Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Folkemøte om tre konsesjonssøknader om vindkraftverk i Gulen

Del
NVE arrangerar offentleg møte om Dalsbotnfjellet, Sandøy og Brosviksåta vindkraftverk på Eivindvik Fjordhotell, måndag 16. januar kl. 19.00.

NVE har fått inn søknader med konsekvensutgreiingar om tre vindkraftverk i Gulen kommune i Sogn og Fjordane.

Zephyr AS planlegg eit vindkraftverk på inntil 150 MW, beståande av 30-50 vindturbinar i eit ca. 42 km2 stort område ved Dalsbotnfjellet. SAE Vind planlegg eit vindkraftverk på inntil 75 MW, beståande av 19-38 turbinar i eit planområde på ca. 11 km2 på Sandøy. SAE Vind planlegg også eit vindkraftverk på inntil 105 MW ved Brosviksåta, med 26-52 turbinar i eit ca. 15 km2 stort planområde. Tiltaka ved Brosviksåta og Dalsbotnfjellet omfattar også ein ny 132 kV kraftleidning frå vindkraftverka til eksisterande transformatorstasjon i Frøyset.

NVE arrangerer folkemøte om prosjekta på Eivindvik Fjordhotell måndag 16. januar kl. 19.00. På møtet vil NVE gjere greie for sakshandsamingsprosessen, og aktørane vil vere til stades og presentere dei ulike vindkraftprosjekta.

Søknadene, med utgreiingsprogram, er lagt ut på høyring. Fristen for å komme med merknader er måndag 12. mars 2012.   Søknadene er tilgjengelege på NVEs internettsider www.nve.no/vindkraft, og er lagt ut til offentleg gjennomsyn på kommunehuset i Gulen kommune.

For meir informasjon, kontakt;
Rådgjevar Tale Helen Seldal, tlf. 22 95 94 51

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye