Fleire elbilar kan gjere bygging av tunnelar billigare
10.2.2021 08:28:46 CET | Samferdselsdepartementet | Pressemelding

Statens vegvesen gjekk gjennom kostnadane i prosjektet E39 Rogfast i Rogaland i fjor. Rogfast skal bli verdas lengste og djupaste undersjøiske vegtunnel. Gjennomgangen har òg vore gjennom ei ekstern kvalitetssikring.
- Med mindre utslepp frå bilar, treng vi mindre ventilasjon enn tidlegare. Eg vil understreke at sjølv om det blir mindre ventilasjon, går ikkje det utover branntryggleiken i Rogfast. Det er særs viktig for ein så lang tunnel. Samstundes håper vi at reduksjonane i utslepp frå bilane kan føre til kutt i andre tunnelar i framtida, seier samferdselsministeren.
Rogfast klar til bygging
Gjennomgangen av kostnadane i fjor, viste at Rogfast blir dyrare. Stortinget vedtok å auke den statlege delen i prosjektet frå 21,4 prosent til 40 prosent. Den nye kostnadsramme er på 24,8 milliardar kroner, mot tidlegare 20,8 milliardar kroner.
- Vi har no stadfesta overfor Statens vegvesen at dei kan halde fram med bygginga av Rogfast. Etter at Stortinget gjekk med på kostnadsauken, har vi sendt vegvesenet brev for å fullføre den formelle prosessen. Statens vegvesen kan no starte å lyse ut kontraktar i prosjektet, seier Hareide.
Statens vegvesen avlyste den første kontrakten i prosjektet, etter at tilbodet var høgare enn forventa. Sjølv om prosjektet totalt sett har blitt dyrare, har Statens vegvesen kome med ei rekke kutt. Mellom anna kuttet på 300 millionar kroner til ventilasjon.
- Rogfast er eit av dei største samferdselsprosjekta i Noreg. Det bind saman Stavanger-området med Haugalandet, gir ein større bu- og arbeidsmarknadsregion og reduserer reisetida mellom Stavanger og Bergen kraftig. Det er viktig å gjennomføre prosjektet, men vi skal samstundes passe på at kostnadane er under kontroll. Det er dei no, etter ein god gjennomgang av Statens vegvesen, seier Hareide.
Nøkkelord
Bilder


Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Finnmark mandag 12. oktober9.10.2026 16:45:15 CEST | Presseinvitasjon
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam skal på fylkestur til Finnmark (Kirkenes) mandag 12. oktober.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Trøndelag fredag 9. oktober8.10.2026 11:33:02 CEST | Pressemelding
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam skal på fylkestur til Trøndelag fredag 9. oktober. Veg, jernbane og mobilitetsløysingar i storbyområde er tema for dagen.
Statsbudsjettet 2027: Framleis høge ambisjonar for samferdsel7.10.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
Regjeringa foreslår å løyve i alt 105 milliardar kroner til samferdsel i 2027. Mellom anna foreslår regjeringa å løyve 51,7 milliardar kroner til vegformål, 32,4 milliardar kroner til jernbana, 7,1 milliardar kroner til byområda og 3,4 milliardar kroner til luftfarten.
Regjeringen foreslår å heve aldersgrensen for bruk av elsparkesykler til 16 år5.10.2026 18:24:39 CEST | Pressemelding
Det har vært en kraftig økning i antall barn og unge som skader seg på elsparkesykkel. Nå ber vi Statens vegvesen sende på høring et forslag om å heve aldersgrensen fra 12 til 16 år.
75 millioner kroner til nytt forskningssenter for kunstig intelligens innenfor transport25.9.2026 08:02:41 CEST | Pressemelding
NTNU skal lede et nytt forskningssenter for bruk av kunstig intelligens innenfor transport. Målet er at KI skal bidra til å utvikle et trygt, bærekraftig og effektivt transportsystem og gi bedre transportløsninger for pengene.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
