16 nye aviser har søkt mediestøtte i år
8.4.2022 09:59:23 CEST | Medietilsynet | Pressemelding

Totalt 163 aviser har i år søkt om produksjonstilskott, som er den største mediestøtteordninga hos Medietilsynet. Tilsynet skal fordele nær 390 millionar kroner i produksjonstilskott i 2022.
Av dei 148 avisene som fekk støtte i fjor, fekk Klassekampen mest, følgd av Bergensavisen, Dagsavisen og Vårt Land.
Støtta går til aviser i små marknader og alternativ til dei leiande avisene
Ordninga er meint for medium i marknader som er for små til å vere berekraftige, og for medium som er eit alternativ til dei leiande media i større marknader. Pengane blir fordelte mellom lokalaviser, vekeaviser og nasjonale nisjeaviser (alternativ til dei leiande nasjonale dagsavisene).
Produksjonstilskottet skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet. Støtteordninga er plattformnøytral og likestiller papir og nettaviser.
Kva for aviser som får støtte, og kor mykje, blir klart til hausten
For å få produksjonstilskott må avisa oppfylle ei rekke kriterium. Publikasjonen må blant anna ha som hovudformål å formidle nyheiter, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt til allmenta, i tillegg til å ha eit breitt tilbod av nyheits-, aktualitets- og debattstoff frå ulike samfunnsområde.
– Medietilsynet skal no vurdere kvar enkelt søkjar opp mot dei ulike kriteria for å sjå om publikasjonen er kvalifisert til å få støtte, seier Sekkelsten.
Dersom Medietilsynet kjem til at søkjaren fyller dei andre krava, blir det gjort ei vurdering av om krava til innhald er oppfylte. Kva for aviser som får støtte, og kor mykje kvar enkelt avis får, blir først klart til hausten etter at Medietilsynet har behandla alle søknadene. Da har også Kultur- og likestillingsdepartementet fastsett tilskotsbeløp og tilskotssatsar.
Her er dei 16 nye søkarane til produksjonstilskottet:
|
Søker |
Om avisa |
|
IT Avisen |
Nasjonal nettavis, eigd av Pollination Publishing |
|
Avisa Oslo |
Lokal nettavis, eigd av Amedia |
|
Document.no |
Nasjonal nettavis, i hovudsak eigd av Hans Rustad |
|
Filter Nyheter |
Nasjonal nettavis, eigd av Filter Media Norge |
|
Flatangernytt |
Lokal nettavis, eigd av Flatanger Media |
|
iHarstad |
Lokal nettavis, eigd av Amedia |
|
iLevanger |
Lokal nettavis, eigd av Trønder-Avisa |
|
Mitt Kongsvinger |
Lokal nettavis, eigd av Nye medier invest |
|
Rana.no |
Lokal nettavis, eigd av NU publishing og privatpersonar |
|
Randaberg 24 |
Lokal nettavis, eigd av Øyposten |
|
Resett |
Nasjonal nettavis, eigd av Staff-Gruppen, Datum Invest, Glencoe og privatpersonar |
|
Shifter.no |
Nasjonal nettavis, eigd av Digitally, Nikolaisen Media, E24 og andre aksjonærar |
|
Steinkjer24 |
Lokal nettavis, eigd av Polaris Media Midt-Norge |
|
Totens Blad |
Lokal nettavis, eigd av Mvl Media |
|
TV Vest AS |
Lokal tv-stasjon, eigd av privatpersonar og andre aksjonærar |
|
VårtOslo as |
Lokal nettavis, eigd av privatpersonar |
Sjå liste over alle som har søkt produksjonstilskott her (pdf)
Sjå liste over alle som har søkt produksjonstilskott her (excel)
Her kan du lese meir om støtteordninga produksjonstilskott for nyheits- og aktualitetsmedium
Fakta om produksjonstilskottet
- Medietilsynet fordeler produksjonstilskott kvart år. I år skal det fordelast om lag 390 millionar kroner. I 2021 ble det fordelt om lag 370 millionar kroner på 148 aviser.
- Produksjonstilskottet skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet, og blei fordelt første gongen i 1969.
- Ordninga er særleg retta mot medium i marknader som er for små til å vere berekraftige, og medium som er alternativ til dei leiande media i større marknader. Produksjonstilskottet skal korrigere for marknadssvikt for mindre nyheitsmedium og nummer to-medium i slike marknader.
- Ordninga er plattformnøytral og likestiller papir- og nettaviser.
- Når nye aviser søker støtte, vurderer Medietilsynet søkaren opp mot krava i forskrift om produksjonstilskudd til nyhets- og aktualitetsmedier om blant anna innhald, utgåver/opplag og driftsøkonomi.
Nøkkelord
Kontakter
Nina Bjerkekommunikasjonsrådgiver og pressekontakt
Tel:+47 419 34 154nina.bjerke@medietilsynet.noBilder

Om Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Nær 46 millionar i mediestøtte til samisk språk og kultur19.3.2026 10:23:51 CET | Pressemelding
Medietilsynet opnar nå for søknader om mediestøtte frå samiske nyheits- og aktualitetsmedium. I år skal det fordelast nesten 46 millionar kroner etter ny forskrift for støtteordninga.
Lagabui 46 miljovnna mediadoarjagis sámi gillii ja kultuvrii19.3.2026 10:23:08 CET | Pressemelding
Norgga Mediabearráigeahčču rahpá dál mediadoarjaga ohcamušaid sámi ođas- ja áigeguovdilis mediain. Dán jagi juogaduvvo measta 46 miljovnna ruvnno ođđa njuolggadusaid mielde doarjagiid birra sámi ođas- ja áigeguovdilis mediaide.
Medietilsynet: Design i sosiale medier legger til rette for overdreven bruk blant unge26.2.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Funksjoner og design i sosiale medier og andre digitale tjenester bidrar til hyppig og kontinuerlig bruk, en opplevelse av avhengighet og søvnmangel blant de unge, viser en ny rapport fra Medietilsynet.
Presseinvitasjon: Ny rapport fra Medietilsynet om unges bruksmønstre i sosiale medier25.2.2026 08:30:24 CET | Presseinvitasjon
Torsdag 26. februar presenterer Medietilsynet sin nye rapport "Fanget i feeden 1" på et arrangement i Oslo. Pressen er velkommen til å følge hele eller deler av arrangementet. Presentasjonen av rapporten blir strømmet.
Deler ut drøyt fem millioner kroner til medieforskning9.2.2026 07:50:00 CET | Pressemelding
Medietilsynet har fordelt 5,3 millioner kroner til forskning på medier og dataspill. Støtten til medieforskning blir fordelt på åtte forskningsprosjekter og seks mastergradsstudenter. Ett av prosjektene får støtte fra regjeringens handlingsplan mot spilleproblemer.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
