Revisjon av konsesjonsvilkår for Tokke-Vinjevassdraget i Vestfold og Telemark

NVE har sendt innstilling til Olje- og energidepartementet, der ein rår generelt til at dei gamle vilkåra blir erstatta av moderne konsesjonsvilkår for reguleringane. Dei nye vlkåra gir styresmaktene moglegheit til å pålegge ulike undersøkingar og avbøtande tiltak, i heile konsesjonstida. Det er Statkraft Energi AS som er konsesjonær for reguleringane.
Minstevassføringar og andre miljøforbetrande tiltak
Eit prioritert krav frå kommunane er tiltak for å betre tilhøva for storaurebestanden i Tokkeåi, som er sterkt påverka av reguleringane. Ut frå føreliggjande kunnskap om storauren og påverknadene, tilrår NVE bygging av ein fiskepassasje i Helvetesfossen og slepp av minstevassføring heile året frå Vinjevatn til Tokkeåi. Tiltaka vil opne opp for 8 km nye potensielle gyte- og oppvekstområde ovanfor fossen, og vere eit viktig bidrag til å sikre ein levedyktig storaurebestand. I tillegg rår NVE til at det skal sleppast minstevassføring frå Byrtevatn til Mosåi/Rukkeåi i sommarperioden. Auka vassføring vil òg ha nytteverdi for fleire andre viktige miljø- og brukarinteresser i vassdraga.
I dei nedre delane av Tokkeåi, tilrår NVE montering av ein omløpsventil i Lio kraftverk og at Statkraft sin frivillige praksis for sakte nedkjøyring av kraftverket blir tatt inn i manøvreringsreglementet. Vidare føreslår NVE reglar for vassføringar i Tokkeåi målt ved Elvarheim. Tiltaka vil redusere risikoen for tørrlegging av gyte- og oppvekstområde og stranding av fisk i elva nedstraums Helvetesfossen.
NVE foreslår vidare at Statkraft blir pålagt å utarbeide eit forslag til tiltaksplan for biotoptiltak med prioriteringar av vassdragsavsnitt i Tokke-Vinjevassdraget, i hovudsak av omsyn til fisk og fiskevandringar.
Reglar for vasstand i magasin
NVE rår til at gjeldande restriksjonar på manøvreringa av Totak og Byrtevatn blir vidareført i nytt manøvreringsreglement, og at dei sjølvpålagte magasinrestriksjonane som Statkraft i dag praktiserer i Totak og Ståvatn blir formalisert. Føremålet med restriksjonane er å sikre tilstrekkeleg vasstand i desse magasina av omsyn til landskap og brukarinteresser.
NVE meiner det er viktig å oppretthalde god reguleringsevne og fleksibilitet i manøvreringa i et fleirtal av magasina i reguleringsområdet av omsyn til kraftproduksjon og flaumhandtering. Av den grunn, meiner NVE at det ikkje bør innførast restriksjonar på manøvreringa i andre magasin, ut over dei som er omtala ovanfor.
Fond for fremme av fisk, vilt og friluftsliv
For fleire av vassdragsområda og magasina som blir påverka av reguleringane er det vanskeleg å finne gode avbøtande tiltak. Derfor rår NVE til at Statkraft påleggast å betale 200 000 kr årleg til eit fond, som skal brukast til å fremme fisk, vilt og friluftsliv i kommunane.
– Vi har i vår tilråding til departementet forsøkt å balansere omsynet til storauren og viktige miljø- og brukarinteresser opp mot omsynet til kraftproduksjon, flaumdemping og fleksibilitet for dei store magasina. I denne saka har vi opplevd eit stort engasjement frå kommunane, interesseorganisasjonar og lokalbefolkninga som har kome med mange gode og nyttige innspel. I tillegg har tiltakshavar bidratt med mykje informasjon, og det er utarbeidd ei rekkje fagrapportar. NVE sine vurderingar bygger soleis på eit godt og omfattande kunnskapsgrunnlag, seier Rune Flatby, direktør for Energi- og Konsesjonsavdelinga.
Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare oppfølginga av saka. Les meir om innstillinga her.
Nøkkelord
Kontakter
Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf. 416 78 203.
Seksjonssjef Carsten Jensen, tlf. 908 50 206.
Bilder

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE gir løyve til å bygga ein testturbin i Gulen3.7.2025 13:27:41 CEST | Pressemelding
Selskapet Georgine Wind AS får løyve til å sette opp ein vindturbin i eit industriområde i Gulen kommune. Dette er eit testprosjekt der målet er å bidra til teknologiutvikling for havvind.
NVE har fastsett utgreiingskrav for ny kraftleidning mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger2.7.2025 15:16:17 CEST | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for ny kraftleidning i Kvinnherad, Ullensvang og Kvam kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.
NVE anbefaler tillatelse til nytt kraftverk i Sarpsfossen27.6.2025 14:00:50 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Hafslund Produksjon AS og Sarpsfoss Limited får tillatelse til å bygge Sarp 2 kraftverk i Sarpsfossen, med strenge krav til å håndtere naturfare.
NVE tilrår tiltak for å ivareta fisken i Finndølavassdraget26.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
NVE tilrår minstevassføring heile året i Bondøla. Bondøla er eit viktig sidevassdrag til Finndøla, med potensielle gyte- og oppvekstområde for storaure og sik frå Fyresdalsvatnet.
NVE fastsetter utredningsprogram for reindrift og nett i Finnmark25.6.2025 15:49:53 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat har nå fastsatt utredningskrav om reindrift for de 11 vindkraftsakene i Finnmark. Samtidig er det satt krav til hva som må utredes for to kraftledninger i fylket.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom