Ny asfalt på riksveg 13 mellom Hella og Leikanger
– Det er møtelommer og delar av vegen det skal arbeidast på, seier byggeleiar Jørn Kristian Engebø i Statens vegvesen.
Jobben på den 13 kilometer lange vegstrekninga vil verta gjort over fem dagar, frå og med 15. til og med 19. november.
Arbeidstidene og trafikkflyten blir likeins kvar dag:
* Klokka 0700 - 0900 blir det ventetid på inntil 15 minutt
* Frå 0900 - 1500 kan vegen bli stengd inntil ein time om gongen.
* 1500 - 1700: Ventetid inntil 15 minutt.
* Og frå klokka 1700 - 2100: Vegstenging inntil ein time
Det blir teke omsyn til rutegåande trafikk. Utrykkingskøyretøy får passera.
Statens vegvesen har forståing for at vegarbeid med slike stengingar kan vera krevjande for trafikantane, understrekar Engebø.
– Men då er det samtidig viktig å minna om at de me gjer dette nettopp for dei, for at trafikktryggleiken og framkomelegheita skal kunna varetakast også i framtida, legg han til.
Dei reisande vert oppmoda om å sjekka 175.no før dei skal ut og køyra. Her finn ein til ei kvar tid oppdatert informasjon om situasjonen på alle norske vegar.
Nøkkelord
Kontakter
Jørn Kristian EngebøStatens vegvesen Plan og utbygging
Tel:95191891jorn.engebo@vegvesen.noBilder
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Svært kraftige vindkast er varsla, vis aktsemd på vegane4.8.2025 15:05:55 CEST | Pressemelding
Meteorologisk institutt har sendt ut oransje farevarsel for svært kraftige vindkast for delar av Sunnhordland, Rogaland og Agder.
Arctic Race: Her blir det stengte veier 7.-10. august4.8.2025 11:05:33 CEST | Pressemelding
I perioden 7.-10. august blir en rekke veistrekninger i Troms berørt av sykkelrittet Arctic Race.
Kolonnekøyring på E16 ved Stanghelle frå og med 5. august1.8.2025 14:28:01 CEST | Pressemelding
Frå tysdag 5. august blir det kolonnekøyring ved Stanghelle med faste kolonnetider i tidsrommet mellom klokka 07:00 og 19:30 måndag til søndag. Trafikantar må førebu seg på 30 minutt venting.
Sommertrafikken tar liv: 17 omkom på vegene i juli1.8.2025 06:30:00 CEST | Pressemelding
17 personer omkom på norske veger i juli. Sju av dem i Vestland fylke.
Stenger E16 ved Dale grunna støyping av tunnelportal31.7.2025 15:07:17 CEST | Pressemelding
E16 vert stengd ved Dalseidtunnelen laurdag 16. august kl. 06.00 og i litt over eitt døgn. Ein ny seksjon av rassikrings-portalen på tunnelen skal støypast.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom