Samferdselsdepartementet

Regjeringa innfører eit eige rabattkort for personreiser på ferjer

Del
- Regjeringa ønskjer å gjera det så enkelt som mogleg å ferdast i trafikken. No sørgjer vi for at dei som reiser utan køyretøy får bli del av AutoPASS-ordninga, slik ordninga var tidlegare. Dette er viktig for dei det gjeld, for det skal framleis vera enkelt å ta ferje i Noreg, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
No får reisande utan køyretøy bli del av AutoPASS-ordninga for ferjer. Foto: Kjell Brataas/Samferdselsdepartementet
No får reisande utan køyretøy bli del av AutoPASS-ordninga for ferjer. Foto: Kjell Brataas/Samferdselsdepartementet

Etter at regjeringa bad Vegdirektoratet sjå på regelverket for AutoPASS på ferjer, kom direktoratet med eit framlegg til å oppretta eit eige AutoPASS ferjekort for personreiser, som ein første delleveranse. Samferdselsdepartementet endrar no regelverket slik at ordninga kan innførast.

- Når AutoPASS for ferje vart innført frå årsskiftet, var det ikkje intensjonen at folk skulle oppleve eit dårlegare tilbod. På den bakgrunn har eg teke fleire initiativ for å auke fleksibiliteten. Vi kjem til å levere dette fortløpande gjennom denne hausten, seier Dale.

Før sommaren gav departementet Vegdirektoratet i oppdrag å sjå på utforminga av takstregelverket, med sikte på justeringar av korleis regelverka fungerer. Siktemålet er å finna løysingar slik at vilkåra for å oppnå rabatt skal vere like god tidlegare ordningar.

Samferdselsministeren peikar på at det er bede om ei løysing slik at idrettslag og i framtida kan reisa slik dei gjorde tidlegare. Utover første delleveranse med eige personkort for personar, er direktoratet bede om å sjå på ordningar for mellom anna forskottsbetaling for næringslivet.

- Eg har forsikra meg om at dette arbeidet har høg prioritet i vegdirektoratet, slik at folk så raskt som råd får betre tenester enn i dag, seier samferdselsministeren.

Nøkkelord

Bilder

No får reisande utan køyretøy bli del av AutoPASS-ordninga for ferjer. Foto: Kjell Brataas/Samferdselsdepartementet
No får reisande utan køyretøy bli del av AutoPASS-ordninga for ferjer. Foto: Kjell Brataas/Samferdselsdepartementet
Last ned bilde

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye