Møreaksen ligg fast

Statens vegvesen gjennomførte ei tilleggsutgreiing av Romsdalsaksen i fjor haust. Formålet var å komplettere tilleggsutgreiinga av Romsdalsaksen frå 2019 ved å sjå nærmare på ei av dei undersjøiske løysingane langs Romsdalsaksen som ikkje var med i den opprinnelege utgreiinga. Samferdselsdepartementet er no ferdig med å gå gjennom utgreiinga.
I samband med konseptvalutgreiinga (KVU) i 2011 blei det satt nokre samfunnsmål og effektmål. Dei ulike alternativa for kryssing av Romsdalsfjorden blei sett opp mot desse måla i 2011, og ved tilleggsutgreiingane i 2019 og 2021.
Møreaksen har høgast trafikantnytte, kortare reisetid Ålesund–Molde, og størst utviding av bu- og arbeidsmarknadsregionar. Han har høgast netto nytte når fastlandssambandet til Gossen, eit planlagt fylkesvegprosjekt, blir rekna med. Møreaksen har òg lågare usikkerhet og risiko fordi planleggingsarbeidet har kome lenger og meir av usikkerheita i prosjektet er allereie avklart.
– Det er heilskapen i dei ulike alternativa vi må sjå på. Da er Møreaksen det beste alternativet basert på dei måla som er satt for prosjektet, seier samferdselsministeren.
Bilder

Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Oppstart for E134 Røldal – Seljestad19.5.2025 13:55:53 CEST | Pressemelding
Måndag 19. mai sette samferdselsminister Jon-Ivar Nygård første spadestikk for strekninga E134 Røldal - Seljestad. – Dette er første etappe for ein ny og tryggare veg mellom Seljestad og Røldal – eit prosjekt som vil få stor betydning for heile regionen, og for aust/vest-forbindinga i landet, sa Nygård under markeringa.
Offisiell oppstart av arbeid med ny E6 forbi Lillehammer16.5.2025 13:03:32 CEST | Pressemelding
- E6 binder landet sammen fra nord til sør – dette er en av landets viktigste hovedveier. Målet er å få folk og varer fram raskere og tryggere. Det er bra for næringslivet, for innlandet og for alle de som bruker veien i hverdagen, sier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Revidert nasjonalbudsjett 2025: Foreslår auka støtte for å sikre godstogoperatørane15.5.2025 10:45:00 CEST | Pressemelding
Regjeringa foreslår å auke løyvingane til godstogoperatørar med 100 millionar kroner. 70 millionar kroner er foreslått i kompensasjon for den langvarige innstillinga av godstrafikken på Dovrebanen tidlegare i år, og 30 millionar kroner er foreslått til tilskotsordninga for å overføre gods frå veg til jernbane.
RNB 2025: Meir vedlikehald av riksvegane våre15.5.2025 10:45:00 CEST | Pressemelding
- I tråd med ny NTP ønsker regjeringa å ta betre vare på vegane våre. Gode og trygge vegar er viktig for beredskapen i landet, og for alle dei som er avhengig av vegane i kvardagen – både som arbeidsplass og transportåre. Derfor foreslår vi over 300 millionar kroner meir til vedlikehald av riksvegar, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Revidert nasjonalbudsjett 2025: Auka løyving til fornying og mindre investeringar på jernbanen15.5.2025 10:45:00 CEST | Pressemelding
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til fornying og mindre investeringar på jernbanen med 66,8 millionar kroner i årets statsbudsjett. Prioriteringa skal bidra til ein meir punktleg trafikk, færre innstillingar og enda tryggare togframføring, hovudsakeleg på Nordlandsbanen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom