Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Nordland: Fire brefrontar har trekt seg tilbake 23 meter i år

Del
NVE sine bremålingar i 2020 viser at 23 av 30 målte brefrontar har trekt seg tilbake, medan seks av ti brear med massebalansemålingar hadde eit masseoverskot.
Fronten til Austre Okstindbreen har trekt seg tilbake 301 meter sidan målingane starta i 2006. Foto: Kjell-Harald Nesengmo/NVE.
Fronten til Austre Okstindbreen har trekt seg tilbake 301 meter sidan målingane starta i 2006. Foto: Kjell-Harald Nesengmo/NVE.

– Mange norske brear hadde framstøyt på 1990-talet, men etter år 2000 har alle brefrontane trekt seg tilbake, seier glasiolog i NVE Hallgeir Elvehøy.

Negativ massebalanse i lengre tid

NVE sine målingar av massebalanse på brear – forholdet mellom kor mykje snø som legg seg på breen i løpet av vinteren og kor mykje snø og is som smeltar om sommaren, – viser at i 2020 fekk seks brear masseoverskot, to brear var i balanse, medan to brear hadde underskot.

Breane i Noreg har minka mykje både i lengde, areal og tjukkleik sidan år 2000. Men samanlikna med  perioden frå 2000 til 2019 hadde åtte av dei målte breane vesentleg betre massebalanse i 2020. Årsaka til det er ein uvanleg snørik vinter kombinert med at snø- og issmeltinga gjennom sommaren var om lag som gjennomsnittet for perioden etter 2000. Mest snø var det på Ålfotbreen i Nordfjord der snølaget tilsvara 5000 millimeter nedbør.

– Breane i Noreg har den same utviklinga som breane i resten av verda. Årsaka til at brefrontane trekk seg tilbake er at massebalansen har vore negativ i lengre tid. Dei ti breane der vi måler massebalanse har i gjennomsnitt minka om lag 15 meter i tjukkleik sidan år 2000, forklarer Hallgeir Elvehøy.

Nordland

I Nordland har fire brefrontar i snitt trekt seg tilbake 23 meter i år. Dei siste 20 åra har tre av desse brefrontane trekt seg tilbake mellom 295 og 632 meter. Engabreen, ein nordleg utløpar frå Svartisen, har trekt seg tilbake 45 meter det siste året, og 632 meter tilbake i løpet av dei siste 20 åra.

Massebalansemålingane på Engabreen viste at breen har hatt eit stort overskot i år etter ein snørik vinter. Resultatet for dei siste 20 åra har der imot vore eit underskot på 6,5 meter vassekvivalentar.

Les meir om dei ti breane.

Fakta: Tilbakegang for brefrontane

  • Størst tilbakegang i år hadde Gråfjellsbrea ved Folgefonna (-47 meter) og Engabreen ved Svartisen (-46 meter).
  • Seks brefrontar hadde inga endring, medan ein bre hadde litt framgang.
  • Midlare tilbakegang for dei 30 breane er 14 meter.
  • Dei 30 breane med brefrontmålingar i 2020 utgjer om lag 12 prosent av brearealet i Noreg.
  • Dei siste 20 åra har 19 brear med samanhengande målingar i gjennomsnitt gått tilbake 336 meter

Kontakter

Senioringeniør Hallgeir Elvehøy, mobil 924 46 189
Seksjonssjef Rune Engeset, mobil 990 38 868

Bilder

Fronten til Austre Okstindbreen har trekt seg tilbake 301 meter sidan målingane starta i 2006. Foto: Kjell-Harald Nesengmo/NVE.
Fronten til Austre Okstindbreen har trekt seg tilbake 301 meter sidan målingane starta i 2006. Foto: Kjell-Harald Nesengmo/NVE.
Last ned bilde

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye