Presseinvitasjon: Røe Isaksen held rådsmøte om industriell digitalisering på Kongsberg

Del
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen og Toppleiarforum for digitalisering i industrien samlast på Kongsberg 30. oktober. Tema for møtet er korleis norske industribedrifter kan følgje opp tilrådingane frå regjeringa sitt digitale ekspertutval (Digital21).

Toppleiarforumet er eit nasjonalt råd med toppleiarar frå førande norske industriverksemder, akademia og partane i arbeidslivet. I forumet drøftar leiarane kva moglegheiter og utfordringar digitalisering skapar for norsk industri, dei deler erfaringar og tilrår politiske tiltak. Forumet tek utgangspunkt i sentrale tema frå Industrimeldinga (Meld St. 27 (2016-2017) Industrien – grønnere, smartere og mer nyskapende).

-Digitaliseringa gir eit mangfald av muligheiter for industrien. Det utfordrar både måten verksemda opererer på og korleis politikken innrettast. Samtidig er nettopp handteringa av komplekse industriprosjekter ein av dei fremste eigenskapane til norsk industri i dag, særlig representert ved industrien på Kongsberg. Eg ser difor framt til besøket i Kongsberg, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Digital21 la nyleg fram rapporten "Digitale grep for norsk verdiskaping" med tilrådingar for digitalisering i næringslivet. På Kongsberg vil næringsministeren og toppleiarane drøfte rapporten frå industrien sin ståstad og næringsministeren vil ta imot forumet si samla tilråding.

Program:

1030-1120: Besøk hos fagskulen Tinius Olsen

1130-1200: Besøk hos TechnipFMC med minimesse med lokale bedrifter

1210-1250: Besøk i TechnipFMC sin verkstad saman med K-tech, Kongberg-industrien sitt felles kompetansesenter for opplæring av lærlingar

1300-1500: Møte i Toppleiarforum for digitalisering i industrien

Pressa er velkomne på besøka og på oppstarten av møtet med Toppleiarforumet.

Toppleiarforumet har følgjande medlemmar:

  • Alexandra Bech Gjørv, adm. dir.konsernsjef i SINTEF
  • Gunnar Bovim, rektor NTNU
  • Stein Lier-Hansen, adm. dir. i Norsk Industri
  • Jørn Eggum, leder i Fellesforbundet
  • Hans Erik Vatne, teknologidirektør i Norsk Hydro
  • Ann-Christin Andersen, Chief digital Officer i TecnhipFMC
  • Lars Stenerud, adm. dir. i Plasto
  • Anne Marit Panengstuen, adm. dir. i Siemens Norge
  • Olav Tronrud, adm. dir. i Tronrud Engineering
  • Morten Brandtzæg, konsernsjef Nammo
  • Håvard Sætre, adm. dir. i Optimar
  • Elisabeth Grieg, styreleder i Grieg Star
  • Mikael Makinen, president i Rolls-Royce Marine

Kontakter

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye