Ullensvang Reiseliv

– Ventar opp mot 40% trafikkauke på Rv.13 mellom Kinsarvik og Bu fram mot 2030

Del
Ullensvang Reiseliv har fått utarbeidd ein ny trafikkanalyse for Rv. 13 for å dokumentere denne hovudvegen sin viktige transportfunksjon – og behovet for å utbetre vegen. Arbeidet har vore mogleg gjennom økonomiske bidrag frå næringsliv, kommunar og privatpersonar i regionen. Trafikkanalysen er utarbeidd av Sivilingeniør Helge Hopen AS.


Analysen slår tydeleg fast vegens viktige nasjonale og regionale transportfunkjson, og underbyggjer dei store utfordringane med framkomst og trafikktryggleik med noverande vegstandard og trafikkmengd.

Hovudbudskapet frå analysen er at det er venta sterk trafikkvekst på Rv.13 fram i tid, særleg på den nordlege delen mellom Kinsarvik og Bu. Mykje av veksten er venta å kome dei næraste 5-10 åra. Hovudårsaka til dette er at utbygginga av E16 og nedbetalinga av Hardangerbrua vil trekkje meir trafikk nordover, mot trafikkknutepunkta med Rv.7 og E16, og NTP-satsinga på E16, E39 og E134 vil styrkje Rv.13 sin funksjon som bindeledd mellom desse hovudvegane.

Andre hovudkonklusjonar frå analysen:
• Rv. 13 har høgast ulukkesrisiko av alle riksvegrutene i landet og har mange delstrekningar med stor skredfare.
• Kaoset på Rv. 13 sommarstid rammar næringsliv, samfunnsberedskap og trafikktryggleik og forholda kjem til å bli vesentleg verre dei neste åra dersom ingen tiltak vert gjort.
• Samla utbetringsbehov på Rv.13 mellom Skare og Hardangerbrua er rekna til omlag 7 mrd.kr.
• Rv. 13 er prioritert i NTP med ei mogleg ramme på opp mot 3 mrd. Nye veier AS vil stå for utbygginga og prioritering av delprosjekt.
• Strekninga Kinsarvik-Bu bør prioriterast når det gjeld tiltak for betre framkomst og trafikktryggleik

Trafikkanalysen vil vere ein viktig del av grunnlaget for det politiske arbeidet med å få Stortinget til å sikre prioritering av Rv. 13 i Nasjonal transportplan 2022-33.


Nøkkelord

Kontakter

Dokumenter

Lenker

Om Ullensvang Reiseliv

Ullensvang Reiseliv
Smelteverket 57
5750 ODDA

UR vart stifta i 1993 under namnet Ullensvang Næringsforum, og me har fokusert mykje på samferdsle som rammevilkår for næringane våre i Hardanger. I aukande grad har me kome til erkjenninga at tolegrensa for dagens Rv13 i Ullensvang er nådd allereie, og det vart årsmøtet i 2020 som valte ein transportanalyse utført av Sivilingeniør Helge Hopen AS som verkemiddel for å belyse dette.

Følg pressemeldinger fra Ullensvang Reiseliv

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Ullensvang Reiseliv på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye