Vi er klare til å bygge E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle
– Etter fem års planlegging er dette ein gledens dag. Det har vore knytt mykje spenning til når dette prosjektet kjem, og om det skulle realiserast som ein heilskap eller i delar. Slik det ser ut blir no heile prosjektet realisert. Vi ser også fram til å halda fram med det gode samarbeidet med Bane NOR, seier Kjartan Hove, prosjektdirektør Vest i Statens vegvesen.
Tilsette i Vegvesenet som har arbeidd med planlegginga over fleire år var spente på kva regjeringa ville foreslå av nye vegprosjekt i NTP. Stemninga var derfor god då NTP ble lagt fram fredag førre veke.
Modent prosjekt - klart for høyring
– Dette prosjektet er modent og klart frå vår side, og det er knytt høge forventingar til å starte bygginga av ein hovudveg og jernbane ut frå Bergen der folk kan kjenne seg trygge når dei ferdast. No ventar vi på at Kommunal- og Moderniseringsdepartementet gir klarsignal til å legge reguleringsplanen ut på høyring. Vi skal vere klare for å sette spaden i jorda i 2024, seier Gunnar Søderholm, prosjektleiar i Statens vegvesen.
Når Stortinget følgjer opp NTP med pengar over statsbudsjettet kan Vegvesenet starta anleggsarbeidet allereie i 2024. Strekninga har ein byggetid på 8-10 år. Vegvesenet har kutta kostnader på vegprosjekta i sitt NTP forslag med 134 milliardar kroner. Det var viktig for å få på plass fleire vegprosjekt i transportplanen.
Dette skal vi bygge:
Ein ny E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle skal gi auka trafikktryggleik, føreseieleg transport, auka kapasitet for gods på bane, og redusert reisetid.
- Prosjektet medfører bygging av til samen ca. 36.300 meter vegtunnel og ca. 26.100 meter jernbanetunnel, fordelt på tre tunnelstrekk med tunnellengder mellom 8 og 10 km.
- I tillegg vil det bli bygd over 6.000 m rampetunnelar, ca. 3.100 m adkomsttunnelar, ca. 3.350 m forbindelsestunnelar mellom veg og bane som sikkerheit ved brann eller andre ulykker, samt nesten 3.000 m separate rømmingstunnelar
- Ca. 7,5 mill. fm3 (fast masse) skal sprengast ut, som tilsvarar ca. 11,3 mill. am3 (anbragt masse i fylling)
- Det skal byggast toplanskryss i Arna, på Trengereid og Vaksdal. På Trengereid og Vaksdal er det kryssløysingar i fjell
- To store jernbanebruer på Stanghelle (220 m) og på Vaksdal (250 m, her kan det bli valt eit anna alternativ)) samt motorvegbru på Arna (127 m)
For å se denne videoen, må du gi ditt samtykke øverst på denne siden.
Nøkkelord
Kontakter
Kjartan HoveProsjektdirektør VestStatens Vegvesen /Utbyggingsdivisjonen
Tel:90 11 05 86kjaratan.hove@vegvesen.noBilder
Lenker
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Stor interesse for ny vegdriftskontrakt i norddelen av Trøndelag25.11.2024 10:53:08 CET | Pressemelding
Totalt 6 entreprenører har meldt seg i konkurransen om å drifte riksvegene fra Åsen i Trøndelag til Nordland grense. Nå skal Statens vegvesen velge 3-4 som går videre til forhandlinger.
Opnar ny kollektivterminal på Flatøy22.11.2024 16:06:43 CET | Pressemelding
Tysdag 26. november kl. 13 opnar avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen E39 Kollektivknutepunkt og innfartsparkering på Flatøy.
Starter rivingen av E6 Sletta bru i kveld22.11.2024 11:11:44 CET | Pressemelding
Rivingen av E6 Sletta bru i Eidsvoll kommune starter i kveld fra klokken 21:00 og vil pågå kontinuerlig fram til søndag morgen. E6 må stenges mens brua rives.
Øving i Ryfylketunnelen, tovegstrafikk frå Solbakk22.11.2024 08:00:00 CET | Pressemelding
Torsdag 28. november skal Statens vegvesen og Rogaland brann og redning ha øving i Ryfylketunnelen (rv. 13).
No vert ny kollektivterminal tatt i bruk21.11.2024 07:16:23 CET | Pressemelding
Førstkomande måndag, 25. november, blir den nye kollektivterminalen på Flatøy tatt i bruk.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom