT tok utfordringa
I 2017 kom kunnskapsdepartementet (KD) med ei ny forskrift om felles rammeplan i helse- og sosialfagutdanningar. Eit av dei tolv krava om felles læringsutbytte ved utdanningane, er at alle sosial- og helsefagstudentar i heile Noreg skal «kjenne til samars rettar, og ha kunnskap om og forståing for samanes status som urfolk».
Hvis du vil se dette innholdet fra uit.no, gi ditt samtykke øverst på denne siden.STOLT: Prorektor Kathrine Tveiterås Foto: UiT / David JensenHer måtte universiteta trå til, og da var det naturleg at eit universitet i Sápmi tok føringa. UiT satt saman ei fagleg brei gruppe som har jobba i 2,5 år med å svare på krava frå KD. Det fanst ingenting frå før, så dei starta heilt frå null. No er læringsressursen klar til å verte tatt i bruk i all høgre utdanning i Noreg.
Prorektor for utdanning ved UiT, Kathrine Tveiterås er stolt over arbeidet som er gjort:
– Med vår fagkunnskap om samiske språk og kulturar skulle det berre mangle at det er UiT som har tatt ansvaret med å utvikle modulane. Læringsressursen er viktig for å sikre at alle som utdannar seg innan helse- og sosialfag får den nødvendige kompetansen, seier ho.
Tverrfagleg og fleksibel
Modulen skal kunne brukast på minst 20 ulike utdanningar i fagfeltet, i alt frå medisin og sjukepleie til psykologi, sosionom, ernæring og ergoterapi. Den er derfor framfor alt fleksibel, der institusjonane sjølve skal kunne hente ut dei delane dei treng til sine utdanningar og fag – gjerne slik at studentane bruker ressursen fleire gonger i løpet av studieforløpet.
Framleis store kunnskapshol
Ann Ragnhild Broderstad har leia utviklingsarbeidet. Ho er overlege ved Universitetssjukehuset Nord-Norge (UNN) og fagleg leiar for Senter for samisk helseforsking (SSHF) ved UiT.
Hvis du vil se dette innholdet fra uit.no, gi ditt samtykke øverst på denne siden.LEIA ARBEIDET: Ann Ragnhild Broderstad. Foto: UiT– Vi håper jo at det skal verte spennande og artig for studentane å bruke ressursen. Men og utfordrande og litt vondt, seier Broderstad.
– Vondt?
– Ja, på nokre områder treng me ei oppvakning. Sjølv i dag opplever samisk pasientar mykje uforstand i norsk helsevesen, kor samisk mistolkast som babling eller forvirring. Det er framleis store kunnskapshol, og det må me gjere noko med, seier ho.
Meir kunnskap og sensitivitet for samanes rettar og historie i helsevesenet har vore etterlyst lenge. I møtet mellom pasient og helsearbeidarar er kommunikasjon sentralt, og samiske pasientar har vore møtt med stereotypiar, dei har måtte vere tolk for eiga familie, og ein er redd for at samar kan ha auka risiko for feilbehandling på grunn av dårleg kommunikasjon. Ein kan og sjå at samar kan snakke om eiga helse på andre, meir indirekte måtar. Fornorskinga har òg skapt eit intergenerasjonelt traume, som gjer at nokre kan vere skeptiske til helsevesenet.
Eit løft
Læringsressursen vert gratis tilgjengeleg for alle universitet i Noreg gjennom ei felles bank kor institusjonane deler ressursar. Slik gjer ein felles løft på mange fagfelt. Opne ressursar er kjempeviktig for heile sektoren, forklarar Tveiterås:
– Eg er kjempestolt over våre fagmiljø som har gjort jobben, og eg trur det kan tene som modell for utvikling av fleire delte læringsressursar i tida framover, seier prorektoren
Hvis du vil se dette innholdet fra uit.no, gi ditt samtykke øverst på denne siden.STILLE PÅ SETT: Crew og skodespelare frå filmen om Amanda. Foto: Inger Dagsvold / SSHFKomplekse situasjonar
Som alle folkeslag er samane ei heterogen gruppe og det er alltid ei fare for å generalisere når ein skal inn i pasientsituasjonar. Men ein har krav til å få hjelp på morsmålet sitt, og dessutan ser ein at i krisar og ved trussel mot liv og helse kan språkkompetanse svekkast. Då må ein kunne ta nødvendige grep, skaffe tolk og vere bevisst eiga kommunikasjon. Det er helse- eller sosialarbeidaren som har ansvar for at pasientane får eit godt tilbod som er tilrettelagd dei.
Fornorskinga har og gjort at nokre samar held bakgrunnen sin hemmeleg for alle, til og med eigne barn og barnebarn. Dei har skamma seg over å vere samiske.
– Det kan oppstå situasjonar kor til dømes ein eldre slagpasient tek til å snakke sin barndoms samiske språk, etter å ha heldt bakgrunnen sin skjult i 60–70 år. Då kan du få sterke reaksjonar frå pårørande, sinna ektefellar og barn som ikkje veit at dei er samiske. Kva gjer du då, spør Broderstad.
Hvis du vil se dette innholdet fra uit.no, gi ditt samtykke øverst på denne siden.VISUELL: Slik går ein fram i møte med pasientar med anna morsmål enn norsk. Foto: Illustrasjonsbillete frå ressursen.Kan nyttast i andre samanhengar
Ressursen har òg verdi utanfor samiske miljø, og kan nyttast til opplæring for alle situasjonar kor helse- og sosialarbeidarar møter menneske med eit anna morsmål eller kulturell bakgrunn enn norsk. Til dømes korleis ein jobbar saman med ein tolk.
Om du ikkje er student og møter modulen i studiane dine, er mykje av innhaldet opent tilgjengeleg på Reaidu, UiT sin opne nettressurs om samisk historie, samfunn og kultur. Her finn du faginnhold som kan nyttast i mange fagfelt og utdanningar.
No håper Broderstad at modulen vert tatt i bruk, så den får bryne seg på verkelegheita:
– Den er ikkje ferdig, og det vert den kanskje aldri. Folk må bruke den og gje oss tilbakemeldingar, så kan me gjere den enda betre. Det er til vårt felles beste, seier ho.
Kontakter
Ann Ragnhild BroderstadProsjektleiar og overlege
Tel:77646221Tel:95970559ann.ragnhild.broderstad@uit.noKjetil RydlandKommunikasjonsrådgiverUiT Norges arktiske universitet
Tel:95176509kjetil.rydland@uit.noBilder



Om UiT Norges arktiske universitet
Følg pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiT Norges arktiske universitet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
Matsikkerhet og folkehelse: Forsker på krisescenarier24.6.2025 14:40:56 CEST | Pressemelding
Hva skjer med matsikkerheten vår hvis europaveien gjennom Troms blir stengt på grunn av sabotasje? Eller hvis antall nordnorske bønder blir enda lavere?
Kronprins Haakon åpner UiT-arrangement i Nice5.6.2025 08:00:00 CEST | Pressemelding
H.K.H. Kronprins Haakon innleder på UiTs arrangement om fremtidens Arktis under FNs havkonferanse i Nice, tirsdag 10. juni. Den kommende seilasen gjennom Nordvestpassasjen er blant det som skal presenteres.
Feirer Verdens havdag med fest og forskning en hel uke4.6.2025 11:44:15 CEST | Pressemelding
Havuka 2. til 8. juni i Tromsø samler både eksperter innen havforskning, havnæringene og folk i gata til konferanse, sjømat-streetfood, tango, nordnorsk folkemusikk og populærvitenskapelige foredrag.
Her er UiT sine nye prorektorer2.6.2025 10:10:13 CEST | Pressemelding
Universitetsstyret har i dag vedtatt å tilby Rikke Gürgens Gjærum og Jørgen Berge stillinger som prorektor fra 1. august 2025 for en periode på 4 år. Begge har takket ja.
Skal undersøke helsa til 140 000 norske kvinner2.6.2025 09:19:53 CEST | Pressemelding
Spørreundersøkelsen "Kvinner og helse" ser nærmere på hvordan levevaner og sosiale forhold i livet er knyttet til sykdomsrisiko, helse og helserelatert livskvalitet blant kvinner.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom