Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Ikkje løyve til Storeflåt kraftverk

Del
NVE seier nei til søknad frå Småkraft AS om løyve til bygging av Storeflåt kraftverk i Tinn kommune i Telemark, av omsyn til raudlista artar og naturtype med stor verdi.

Storeflåt kraftverk var planlagd med ein installert effekt på 4,95 MW og ein årleg produksjon på 17,4 GWh.

Grunna store konfliktar med naturverdiar vart søknaden avslått utan høyring. Grunngjevinga for avslaget er at tiltaket vil ha negative konsekvensar for ei svært viktig bekkekløft med ei rekkje raudlista artar. Bekkekløfta er vurdert som ei av dei viktigaste i regionen.

Etter NVEs syn vil ei utbygging ikkje vere i samsvar med Olje- og energidepartementet sine retningslinjer for løyve til småkraftverk. Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan vegast opp med avbøtande tiltak.

NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Storeflåt kraftverk.

Les meir om Storeflåt kraftverk på NVEs nettstad.

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 eller 90198216
Avdelingsingeniør Kristine Naas, tlf. 22 95 97 66.

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye