Eitt skritt nærare ny veg mellom Ulefoss og Lunde
Regjeringa legg i dag fram eit forslag til Stortinget om finansiering av fv. 359 Kaste-Stoadalen. Det er Vestfold og Telemark fylkeskommune som har ansvar for prosjektet.
Utbygginga omfattar bygging av 2,9 km ny fylkesveg på strekningen Kaste–Stoadalen. Prosjektet vil koste 314,7 millionar kroner. 178,4 millionar kroner er fylkeskommunale midlar og bompengebidraget er på 135,3 millionar kroner. Bompengeprosjekt blir fremma av Samferdselsdepartementet for vedtak i Stortinget.
Fv. 359 er hovudferdselsåra mellom Ulefoss og Lunde. Dagens veg gjennom Stoadalen er svingete, trong, har dårleg trafikktryggleik og lite skikka til ferdsel for mjuke trafikantar.
Framkomme for tunge køyretøy på dagens veg er svært redusert. Vegen er svært smal på delar av strekninga, stadvis med berre breidde for eitt tungt køyretøy om gongen. Tunge køyretøy må derfor nokon gonger rygge når to tunge køyretøy møtes. Det er heller ikkje fortau eller gangveg på strekningen.
Det blir lagt opp til anleggsstart i løpet av 2021, med ferdigstilling i 2023.
For meir informasjon, sjå: Prop. 183 S (2020-2021) Finansiering av prosjektet fv. 359 Kaste – Stoadalen i Nome kommune i Vestfold og Telemark fylkeskommune.
Nøkkelord
Bilder

Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Klart for fase 2 av Bypakke Grenland i Telemark: – Det gode arbeidet for enklare og grønare reisekvardag held fram20.6.2025 11:58:13 CEST | Pressemelding
Samferdselsdepartementet la i dag, 20. juni 2025, fram forslag om delvis bompengefinansiering av Bypakke Grenland fase 2.
Regjeringa set ned eit lovutval for å greie ut ny veglov20.6.2025 11:57:22 CEST | Pressemelding
Det er i statsråd i dag, 20. juni 2025, satt ned eit offentleg utval som skal greie ut og foreslå ein ny veglov.
Ingrid Dahl Hovland fortsetter som vegdirektør20.6.2025 11:57:02 CEST | Pressemelding
I statsråd i dag, 20. juni 2025, ble det bestemt at Dahl Hovlands åremål som direktør for Statens vegvesen forlenges med en ny periode.
192 forskningsmillioner skal vise vei til lavutslippssamfunnet Norge19.6.2025 07:10:00 CEST | Pressemelding
Regjeringen oppretter tre nasjonale forskningssenter for transport, som de neste åtte årene skal gi Norge kunnskap vi trenger for å bygge framtidens transportsystem.
Skal fjerne to krevjande punkt på Rv. 5213.6.2025 16:00:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen skal lyse ut kontraktar for å fjerne to av dei mest krevjande punkta på Rv. 52. Storeskare bru skal skiftast ut og vegen mellom Tuv og Venås skal utbetrast.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom