7 av 10 nordmenn trur det er nok å låse dørene når dei reiser vekk
Ei undersøking som YouGov har utført på vegner av Sector Alarm, viser at dei aller fleste ikkje har tenkt å gjere anna enn å låse døra når dei fer på ferie. Inge Svendsen, tryggleiksekspert i Sector Alarm, påpeiker at resultata av undersøkinga ber preg av at vi har vore mykje heime det siste året.
– Det er likevel viktig å tenke på at dette kan bli ei utfordring no som vi byrjar reise att, seier Svendsen.
– Aktørane som står bak grove tjuveri frå bustader er ofte norske vinningskriminelle eller profesjonelt organiserte miljø frå utlandet. Det siste året har vore prega av stengde grenser, og det har vore utruleg effektivt mot utanlandske vinningskriminelle. Samstundes reknar vi med å sjå meir av denne typen kriminalitet når grensene opnar att, forklarer Tonje Reiten, leiar for avdelinga for spesiell innsats i Oslo politidistrikt.
Ventar ein auke i innbrotsstatistikken
– Det at statistikken for innbrot gjekk ned i fjor har blitt ei sovepute for oss, og vi tek det litt som ei sjølvfølgje at dette vil halde seg nede. Vi kan nok vente ein auke i statistikken når grensene opnar att for fullt, og det er det viktig at alle har eit medvite forhold til, understrekar Runar Karlsen, bransjedirektør for tryggleik og beredskap i NHO Service og Handel.
Ole Irgens, kommunikasjonssjef i Tryg Forsikring, forklarer at hovudårsaka til reduksjonen i talet på innbrot skuldast at stadig fleire har installert bustadalarm og blitt betre til å følgje skadeførebyggjande råd om å sikre heim og verdigjenstandar når dei fer på ferie.
– Vi ser at tjuvane går etter lett omsettelege verdigjenstandar som mellom anna smykke, PC-ar, mobiltelefonar og annan forbrukselektronikk, i tillegg til syklar og hageutstyr som utemøblar og grillar. Dyre klede er òg attraktive, fortel Irgens.
Bustaden er ikkje «heime åleine» når teknologiske tryggleiksløysingar passar på
– Å ha bustadalarm opnar opp mange moglegheiter, og desse blir ikkje tilstrekkeleg utnytta. Med bustadalarm får du også brannalarm, slik at både brann og innbrot blir fanga opp tidleg av alarmstasjonen. Bustadalarmen har dessutan ein førebyggjande effekt, og vi ser at kriminelle føretrekkjer bustader utan alarm, forklarer Karlsen.
– Du kan sjå på det som at bustaden ikkje er heime åleine når du har teknologiske tryggleiksløysingar som passar på.
Inge Svendsen i Sector Alarm fortel at kundane føler seg tryggare når dei har bustadalarm.
– Sector Alarm har ein døgnbemanna alarmstasjon som følgjer med og rykkjer ut dersom det skjer noko hos kundane. Det betyr at dei ikkje treng å bekymre seg medan dei er på ferie.
– Å få vennar og kjende til å passe bustaden for deg er ikkje ei fullverdig løysing
Sjølv om Noreg er på topp i Europa når det gjeld å ha bustadalarm, viser undersøkinga at talet på nordmenn som får vennar og kjende til å passe på bustaden sin når dei er vekke, er høgare enn talet på husstandar som har alarm.
– Det er ikkje ei fullverdig løysing å få vennar og kjende til å passe bustaden for deg, då desse ikkje har høve til å vere til stades heile tida. I tillegg kan det skape farlege situasjonar om ein av dei faktisk skulle ende opp med å overraske innbrotstjuvar, poengterer Runar Karlsen i NHO Service og Handel.
Med ein bustadalarm blir innbrotstjuvar oppdaga raskare, og alarmovervaking kan bidra til oppklaring av denne typen kriminalitet.
– Vi må alle dra lasset saman ved å dokumentere og raskt rapportere tjuveri. Det å kunne slå fast nøyaktig tidspunkt og gi ei detaljert beskriving av hendinga er viktig for oppklaringa av saka. Samstundes har det ein viktig førebyggjande effekt at slike saker blir oppklarte og dermed assosierte med ein risiko, avsluttar Tonje Reiten i Oslo-politiet.
Slik sikrar du bustaden din
- Sørg for at alle vindauge og dører er låste før du reiser vekk. Ikkje gløym å lukke og låse garasjen og buer.
- Fjern eller lås stigar som kan gjere det enklare for nokon å bryte seg inn.
- Legg søppel i søppelkassa og be naboen om hjelp til å ta inn posten og vatne blomar.
- Ikkje skriv på sosiale medium at du har reist vekk. Ver forsiktig med å leggje ut bilete av at du er på ferie, med mindre du har ein lukka profil og oversikt over alle som følgjer deg.
- Viss du har alarm, så hugs å bruke han!
- ID-merking av verdigjenstandar verkar avskrekkande på tjuvar.
- Meld frå til politiet dersom du finn kvistar, lappar eller liknande på eller ved utgangsdøra. Kriminelle bruker ofte dette for å spore om bebuarane er heime.
- Unngå å forlate heimen heilt mørk og med alle gardiner dregne for. La lys stå på og kople dei gjerne til ein tidsbrytar. Du kan då stille dei inn slik at dei blir skrudde av og på til bestemte tider.
- Installer sensorar for å slå på utelamper når nokon beveger seg utanfor bustaden din.
- Merk alle dører og vindauge med «Heimen er sikra med alarm».
Kontakter
Sissel EckbladKommunikasjonssjef
23 39 94 03 / 928 43 870
Bilder
Om Sector Alarm
Sector Alarm ble etablert i Norge i 1995 og har siden den gang utviklet seg til å bli det nest største alarmselskapet i Europa. Selskapet leverer trygghet til sine kunder gjennom alarmløsninger til boliger og bedrifter.
Sector Alarm, som har hovedkontor i Oslo, har mer enn 650 000 kunder, og over 3500 medarbeidere i Norge, Sverige, Irland, Finland, Spania, Italia, Portugal og Frankrike.
Følg pressemeldinger fra Sector Alarm
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sector Alarm på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sector Alarm
Rekordøkning i antall branntilfeller denne julen27.12.2022 10:59:35 CET | Pressemelding
Julen er høytid for hygge og glede, men årets siste dager markerer også høysesong for branner i Norge. Med matlaging og mye tid hjemme øker risikoen for brann, og Sector Alarm får hver jul inn mange alarmsignaler som skyldes brann. Den siste juleuken har selskapets alarmstasjon mottatt nesten 60 prosent flere brannsignaler enn en normaluke.
Vinningskriminalitet og boliginnbrudd forventes å øke til normaltilstander med åpne grenser: – Innbruddstyver vil inn i hus hvor det ikke er folk19.7.2022 11:43:26 CEST | Pressemelding
Rekordmange nordmenn skal til utlandet på sommerferie i år, melder flyselskaper og reiseselskaper. Med åpne grenser og et samfunn tilbake til normalen, forventer Politiet at boliginnbrudd vil øke til samme nivå som før koronatiden. Tyverier fra boder, garasjer og hager ser også ut til å bli et stadig større problem.
Ikke slurv med brannsikringen på hytta11.4.2022 12:15:48 CEST | Pressemelding
Påskeferien står for døren. Mange familier reiser til fjells i høytiden, andre åpner opp hytta ved fjorden. Hytteferie betyr mye innetid med god mat, stearinlys og fyr på peisen. Da er også sjansen større for brann. Brannsikring kan redde liv og bør være minst like viktig som fjellvettreglene og solkremen når nordmenn drar på påsketur.
Åtte tips for sikker vedfyring6.12.2021 11:51:52 CET | Pressemelding
Kun én av fire nordmenn sjekker brannvernutstyret en gang i halvåret eller mer, viser en undersøkelse gjort av YouGov på vegne av Sector Alarm. Dette er det viktig å huske på når det blir kaldere vær, mer bruk av levende lys og mer fyring. Det å ha en fungerende røykvarsler er det viktigste tiltaket du kan gjøre for å forebygge brann.
Innbyggere på Vestlandet er best rustet i møte med brann24.11.2021 14:02:06 CET | Pressemelding
En undersøkelse gjort av YouGov på vegne av Sector Alarm viser at vestlendinger utmerker seg på landsbasis når det kommer til brannsikkerhet. Åtte av ti sier de har god oversikt over brannslukkingsapparater og rømningsveier, og to av fem tar ekstra grep for å øke brannsikkerheten hjemme.