Rv. 555 Sotrasambandet: Første tilbod motteke på OPS-delen

Kontrakten omfattar bygging av 9,4 km firefelts, ny Sotrabru, gang- og sykkelvegar, samt drift og vedlikehald i 25 år etter trafikkopning. Kontrakten vert etter planen tildelt sommaren 2021, med kontraktssignering seinhaustes same år.
Dei tre prekvalifiserte grupperingane som har levert tilbod på kontrakten er
- Sotra Link
- ITIAS
- Via Sotra
Grupperingane består av følgande selskap som har inngått fellesføretak (såkalla «joint venture») for å finansiere, bygge og drifte OPS-kontrakten på Sotrasambandet:
- Sotra Link: Webuld S.p.A, SK Engineering Co. Ltd. (SK & E&C), Macquarie
- ITIAS: ITINERA S.p.A, IHI Corporation, ASTM S.p.A
- Via Sotra: VINCI Concessions S.A.S, VINCI Highways S.A.S, Acciona Concesiones S.L, Implenia Switzerland Ltd.
- I rute
Utbyggingsdirektør i Statens vegvesen, Kjell Inge Davik, er svært nøgd med at alle dei tre kvalifiserte grupperingane har levert tilbod som no skal vidare til forhandlingar.
- I dag er ein viktig dag for nytt Sotrasamband. Prosjektet er i rute til signering neste haust, og det er gledeleg at vi har fått inn tilbod på kontrakten frå alle dei kvalifiserte grupperingane.
Forventar robuste, langsiktige løysingar
Etter juleferien startar arbeidet med å gjennomgå tilboda før dei første forhandlingsmøta startar i februar. Prosjektleiar i Statens vegvesen, Arve Tjønn Rinde er trygg på at grupperingane har skjønt oppgåva.
- I tillegg til bygging inkluderer kontrakten drift og vedlikehald i 25 år, og vi forventar robuste, langsiktige løysingar frå grupperingane.
Prosjektet har sidan april i år jobba saman med dei tre grupperingane som vart prekvalifiserte. Saman med grupperingane har vegvesenet gått igjennom konkurransegrunnlaget for å sikre at dei har satt seg godt inn i arbeidsomfanget, slik at dei har hatt dei beste føresetnadene for å levere tilbod. Vi har allereie fått presentert gode løysningar, fortel Rinde.
Om prosjektet
Ny rv. 555 Sotrasambandet omfattar bygging av firefelts veg frå kryss ved fv. 562 ved Storavatnet i Bergen kommune til kryss med fv. 561 ved Kolltveit i Øygarden kommune.
Det nye vegsystemet vil en få ny firefelts motorveg, egne felt for kollektivtrafikk, samt gang- og sykkelveg. OPS-kontrakten, offentleg privat samarbeid, er ein annan kontraktsform enn det som er vanleg. Her etablerer det private eit selskap som står for utbygging og drift av ein offentleg vegstrekning. Kontrakten på Sotra, når det blir signert, vi difor vere ein av dei største samferdselskontraktane så langt i Noreg.
Kontakter
Arve Tjønn Rinde
Prosjektleiar i Statens vegvesen
Rv. 555 Sotrasambandet
Mobil: 930 31 874
E-post: arve.rinde@vegvesen.no
Bilder
Lenker
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Lyser ut konkurranse om driften av riksvegnettet i og rundt Oslo19.11.2025 10:15:00 CET | Pressemelding
Evnen til å håndtere trafikale hendelser og beredskap vektlegges sammen med pris når Statens vegvesen inviterer til konkurranse om drift av riksvegnettet i og rundt Oslo.
Setter opp beredskapsbru på rv. 85 sør for Sortland19.11.2025 10:12:56 CET | Pressemelding
Statens vegvesen monterer beredskapsbru over eksisterende Osvold bru på rv. 85 sør for Sortland.
Damsgårdtunnelen er ferdig oppgradert18.11.2025 12:08:21 CET | Pressemelding
Siste nattestengning for oppgraderingsprosjektet er unnagjort. Folk kan nå glede seg over en lys, flott og åpen tunnel, med det nyeste innen sikkerhetsutstyr.
Øver på ulykkeshåndtering i Nordbytunnelen på E6 i Akershus18.11.2025 08:29:29 CET | Pressemelding
Torsdag 20. november skal Statens vegvesen og nødetatene øve sammen på håndtering av trafikkulykker i Nordbytunnelen som ligger på E6 i Frogn og Ås kommuner.
Ryfylke - offisiell opning av Juvo rasteplass14.11.2025 14:08:20 CET | Pressemelding
Tysdag 11. november opna Statens vegvesen ein ny rasteplass i Brattlandsdalen langs Nasjonal turistveg Ryfylke. Torbjørn Indrebø, varaordførar i Suldal kommune, stod for den offisielle opninga.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom

