Anders Behring Breivik avvist av ytre høgre
I kjølvatnet av terrorangrepa mot regjeringskvartalet og mot AUF sin ungdomsleir på Utøya 22. juli 2011, vart det spekulert i kva støtte terroristen ville få. For første gong har det no blitt gjort ei grundig og vitskapleg kartlegging av kor stort nedslagsfelt haldningane til terroristen fekk. (Les artikkelen Monster or Hero her)
Fråvær av støtte
– Hovudmønsteret er eit fråvær av støtte både frå partia og frå ekstreme grupper på ytre høgre fløy av politikken. Ikkje berre tok dei avstand, men dei fordømte han aktivt og kalla han for vond, eit monster, gal og liknande. Det er verkeleg slåande.
Det seier Lars Erik Berntzen, postdoktor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Saman med Jacob Aasland Ravndal frå Universitetet i Oslo har han gått systematisk gjennom alle støtteerklæringar som kom i tida etter terrorangrepet og heilt fram til i dag.
– Vi har kartlagt så breitt som råd alle støtteerklæringa frå sekkenemninga ytre høgre. Vi har gått gjennom alt frå Fremskrittspartiet og utover mot aktivistsider og nettgrupper, og støtteerklæringar som ikkje elles ville ha dukka opp på radaren, forklarer han.
Støtte i subkulturar
Trass hovudbiletet av manglande støtte, så finn forskarane at terroristen fekk støtte frå to hald den første tida. Han fekk for det første støtte frå høgreekstreme grupper i Russland som hylla han som ein helgen.
– Dei gjekk i prosesjonar gjennom byane med plakatar og ropte ut hyllest. Ingenting var fordekt. Breivik var jo ikkje orientert mot Russland i det heile, men likevel såg dei seg tente med å omfamne han, seier Berntzen.
Vidare viser forskinga at Breivik fekk noko støtte frå små subkulturar på nett i Vest-Europa. Dette var folk med ulike interesser som samla seg i klynger av nettsider og bloggar.
– Nokre kom frå skuleskytingskulturen i USA, og dei fokuserte på valden. Mellom støttespelarane finn vi også kvinner som uttrykte romantisk idyllisering gjennom teikningar av terroristen som riddar eller ein yndig skikkelse. På det meste var dei rundt 100 personar, seier Berntzen.
Seinare har det kome ei lita bølgje av følgjarar som ser på Breivik som eit ikon.
– Dette er små, nynazistiske miljø med opphav i USA, samt nokre einsame aktørar. Vi ser typisk at støtta aukar noko med både geografisk avstand og avstand i tid, forklarer Berntzen.
Vald det siste tabu
Forskarane har sett eit mønster i den spreidde støtta til 22. juli- terroristen. Dei meiner at variasjonane kan sporast tilbake til normer og tabu i ulike kulturar, og med tabu meiner dei då ei norm om kva som er absolutt forbode, og denne norma blir følgt av absolutt alle.
– I Vest- Europa har vi gitt avkall på dei aller fleste tabu, men vi har ei veldig sterk norm mot vald og drap. Vi held menneskeliv heilage. Den som bryt dette tabuet blir sjølv tabu, og andre vil ta avstand også frå deg. I Russland står dette tabuet mykje svakare, og staten undergrev det sjølv. Staten driv openlyst med vald og drap slik at folk skal vere klar over det, og då gir det ingen kostnad å støtte terroristar, om ikkje det rammar det russiske regimet sine interesser vel å merke. I Vest-Europa har det ein stor kostnad både politisk og privat å bryte tabuet, forklarer Berntzen.
Den vesle minoriteten som går motsett veg forklarer forskarane som personar som av personlege grunnar er motiverte til å bryte normene.
– Det er ein liten minoritet som er sterkt motivert til å få vekk tabuet. Dei kan vere motiverte av personlege tilbøyingar som sadisme eller nihilisme, og så søkjer dei saman i små grupper på nettet, seier han.
Kontakter
Lars Erik Berntzen
E-post: Lars.Berntzen@uib.no
Tlf: 950 85 275
Om Universitetet i Bergen (UiB)
Følg pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Bergen (UiB) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
Besøksrekord på Universitetsmuseet28.4.2025 12:21:21 CEST | Pressemelding
Kunnskapsfesten trakk 3346 vestlendinger til Universitetsmuseet i Bergen på søndag. Forsknings- og høyere utdanningsministeren hyller museet.
Unge søker politikk og økonomi i en urolig verden28.4.2025 11:00:00 CEST | Pressemelding
– UiB ser en markant økning i søkere til samfunnsøkonomi og statsvitenskapelige fag. Det er gledelig i en verden preget av uro, og hvor demokratiet og de gode samfunnsstrukturene våre skal forvaltes, sier rektor ved UiB, Margareth Hagen.
Ny studie avslører sammenhenger mellom navlestrengens lengde og hjerneutvikling hos barnet24.4.2025 09:00:00 CEST | Pressemelding
En ny studie fra Universitetet i Bergen har avdekket viktige sammenhenger mellom lengden på navlestrengen ved fødselen og senere nevroutviklingsforstyrrelser hos barnet.
UiB 200 år: Inviterer til jubileumsfest23.4.2025 14:01:40 CEST | Presseinvitasjon
Fredag 25. april er det offisiell markering i Universitetsaulaen, og søndag 27. april inviteres alle til Kunnskapsfest på museet.
Forsker fra Bergen med på viktig gjennombrudd om nevropsykiatriske lidelser16.4.2025 09:00:00 CEST | Pressemelding
UiB-forsker Sadaf Ghorbani er del av internasjonalt forskerteam med banebrytende funn om nevropsykiatriske lidelser. Funnene er publisert i Nature og kan gi verdifull innsikt i utviklingen av ny medisin.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom