Vedlikehaldet på Måløybrua – endring for båttrafikken
Statens vegvesen gjer naudsynt vedlikehald på Riksveg 15 Måløybrua. Skadar på brua skal reparerast, og vi monterer anlegg for katodisk vern, noko som hindrar at armeringa rustar.
Arbeidet starta våren 2018, og skal vera ferdig til november 2021.
Dette er dei nye konsekvensane
På grunn av stillas under brua vil seglingshøgda vere lågare enn normalt. Seglingsmønsteret må difor mellombels endrast, i eitt seglingsløp om gongen. Frå 21. juni 2021 flyttar arbeidet frå austre seglingsløp, og vi vil no starta i vestre seglingsløp.
Vi ber alle som planlegg å segla i området om å halda seg oppdatert om endringane, og kva som er gjeldande seglingsmønster til ei kvar tid.
Kystverket har oppretta ei Facebook-side for å formidla oppdatert informasjon om trafikktilhøva under Måløybrua i vedlikehaldsperioden. Vi oppmodar alle sjøfarande om å fylgja denne sida. Her kan ein også stilla spørsmål.
Les meir på Kystverket sine nettsider.
Dette er jobben som gjerast på brua
Vedlikehaldsarbeidet er for det meste på undersida av brua, men det trengst ein del utstyr, tilkomst, kranar og biloppstilling for å jobba trygt.
Dette gjer at halve vegbanen er arbeidsområde med tung sikring. Trafikken vert leia med lysdirigering i det andre køyrefeltet.
Vegvesenet er byggherre på prosjektet men det er Kystverket som kan svara på spørsmål om båttrafikken.
Kontaktperson i Kystverket er losoldermann Kjell Asle Djupevåg, Vestlandet losoldermannskap, telefon 958 33 403.
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt Drift og vedlikehold
* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje
Bilder
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Kolonnekøyring på E16 ved Stanghelle frå og med 5. august1.8.2025 14:28:01 CEST | Pressemelding
Frå tysdag 5. august blir det kolonnekøyring ved Stanghelle med faste kolonnetider i tidsrommet mellom klokka 07:00 og 19:30 måndag til søndag. Trafikantar må førebu seg på 30 minutt venting.
Sommertrafikken tar liv: 17 omkom på vegene i juli1.8.2025 06:30:00 CEST | Pressemelding
17 personer omkom på norske veger i juli. Sju av dem i Vestland fylke.
Stenger E16 ved Dale grunna støyping av tunnelportal31.7.2025 15:07:17 CEST | Pressemelding
E16 vert stengd ved Dalseidtunnelen laurdag 16. august kl. 06.00 og i litt over eitt døgn. Ein ny seksjon av rassikrings-portalen på tunnelen skal støypast.
Søker mer kunnskap for å sikre asfalten lengre levetid31.7.2025 12:46:16 CEST | Pressemelding
Sintef skal bistå Statens vegvesen med å finne testmetoder og bidra til å sette riktige dokumentasjonskrav til biogene bindemidler i asfalt.
Nes i Akershus: Asfaltarbeider på E16 mellom Opakermoen og Dysterud31.7.2025 08:00:00 CEST | Pressemelding
Mandag 4. august starter Statens vegvesen asfalteringsarbeider på denne strekningen i Nes kommune i Akershus. Arbeidene vil pågå fram til 29. august.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom