Betrar denne omkøyringsvegen no, og E39-tunnelen like ved etterpå
17.6.2021 12:48:57 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding

Jobben på utsida av den 605 meter lange tunnelen startar i månadsskiftet juni-juli.
Dette skjer utanfor tunnelen
Omkøyringsvegen får no 600 meter nytt betongrekkverk, og det blir montert 28 lysmaster langs heile strekninga på 800 meter.
– Desse utbetringane på omkøyringsvegen har vore ynskt lenge. Vi er glade for å kunna tilby bilistane ein betre omkøyringsveg for å sikra og betra framkommelegheita. Det har vore avgjerande for oss å få dette på plass før arbeida inne i tunnelen startar i haust, seier byggeleiar Knut-Stian Rimmereid i Statens vegvesen Drift og vedlikehold.
Omkøyringsvegen ved Uføretunnelen er og gang- og sykkelveg.
– Det vi gjer no, med veglys og nytt rekkverk, gir betre trafikktryggleik også for mjuke trafikantar, legg Rimmereid til.
Jobben skal vera ferdig innen utgangen av august, og er ei førebuing til eit større oppgraderingsprosjekt inne i sjølve tunnelen.
... og dette skjer inni
Det består i hovudsak av elektroarbeid. Men det vil og verta sett opp eit nytt teknisk bygg, og overvassanlegget blir utbetra.
Tunneloppgraderinga startar seint på hausten, og vil pågå fram mot sommaren 2022. Arbeida vil i hovudsak bli utført som nattarbeid med stengd tunnel, seier prosjekteringsleiar Erling Guttormsen i Statens vegvesen Utbygging.
Uføretunnelen blir trafikkert av nærmare 4.000 køyretøy i døgnet.
Nøkkelord
Kontakter
Knut-Stian RimmereidByggeleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:95968763knut.stian.rimmereid@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
E134 Etne: Vegen vert tidlegast opna neste veke3.3.2026 17:28:53 CET | Pressemelding
Statens vegvesen reknar med at E134 ved Fjæra i Etne kommune vert stengd fram til onsdag i neste veke.
Starter med strekningsmåling på rv. 23.3.2026 14:49:49 CET | Pressemelding
Torsdag 5. mars kl. 11.00 starter automatisk gjennomsnittsmåling av fart på Rv. 2 mellom Sigernessjøen camping og Grasmo. Strekningen er ca. 9 kilometer lang.
E134 Etne: Treng tid for å få oversikt over losneområdet2.3.2026 15:04:04 CET | Pressemelding
Statens vegvesen treng både måndag og tysdag til arbeid i terrenget i samband med skredet ved E134 Fjæra i Etne.
Betre skredsikring er totalberedskap i praksis2.3.2026 08:00:00 CET | Pressemelding
– Med nasjonalt beredskapslager for fanggjerde mot skred på plass, ynsker Statens vegvesen å bidra endå betre til totalberedskap i praksis.
E134 i Etne: Omfattande opprydding, ny vurdering onsdag1.3.2026 18:41:12 CET | Pressemelding
Det er eit stort og krevjande oppryddingsarbeid som skal til, både i fjellsida og i vegen, før vegen kan opnast att etter raset.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
