NVE gjev ikkje løyve til småkraftverk i Kviteseid
Ei utbygging av småkraftverket ville etter omsøkt plan gje om lag 5,4 GWh per år. Dette svarar til straumbruken til om lag 270 husstandar. Produksjon er i nedre sjikt av kva som er vanleg for småkraftverk. Utbyggingsprisen vil etter NVE si berekning ligge på omlag 8,35 kr/kWh, som er ein høg pris for små vasskraftverk. Tiltaket vil også medføre store inngrep i terrenget, med inntak, overføringar, regulering og røyrgate som er teknisk sett krevjande å gjennomføre.
Kvennåi kraftverk var planlagt med eit inntak i Fisktjønnbekken og eit inntak i Mjaugedalsåi. Det var òg søkt om overføring av Nystaulbekken og om regulering av Nusstjørn på åtte meter. I vedtaket har NVE lagt vekt på at kraftverket er planlagt i eit område som er anleggsteknisk svært krevjande, og at tiltaket er eit dyrt prosjekt.
Dei anleggstekniske utfordringane som følgjer av terrenget i tiltaksområdet og kostnadene forbunde med ei realisering, gjer at det etter NVEs vurdering ikkje er føremålstenleg å bygge kraftverket. Det planlagte tiltaket omfattar også store inngrep i naturen sett i forhold til ein relativt liten mengde kraftproduksjon. NVE meiner skadar og ulemper er større enn nytta av tiltaket, og gjev difor ikkje løyve til bygging av Kvennåi kraftverk.
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt: tlf. 901 98 216
Sakshandsamar Sissel Jakobsen: tlf. 22 95 90 98
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE gir løyve til å bygga ein testturbin i Gulen3.7.2025 13:27:41 CEST | Pressemelding
Selskapet Georgine Wind AS får løyve til å sette opp ein vindturbin i eit industriområde i Gulen kommune. Dette er eit testprosjekt der målet er å bidra til teknologiutvikling for havvind.
NVE har fastsett utgreiingskrav for ny kraftleidning mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger2.7.2025 15:16:17 CEST | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for ny kraftleidning i Kvinnherad, Ullensvang og Kvam kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.
NVE anbefaler tillatelse til nytt kraftverk i Sarpsfossen27.6.2025 14:00:50 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Hafslund Produksjon AS og Sarpsfoss Limited får tillatelse til å bygge Sarp 2 kraftverk i Sarpsfossen, med strenge krav til å håndtere naturfare.
NVE tilrår tiltak for å ivareta fisken i Finndølavassdraget26.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
NVE tilrår minstevassføring heile året i Bondøla. Bondøla er eit viktig sidevassdrag til Finndøla, med potensielle gyte- og oppvekstområde for storaure og sik frå Fyresdalsvatnet.
NVE fastsetter utredningsprogram for reindrift og nett i Finnmark25.6.2025 15:49:53 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat har nå fastsatt utredningskrav om reindrift for de 11 vindkraftsakene i Finnmark. Samtidig er det satt krav til hva som må utredes for to kraftledninger i fylket.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom