– Ligg til rette for å bli verdas beste mediehus

– Eg har hatt gleda av å oppleve både det gamle og det nye mediehuset. I dei gamle lokala for medieutdanningane vart eg fortald at Volda har den beste medieutdanninga i Noreg. Og når eg nå står i det nye Sivert Aarflot-huset, så føler eg at vi endeleg også kan sjå at Volda har den beste medieutdanninga i Noreg.
Slik opna journalistikkstudent og programleiar Maria Pedko Lindbäck ballet under seremonien då Sivert Aarflot-huset offisielt skulle overleverast frå Statsbygg til Høgskulen i Volda (HVO) tysdag.
Stort og innhaldsrikt
Med sin flotte og særeigne arkitektur, 4000 kvadratmeter fylt med fjernsynsstudio, radiostudio, fotostudio, teiknesal, «framtidslab», møterom, grupperom, redaksjonslokale og arbeidsplassar for tilsette er ikkje huset berre eit nytt blikkfang i Volda, men også eit topp moderne hus, for i hovudsak medieutdanningane ved HVO, som skal romme mykje.
Først og fremst skal det romme dei om lag 600 mediestudentane og 50 tilsette ved Avdeling for mediefag. Dei er for første gong på mange år samla under eitt tak. Våren 2021 vart det drive medieutdanning på sju ulike stader på høgskuleområdet.
No skal bachelorutdanningane i animasjon, journalistikk, medieproduksjon, PR, kommunikasjon og media og Master in Media Practices alle ha sine faste lokale i det nye huset.
Best i verda
I staden for å overrekke ein nøkkel, gav avdelingsdirektør i Statsbygg, Linda Sunde Eriksen, ein plakett med ein QR-kode på, som digitalt også inneheld grunnsteinen til bygget med blant anna teikningar, planar og anna viktig materiale for bygget. På den måten vart det også skrive ny historie på enda ein måte under seremonien, då dette var første gong Statsbygg har gjort nok slikt.
Framtidsretta, akkurat slik rektor ved HVO, Johann Roppen, rosa det nye huset for å vere.
– Eg har sagt at dette skal bli verdas beste mediehus. Det ligg til rette for det på alle måtar. Vi har halde på med medieutdanning i 50 år og har bygd det nye huset basert på efaringane i desse åra. No har medieutdanningane i Volda for første gong på mange år vorte samla under eitt tak og fått glimrande lokale for nye 50 år med medieutdanning. Minst. Men også med forventningar og samarbeid og bruksrett også for andre utdanningar på Høgskulen i Volda, sa Roppen i sin tale og følgde opp:
– No handlar det berre om kva vi klarer å få ut av det. Og den jobben, det målet, er det opp til studentar, tilsette og leiing på Høgskulen, men særleg Avdeling for mediefag å arbeide for.
– Utvikle kreativt og leike
Kate Kartveit, dekan ved Avdeling for mediefag, plukka greitt opp den ballen. Kledd i bunad og feststemd var dekanen begeistra over det ein har fått til, og like oppelda og visjonær for det ein skal få til.
– Nesten alle våre emne kan gjennomførast i dette bygget. Det gir ein helt ny dynamikk, både mellom tilsette, mellom studentar og tilsette og mellom studentar. Vi trur huset vil gi rammer for nye samarbeidsformer på tvers av fagmiljø og utdanningar, sa Kartveit.
Hun var også opptatt av funksjonalitetene og dei tekniske løysingane huset rommer.
– Alle dei tekniske moglegheitene vi no har vil gi oss moglegheit til å utvikle oss kreativt, til å leike og ha det godt på arbeid. Med Sivert Aarflot-huset får vi ei verktøykasse som vi skal bruke til å utfordre oss sjølve, vere innovative, nytenkande – akkurat som Sivert Aarflot, som huset er oppkalla etter.
Fakta om Sivert Aarflot-huset:
- Leigetakar: Høgskulen i Volda
- Byggherre: Statsbygg v/Jens Kristian Hersløv
- Totalentreprise: PEAB/K.Nordang v/ Lars Ole Tomren
- Arkitekt: LINK arkitektur
- Lokale underleverandørar: Tussa installasjon, Egset Ventilasjon, Brænde Rør, Berknes, Ulstein Betong, Ålesund låsservice, Byggmontering Møre
- Byggeperiode: November 2019 - juli 2021
- Grunnstein: 1.10.2020
- Nøkkelseremoni: 26.10.2021
- Prosjektkostnad: Ca. 220 mill.
- Inventar/møblar/medieteknisk utstyr: Ca. 30 mill (betalt av HVO)
- Storleik: Ca. 3.900 m2
- Kapasitet: Arbeidsplassar til ca. 50 tilsette og ca. 600 studentar
- Romplan: Fjernsynsstudio, radiostudio, fotostudio, teiknesal, «Framtidslab», møterom, grupperom, osb.
- Bachelorutdanningar: Journalistikk, PR og kommunikasjon, Medieproduksjon, Animasjon
- Master: Media practices
For å se denne videoen, må du gi ditt samtykke øverst på denne siden.Direktesending fra hele opninga
Nøkkelord
Kontakter
Johann RoppenRektor
Tel:+47 70 07 50 20Tel:+47 472 86 423johann.roppen@hivolda.noLine Lauvsnes OddekalvKommunikasjonssjef
Tel:+47 481 04 676line.lauvsnes.oddekalv@hivolda.noBilder
Lenker
Om Høgskulen i Volda
Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.
Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
Doktordisputas: Erlend Walseth14.2.2025 12:08:45 CET | Pressemelding
28. februar skal Erlend Walseth forsvare avhandlinga si for doktorgraden i helse- og sosialfag på Høgskulen i Volda.
Forskar for mindre synsing om digitale verktøy i skulen1.11.2024 09:55:42 CET | Pressemelding
Korleis påverkar skriving på tastatur når seksåringar skal skrive sine første tekstar? Ein ny studie frå Volda-forskarar blir lesen med stor interesse over heile verda.
Doktordisputas: Kirsti Kverndokk Bjerkan11.9.2024 12:50:35 CEST | Pressemelding
Måndag 23. september skal Kirsti Kverndokk Bjerkan forsvare avhandlinga si for doktorgraden i helse- og sosialfag på Høgskulen i Volda.
Tanken bak ei nyheitssak15.8.2024 08:37:04 CEST | Pressemelding
Kva er ei god sak for ein nyheitsredaksjon? Ei fersk bok frå journalistikkmiljøet ved Høgskulen i Volda zoomar inn på kvardagen i store norske mediehus.
Startar ny naturfagutdanning ved Høgskulen i Volda10.4.2024 10:41:57 CEST | Pressemelding
Berekraft, pandemi og klimakrise er ord som pregar nyheitsbiletet. For at folk både skal kunne undervise i og forstå betre slike komplekse tema, satsar Høgskulen i Volda på eit splitter nytt og fleksibelt studium innan naturfag.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom