Samferdselsbudsjettet: 25 millionar kroner til testsenter i Vesterålen
7.10.2020 10:15:00 CEST | Samferdselsdepartementet | Pressemelding

– Skipstrafikken og maritime aktivitetar i dei nordlegaste områda i landet aukar. Difor må Noreg også vere i førarsetet når det gjeld å handtere marin forsøpling og oljesøl langs kysten vår. Regjeringa sett no av midlar til planlegging for å etablere eit testsenter for utvikling av oljevernteknologi, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF).
– Reint hav er ein botnplanke for fiskeri- og havbruksnæringa. Det er føresetnaden for at vi skal lukkast med å vere ein av verdas fremste sjømatnasjonar og for å skape vekst i den blå økonomien, seier fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).
Regjeringa byggjer vidare på kompetansen til Senter for oljevern og marint miljø, som blei etablert i 2018 med base i Lofoten, og til Kystverket, som er myndigheit i saker med akutt forureining. I statsbudsjettet for 2021 sett regjeringa av pengar som sørger for at planlegginga av testfasilitetane kjem i gong. Dei nye testfasilitetane skal liggje på Fiskebøl i Vesterålen.
Betre rusta til å verne havet med meir kunnskap og kompetanse
– Sjølv om havet utanfor vår eigen kyst kan vere barskt og vêrhardt, så er det også sårbart. Spesielt der det er mykje havis, kan forureining ha negative konsekvensar for dyreliv og folk. Med auka kunnskap og kompetanse blir vi betre rusta til å verne havet mot ulike farar, seier Hareide.
Tidlegare i år fekk Samferdselsdepartementet tilsendt eit forprosjekt utarbeidd av Kystverket og Senter for oljevern og marint miljø. Forprosjektet har gitt myndigheitene ulike alternativ til korleis testfasilitetane kan innrettast.
Foreslår å doble løyvinga
I budsjettforslaget for 2021 foreslår regjeringa å setje av om lag 52 millionar kroner over Samferdselsdepartementets budsjett til Senter for oljevern og marint miljø. Dette er ei dobling samanlikna med vedtatt budsjett 2020. 25 millionar kroner av midlane går til oppstart av etablering av testfasilitetar.
Fakta:
- Senter for oljevern og marint miljø er eit forvaltningsorgan underlagt Samferdselsdepartementet.
- Senter for oljevern og marint miljø skal vere eit nasjonalt og internasjonalt kompetansesenter som skal vere ein pådrivar for utvikling av kostnadseffektive og miljøvennlege teknologiar, metodar og tiltak for oljevern og mot marin forsøpling.
- Senter for oljevern og marint miljø blei etablert i 2018 i Svolvær. Regjeringa har tidlegare bestemt at senteret skal vere til stades i både Vesterålen og Lofoten.
Nøkkelord
Bilder

Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Nye kontraktar sikrar at alle kan få lokalavisa i postkassa16.10.2026 13:00:19 CEST | Pressemelding
Samferdselsdepartementet har sendt ut ein konkurranse om statleg kjøp av avisdistribusjon til postkasser på tysdagar, torsdagar og fredagar til område utan kommersielle avisbodnett.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Finnmark mandag 12. oktober9.10.2026 16:45:15 CEST | Presseinvitasjon
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam skal på fylkestur til Finnmark (Kirkenes) mandag 12. oktober.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Trøndelag fredag 9. oktober8.10.2026 11:33:02 CEST | Pressemelding
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam skal på fylkestur til Trøndelag fredag 9. oktober. Veg, jernbane og mobilitetsløysingar i storbyområde er tema for dagen.
Statsbudsjettet 2027: Framleis høge ambisjonar for samferdsel7.10.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
Regjeringa foreslår å løyve i alt 105 milliardar kroner til samferdsel i 2027. Mellom anna foreslår regjeringa å løyve 51,7 milliardar kroner til vegformål, 32,4 milliardar kroner til jernbana, 7,1 milliardar kroner til byområda og 3,4 milliardar kroner til luftfarten.
Regjeringen foreslår å heve aldersgrensen for bruk av elsparkesykler til 16 år5.10.2026 18:24:39 CEST | Pressemelding
Det har vært en kraftig økning i antall barn og unge som skader seg på elsparkesykkel. Nå ber vi Statens vegvesen sende på høring et forslag om å heve aldersgrensen fra 12 til 16 år.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
