Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Tellenes vindkraftverk

Del
NVE gjev Tellenes Vindpark DA løyve til å byggje og drive Tellenes vindkraftverk med tilhøyrande infrastruktur i kommunane Sokndal og Lund i Rogaland. Anlegget vil gje ein kraftproduksjon på inntil 520 GWh, noko som tilsvarar forbruket til rundt 25 000 husstandar.

Tellenes vindkraftverk vil bidra til å oppfylle regjeringa sine plikter knytt til EUs fornybardirektiv. Vindkraftverket vil også kunne medføre positive økonomiske verknader for kommunane. Saman med dei andre planlagde vindkraftverka i området, vil dei økonomiske ringverknadane for regionen bli vesentlege, både i anleggs- og driftsfasen.  

Etter NVEs vurdering er dei samla fordelane ved anlegget større enn ulempene. NVE har lagt vekt på at det er gode vindforhold i planområdet.

Tiltaket kan saman med andre vindkraftverk i Rogaland og Vest-Agder medføre negative verknader for hekkande og trekkande rovfugl i regionen, men vil etter NVEs vurdering ikkje bidra til å svekke naturmangfaldet på sikt. Samanlikna med andre vindkraftverk i Noreg er dei negative verknadane av Tellenes vindkraftverk rekna som moderate.

NVE har fastsett ei rekkje vilkår til konsesjonen, som blant anna krav om dokumentasjon på nettkapasitet, utarbeiding av miljø-, transport- og anleggsplan, grenseverdiar for støy og skyggekast, tiltak for å sikre omsynet til drikkevasskjelder og tiltak knytt til nedlegging av anlegget.

Sjå konsesjon, oreigningsløyve, bakgrunnen for vedtaket og kart som viser vindkraftverket og nettilknyting på NVEs nettstad.

Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf 22 95 90 88
Førstekonsulent Erlend Bjerkestrand, tlf 22 95 92 98

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye