Entreprenørar skal tidlegare inn i Statens vegvesen sine prosjekt
6.12.2019 10:00:00 CET | Samferdselsdepartementet | Pressemelding

I dag er det slik at Statens vegvesen ikkje kan involvere ein entreprenør til å bygge eit vegprosjekt før prosjektet er godkjend av Stortinget. Stortinget si handsaming skjer dessutan fyrst etter at reguleringsplanlegginga er ferdig og siste eksterne kvalitetssikring (KS2) er gjennomført. Dagens modell gir dermed ikkje Statens vegvesen opning for å involvere entreprenørar på eit tidleg tidspunkt i planlegginga, slik Nye Veier kan gjere.
- Vi foreslår no to modellar for tidleg involvering av entreprenørar som Statens vegvesen kan teste ut. Målet er å finne mest mogleg effektive løysingar for gjennomføring av vegprosjekt som kan bidra til reduserte utbyggingskostnadar, økt nytte og kortare byggetid. Vi skal ikkje sløse bort pengane til folk, derfor er det viktig at vi ser på fleire modellar, seier samferdselsministeren.
To modellar
Modell I inneber at Stortinget gir klarsignal til prosjektet med naudsynte atterhald om endringar i prosjektet, før det det er vedtatt reguleringsplan i prosjektet. Deretter kan Statens vegvesen involvere entreprenørar i ein tidleg fase i reguleringsplanarbeidet for å vere med å utvikle prosjektet i samarbeid med Statens vegvesen. Dette vil skje etter at den eksterne kvalitetssikringa (KS2) er gjennomført, men KS2 vil da vere basert på meir uavklart plangrunnlag enn i dag.
Dersom prosjektering og prosjektutvikling skjer innanfor rammene frå KS2 skal prosjektet gjennomførast i tråd med Stortinget sitt vedtak. Dersom det ikkje er innanfor rammene, skal prosjektet tilbake til Stortinget. Kontraktane vil innehalde mekanismar for å avslutte kontrakten om vegvesenet og entreprenøren ikkje blir samde om kontraktsummen.
Model II er basert på at kontraktstrategien blir kvalitetssikra tidleg i forprosjektfasen. Kvalitetssikringa av kontraktstrategien skjer da separat frå dei andre temaa i den eksterne kvalitetssikringa (KS2). Kvalitetssikringa skal da fyrst og fremst sjå på om det er grunnlag for om entreprenørar bør involverast i ein tidleg fase.
Dersom det blir inngått ein kontrakt om tidleg involvering skal denne ta atterhald om at Stortinget seinare skal ta stilling til prosjektet. Når planlegginga er ferdig skal heile prosjektet gjennom ekstern kvalitetssikring (KS2) som vanleg.
- Vi har no bedt Statens vegvesen om å finne aktuelle prosjekt der vi kan teste desse modellane. Det vil vere viktig å dokumentere kva for innsparingar vi oppnår ved dei ulike modellane. På den måten kan vi hauste erfaringar og velje den beste løysinga for framtida, seier Dale.
Bilder

Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Finnmark mandag 12. oktober9.10.2026 16:45:15 CEST | Presseinvitasjon
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam skal på fylkestur til Finnmark (Kirkenes) mandag 12. oktober.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Trøndelag fredag 9. oktober8.10.2026 11:33:02 CEST | Pressemelding
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam skal på fylkestur til Trøndelag fredag 9. oktober. Veg, jernbane og mobilitetsløysingar i storbyområde er tema for dagen.
Statsbudsjettet 2027: Framleis høge ambisjonar for samferdsel7.10.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
Regjeringa foreslår å løyve i alt 105 milliardar kroner til samferdsel i 2027. Mellom anna foreslår regjeringa å løyve 51,7 milliardar kroner til vegformål, 32,4 milliardar kroner til jernbana, 7,1 milliardar kroner til byområda og 3,4 milliardar kroner til luftfarten.
Regjeringen foreslår å heve aldersgrensen for bruk av elsparkesykler til 16 år5.10.2026 18:24:39 CEST | Pressemelding
Det har vært en kraftig økning i antall barn og unge som skader seg på elsparkesykkel. Nå ber vi Statens vegvesen sende på høring et forslag om å heve aldersgrensen fra 12 til 16 år.
75 millioner kroner til nytt forskningssenter for kunstig intelligens innenfor transport25.9.2026 08:02:41 CEST | Pressemelding
NTNU skal lede et nytt forskningssenter for bruk av kunstig intelligens innenfor transport. Målet er at KI skal bidra til å utvikle et trygt, bærekraftig og effektivt transportsystem og gi bedre transportløsninger for pengene.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
