Ho utviklar framtidas biostatistikk

– Det er ein tendens til berre å nytte enkle statistiske metodar. Det er synd, for det utnyttar ikkje det fulle potensialet i dataa, seier professor i biostatistikk Sylvia Richardson.
Saman med forskingsgruppa ved Cambridge University utviklar ho nye statistiske modellar for å forstå prosessar som genererer store datasett.
Spørsmålet hennar er enkelt: Korleis heng ulike biologiske prosessar saman og påverkar helsa vår?
1. september vart Richardson utnemnt til æresdoktor ved Universitetet i Oslo. I tida framover skal ho mellom anna samarbeide med norske statistikarar og brystkreftforskarar for å få endå meir ut av dei store databasane deira.
– Målet er at betre statistiske modellar skal bidra til å gjere klassifiseringa av brystkreftpasientar meir relevant for behandlinga dei får, forklarar Richardson.
Komplekse data
Ambisjonane set høge krav til algoritmar og komplekse analysar. Databasane inneheld mykje støy, samt mange koplingar som ikkje er relevante. Modellane må også handtere at statiske data om genetikk vert sett saman med dynamiske data om helsa til folk.
I arbeidet nyttar Richardson og kollegaene hennar såkalla Bayesianske metodar til å modellere data.
Dei startar med ein algoritme som inkluderer premissar og hypotesar. Når modellen møter datasettet, gir resultatet både eit oversiktsbilete og ei betre forståing for det forskarane endå ikkje veit.
– Det er ein svært fleksibel metode som unngår overforenkling av forskingsspørsmåla. Den gir ingen enkle predikasjonar, men gjer at vi lærer meir om datasettet og kan stille endå betre spørsmål i neste runde, forklarar biostatistikaren, som sjølv har bidrege stort til utvikling av fagfeltet.
Statistikk for alt
Dei siste to åra har Richardson delteke i forskingsprosjekt som omhandlar mental helse, sjeldne blodsjukdomar, autoimmune sjukdomar og lungekreft. Kollegaene hennar ved Cambridge arbeider med epidemiologi og folkehelse i tillegg til genomikk og utvikling av legemiddel. Tidlegare arbeidde Richardson med statistikk for geografiske data.
– Statistikk er som eit mikroskop. Det er eit verktøy for oppdagingar, kommenterer ho.
– Er det ingen grenser for kva statistikk kan brukast til?
– Nei, ingen grenser, svarar Richardson. – Det er fordi vi kan nytte dei same prinsippa for å modellere folkehelse og biologiske prosessar. Statistikken gjer at vi kan sortere støy frå det som er relevant, samt forstå variasjon og usikkerheit. Ideane bak metodane er like sjølv om datasetta er ulike.
Vil forstå, ikkje føresjå
Ei rekke private selskap utfører analysar for å gi enkle svar om helse og livsstil og kva individet kan vente i framtida.
Det er berre eit fåtal sjukdomar som har ein sterk genetisk komponent. Dei fleste sjukdomane er resultatet av eit komplekst samspel mellom genetisk variasjon, miljø og livsstil. Richardson er skeptisk til verdien av prøveresultat som gir bastante predikasjonar.
– Eg trur ikkje det å føresjå framtida burde vere vårt viktigaste fokus. Det er ikkje det som fascinerer meg. Eg vil først og fremst forstå kva som skjer i kroppen, seier ho.
Reproduserbar forsking
Richardson trekk fram fleire fordelar med store databasar for helseforsking.
– Ein fordel med store datamengder er at vi får høve til å evaluere modellane våre. Vi kan bruke halve datasettet til å finslipe modellen og algoritmen, og så teste om dei held vatn på den andre halvdelen, seier ho.
Forskingsresultata frå slike datasett er som oftast også meir pålitelege enn enkeltstudiar. I Storbritannia har ein halv million menneske donert genetisk materiale og data om seg sjølv i over ti år (UK Biobank), ei gullgruve for statistiske modellar som koplar saman risikofaktorar for å betre folkehelsa i landet.
– Satsinga har også hjelpt til å diskreditere tilfeldige resultat frå små enkeltstudiar. Stordata bidreg til å gjere forskinga reproduserbar, seier Richardson.
– Vel statistikk
Ei stor utfordring er at det ikkje er nok biostatistikarar.
– Eg vil oppmode unge studentar til å velje statistikk. Det er ein veldig morosam jobb der du både får utfordra hjernen og samarbeida med mange ulike ekspertar, seier Richardson og avsluttar med eit sitat av sjeføkonom Hal Varian i Google:
– Statistikk vil bli den mest sexy jobben i framtida.
Nøkkelord
Kontakter
Wenche WillochRedaktør, Titan.uio.no
Tel:+4798203122wenche.willoch@mn.uio.noBilder

Lenker
Om UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Sem Sælands vei 24
0371 Oslo
22 85 56 00http://www.mn.uio.no/
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet har ein lang og stolt tradisjon innan forsking og undervising i dei klassiske realfaglege disiplinane. Fakultetet si verksemd dekkjer også eit breitt spekter av tverrfagleg forsking og ligg i front i Europa på fleire område.
Følg våre forskingsnyheiter på Titan.uio.no, som også er på Facebook og Twitter, eller abonner på nyheitsbrevet.
Følg pressemeldinger fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Nå er meitemarken giftig, ifølge ny definisjon27.6.2025 13:00:38 CEST | Pressemelding
Mygg, hagesnegler og bladlus: Hagen er full av giftige dyr!
TRUST blir nasjonalt senter for kunstig intelligens – tildeles midler av Norges forskningsråd11.6.2025 13:43:27 CEST | Pressemelding
Norges forskningsråd har i dag offentliggjort hvilke miljøer som får status som nasjonale forskningssentre for kunstig intelligens (KI). Blant de utvalgte er TRUST – The Norwegian Centre for Trustworthy AI – som nå får betydelig støtte for å bygge opp et nasjonalt forskningssenter med kjernen av senteret i Oslo Science City. TRUST skal ledes av Universitetet i Oslo (UiO), SINTEF og Norsk Regnesentral og vertskap for senteret blir dScience ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultetet ved UiO.
Norge må delta i kvantekappløpet3.2.2025 09:50:19 CET | Pressemelding
Kvanteteknologi vil endre verden, og påvirke vesentlige samfunnsfunksjoner. Norges ledende fageksperter anbefaler nå landets politikere å utarbeide en nasjonal strategi for kvanteteknologi.
Derfor gjør julelukter oss så glade20.12.2024 09:00:00 CET | Aktuelt
Lukt er spesielt effektivt for å hente fram gamle minner. Hva er det som skjer i hjernen når vi lukter?
EUs største genomprosjekt – “Genome of Europe (GoE)” – er lansert20.11.2024 10:00:00 CET | Pressemelding
• GoE-prosjektet er satt i gang som svar på den raskt voksende bruken av genetiske data i forskning og pasientbehandling. I dag mangler man et godt sett med referansedata for fullstendige genomer, kalt helgenomer, fra den europeiske befolkningen. • Prosjektet har utspring i 1+MG-initiativet, der mange europeiske land ønsker å dele genomdata for minst én million mennesker, både innen sykdomsgrupper og friske. • Oppstartsmøtet for Genome of Europe (GoE) fant nylig sted 30. –31. oktober i Rotterdam, Nederland.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom