Eit desentralisert Statens vegvesen for framtida
24.6.2019 17:31:23 CEST | Samferdselsdepartementet | Pressemelding
Statens vegvesen har lagt retningslinjene for statlege arbeidsplassar til grunn for arbeidet med lokaliseringa av divisjonskontora.
Den største endringa kjem i Oslo, der talet på tilsette i Vegdirektoratet, øvste nivå i Statens vegvesen, vil reduserast betydeleg. Av dei tilsette i divisjonane er det berre dei som har oppgåver med stadleg binding til Oslo som vert lokalisert i hovudstaden.
Vidare vert det regionale leddet av dei to divisjonane Veg og Transport og samfunn lokalisert der dagens regionvegkontor er plassert: Leikanger, Bodø, Molde, Lillehammer og Arendal. Dette leddet vil sørge for god samhandling mellom lokale og regionale aktørar og styresmakter på ein god måte.
- Vi sørger med dette for at Statens vegvesen framleis er på plass i heile landet. Vi bygger òg vidare på eksisterande fagmiljø. Med ein samferdselssektor i enorm utvikling og eit mål om mest mogleg igjen for pengane, er vi avhengige av at "det nye Statens vegvesen" fortsatt er i stand til å levere god og effektiv vegbygging, seier samferdselsministeren.
Imponert over dei tilsette
Statens vegvesen står i fleire store endringar samstundes. Administrasjonen av fylkesvegane og tilsette skal overførast til fylka. Det er kartlagt at Statens vegvesen har brukt om lag 1850 årsverk på å forvalte fylkesvegane på vegne av fylka. Denne overføringa skal vere på plass innan 1. januar 2020.
Vegvesenet jobbar òg med ny struktur på trafikant- og køyretøyområde, der dei foreslår å redusere talet på trafikkstasjonar. For å kunne oppretthalde eit godt tilbod i heile landet treng regjeringa fleire konkrete forslag for korleis innbyggarane skal få eit best mogleg tilbod. Difor har samferdselsministeren bede Statens vegvesen om ytterligare vurderingar av avbøtande tiltak der ny struktur gir lengre reiseveg for publikum. I tillegg kjem denne omorganiseringa.
- Endringane har mykje å bety for mange menneskje. Eg er særs imponert over måten dei tilsette og leiinga har takla desse prosessane. Eg trur og håpar alle kjem styrka ut av desse endringane og vil vere stolt av sin arbeidsplass og i åra som kjem, seier Dale.
Fordeling av kontora
Dei nye divisjonshovudkontora er fordelt slik på dei ulike stadene:
Tromsø – Divisjon Veg
Trondheim – Divisjon Transport og samfunn
Bergen – Divisjon Utbygging
Arendal – Divisjon Trafikant- og køyretøy
Drammen – Divisjon IT
Moss – Divisjon Fellesfunksjoner
Det regionale leddet av dei to divisjonane Veg og Transport og samfunn vert lokalisert der dagens regionvegkontor er plassert: Leikanger, Bodø, Molde, Lillehammer og Arendal. Dette leddet vil sørge for god samhandling mellom lokale og regionale aktørar og styresmakter på ein god måte.
Hele omstillinga skal i utgangspunktet vere gjennomført innan utgangen av 2022.
Bilder
Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Ni av ti tog var i rute i mai og rekord i antall togreiser for andre år på rad3.6.2026 07:15:00 CEST | Pressemelding
Mai i år har vært ekstra skjønn for jernbanen med rekordhøy punktlighet, der 90 prosent av togene har vært i rute. For andre år på rad ble det også i 2025 satt ny rekord i antall togreiser.
Ny bru over rv. 70 ved Fale i Sunndal i Møre og Romsdal kan stå klar i 202822.5.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen inviterer i dag til konkurranse om å bygge ny bru over Driva ved Fale i Sunndal kommune.
Revidert nasjonalbudsjett 2026: Meir pengar til vedlikehald av riksvegane våre12.5.2026 12:01:09 CEST | Pressemelding
Regjeringa held fram med satsinga på vedlikehald av riksvegane, og foreslår å auke løyvinga til drift og vedlikehald med 603,3 millionar kroner. Med dette vil løyvinga auke til 12 milliardar kroner i 2026.
Revidert nasjonalbudsjett 2026: 150 millionar kroner i kompensasjon til godstogselskap12.5.2026 11:49:38 CEST | Pressemelding
Tryggleik for næringlivet er heilt sentralt i regjeringas plan for Noreg. Det gjeld også ved uføresette hendingar. Derfor foreslår regjeringa å løyve 150 millionar kroner i kompensasjon til godstogselskap. Pengane skal dekkje økonomiske tap etter kvikkleireskredet som ramma Nordlandsbanen ved Levanger i august i fjor.
Regjeringen fortsetter å rydde opp: Forskrift om internkontroll i drosjenæringen11.5.2026 15:28:31 CEST | Pressemelding
Samferdselsdepartementet har fastsatt en ny forskrift om internkontroll i drosjenæringen. Fra 1. juli 2026 må drosjesentralene sørge for at det blir innført og utført internkontroll i både egen virksomhet og i de tilknyttede løyvehavernes virksomhet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
