Helse Vest RHF

173 millionar kroner til forsking

Del

Samarbeidsorganet for forsking og innovasjon i Helse Vest deler ut 173 millionar kroner i forskingsmidlar til nye og vidareførte prosjekt.

Til fristen 15. september kom det inn 276 søknader, og 54 av desse får tildelt midlar. Itilegg får 165 stipendiatar og prosjekt vidareført si finansiering.

Hard konkurranse

Minst 75 prosent av forskingsmidlane i Helse Vest skal gå til prosjekt som søkjer på frie forskingsmidlar. Søknadane er vurdert etter vitskapleg kvalitet og klinisk nytte.

Også i år er det høg kvalitet på søknadane og hard konkurranse om midlane.

– Søknadene illustrerer forskingsfronten på fleire viktige felt og det er fortsatt dei store og sterke miljøa som kommer høgast på innstillinga, med nokre heiderlege unntak, seier Kåre Birkeland som har leia dei eksterne vurderingskomiteane.

Det er flest søknadar innan kreft og hjerne og nervesystem som får midlar. Nye tildelingar fordeler seg slik: 21 doktorgradsstipendiat, 14 postdoktorstipendiat, 14 prosjekt i open prosjektstøtte, 2 korttidsprosjekt og 3 utanlandstipend og/eller utviding postdoktorstipend.

Prosjekta som får forskingsmidlar 2021

Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon mellom Helse Vest, universiteta og høgskulen i regionen vedtok tildelinga på sitt møte torsdag 26. november. Alle søkjarar får tilbakemelding innan 17. desember.

Nøkkelord

Om Helse Vest RHF

Helse Vest RHF
Helse Vest RHF
Postboks 303 Forus
4066 Stavanger

+47 51 96 38 00https://helse-vest.no/

Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke.

Følg saker fra Helse Vest RHF

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Helse Vest RHF

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom