Løyve til bygging og drift av 132 kV dobbeltkurs kraftleidning mellom Dyrløkke og Tegneby
Den nye leidninga skal erstatte noverande 50 kV leidning. Vestby kommune og Akershus fylkeskommune har kome med motsegn og konsesjonen er ikkje endeleg før motlegga er handsama av Olje- og energidepartementet.
NVE meiner anlegget er viktig for å styrke nettkapasiteten og for å oppretthalde ei sikker og stabil straumforsyning i den aktuelle regionen.
NVEs vedtak er grunngitt ut frå omsyn til forsyningssikkerheit og at kapasiteten på eksisterande leidning er fullt utnytta på dagar med høgt energiforbruk. Forbruket er i hovudsak drive fram av stor utbyggingsaktivitet i Vestby, og prognosar viser at maksimalforbruket fortsatt vil auke dei næraste åra.
Den nye leidninga skal byggast i traseen til eksisterande leidning mellom Dyrløkke og Kleiver og mellom Gjølstad og Tegneby. Mellom Kleiver og Gjølstad skal ledninga leggast i ny trasé på vestsida av og parallelt med E6. Omlag fem km av eksisterande 50 kV leidning på austsida av E6 skal fjernast og traseen tilbakeførast. Samla vil leidninga omfatte omlag åtte km ny trasé, medan 12 km vert etablert i eksisterande kraftleidningstrasé.
Etter NVEs oppfatning vil ledninga med den valde traseen kunne bli godt synleg frå E6, der den vil verte parallellført i ny trasé, men elles vil den få avgrensa verknader for allmenne interesser som friluftsliv, naturmangfald og kulturminner. Fordelane ved auka nettkapasitet og forsyningssikkerheit vert vurdert som større enn ulempene for miljø- og arealbruksinteresser.
Les meir om kraftleidninga mellom Dyrløkke og Tegneby.
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Siv Sannem Inderberg, tlf. 90 19 30 08
Seniorrådgiver Arne Anders Sandnes, tlf. 22 95 92 72 eller 95 04 47 58
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE har fastsett utgreiingskrav for ny kraftleidning mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger2.7.2025 15:16:17 CEST | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for ny kraftleidning i Kvinnherad, Ullensvang og Kvam kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.
NVE anbefaler tillatelse til nytt kraftverk i Sarpsfossen27.6.2025 14:00:50 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Hafslund Produksjon AS og Sarpsfoss Limited får tillatelse til å bygge Sarp 2 kraftverk i Sarpsfossen, med strenge krav til å håndtere naturfare.
NVE tilrår tiltak for å ivareta fisken i Finndølavassdraget26.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
NVE tilrår minstevassføring heile året i Bondøla. Bondøla er eit viktig sidevassdrag til Finndøla, med potensielle gyte- og oppvekstområde for storaure og sik frå Fyresdalsvatnet.
NVE fastsetter utredningsprogram for reindrift og nett i Finnmark25.6.2025 15:49:53 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat har nå fastsatt utredningskrav om reindrift for de 11 vindkraftsakene i Finnmark. Samtidig er det satt krav til hva som må utredes for to kraftledninger i fylket.
NVE gir Bjørøya AS overtredelsesgebyr på tre millioner kroner24.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat gir gebyret til Bjørøya AS for å med forsett ha bygget elektriske anlegg uten nødvendig tillatelse. Dette er en av flere saker det siste året hvor NVE gir gebyr for ulovlig utbygging av kraftnett.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom