Samferdselsdepartementet

No kan du søkje midlar til lokale trafikktryggleikstiltak i 2019

Del
– Lokalt trafikktryggleiksarbeid er ein svært viktig del av arbeidet for auka trafikktryggleik. Tilskotsordninga for lokale trafikktryggleikstiltak skal bidra til å styrkje lokalt trafikktryggleiksarbeid i regi av frivillige organisasjonar, interessegrupper, kommunar og andre lokale aktørar, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Foto: Heggø
Foto: Heggø

I 2019 deler Samferdselsdepartementet ut fire millionar kroner til lokale trafikktryggleikstiltak.

Søknadsfristen er 1. april 2019.

Lokalt trafikktryggleiksarbeid er viktig Det norske trafikktryggleiksarbeidet er tufta på samarbeid. Lokale initiativ og bidrag er svært viktige om vi saman skal klare å redusere talet på omkomne og skadde i trafikken. Alle som har eit godt lokalt prosjekt som kan gjere trafikkvardagen tryggare, oppfordras til å søkje om midlar.

I vurderinga av søknadene blir følgande vektlagt:

  • Om tiltaket bidreg til det nasjonale målet om reduksjon av drepne og hardt skadde i trafikken.
  • De som søkjer må ha kunnskap om lokale trafikktryggleiksutfordringar og -behov, og forståing for kva målgrupper, eller ulykkestyper tiltaket retter seg mot.
  • Det blir lagt vekt på om prosjektet er basert på samordna innsats frå fleire aktørar.
  • Tiltak retta mot barn og ungdom blir prioritert, samd prosjekt som stimulerer til stor grad av eigenaktivitet og frivillig arbeid.

Tildelingskriterier Alle kan søkje om tilskot til lokale trafikktryggleikstiltak. Tilskotsordninga er likevel i utgangspunktet ikkje meint til å finansiere tiltak knytt til lønnskostnader, ordinær drift og administrasjon. Den er heller ikkje meint å finansiere større kommunale prosjekt. Konkrete lokale tiltak som bidrar til å nå måla for ordninga vil difor prioriteras.

Søknaden skal som eit minstekrav gje opplysningar om:

  • Mål for det lokale prosjektet, inkludert kva for lokale utfordringar og målgrupper tiltaket er retta mot
  • Kva resultat søkjaren forventar at prosjektet vil få
  • Framdriftsplan
  • Finansieringsplan der det går fram kva tilskotet skal dekkje, samd spesifisert bidrag frå eventuelle andre aktørar.
  • OBS! Ved søknad om tilskot til tiltak på vegnettet utover ansvarsområdet til søkjaren, må det liggje føre tillating frå vegeigar.

Søknadar som ikkje inneheld desse krava vil ikkje bli vurdert.

Som en hovudregel er øvre grense for tildeling av tilskot 500.000 kr. Tilskotsordninga er ikkje rettsbasert. Søkjer har difor ikkje krav på tilskot sjølv om alle vilkår er oppfylt.

Tilskot skal som ein hovudregel nyttast i 2019.

Søknader blir handsama først etter utløp av søknadsfristen. Siste frist for å søkje for 2019 er 1. april.

Søknaden skal sendes til Samferdselsdepartementet

Les meir om ordninga, og korleis du kan søkje her.

Se kva for tiltak som fikk tildelt midlar i 2018.

Bilder

Foto: Heggø
Foto: Heggø
Last ned bilde

Lenker

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye